Stortinget - Møte onsdag den 22. april 2009 kl. 10

Dato: 22.04.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Bård Hoksrud (FrP) [11:58:19]: «Autostrada AS i Skien har i ett år prøvd å få registrert en Cadillac Escalade begravelsesbil som er identisk med andre begravelsesbiler som er godkjent. På bakgrunn av byråkratisk uvillighet ved trafikkstasjonen i Skien nekter de å godkjenne bilen. Kravet nå er at forhandler må ha en krasjtest av bensintanken til ca. 150 000 kr for kanskje å få godkjent bilen. Dette går ut over kjøper.

Vil statsråden rydde opp i saken?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:58:48]: Ved godkjenning og registrering av køyretøy i Noreg må det leggjast fram dokumentasjon på at køyretøyet tilfredsstiller dei køyretøytekniske krava som me har i våre forskrifter. Krava kan gå fram av både EU-direktiv, ECE-regulativ eller det kan vere norske, altså nasjonale, krav.

For køyretøy som er EF-typegodkjende oppstår det sjeldan problem med å dokumentere at alle krava er oppfylte ved godkjenning. Godkjenning skjer på bakgrunn av dokumentasjon frå fabrikant, eventuelt ved framlegging av testrapport frå laboratorium. Merking av komponentar vil kunne erstatte papirdokumentasjon. For køyretøy som er produserte for land med andre tekniske krav enn det som gjeld i EØS-området, eksisterer det inga merking av dei enkelte komponentane som viser at dei tilfredsstiller europeiske krav, og fabrikanten vil normalt ikkje ha gjennomført testar som er nødvendige for å kunne dokumentere at europeiske krav er tilfredsstilte.

Det aktuelle køyretøyet er produsert for den amerikanske marknaden, og må difor byggjast om for å kunne tilfredsstille dei norske tekniske og avgiftsmessige krava til begravelsesbil. Etter det eg har fått opplyst frå Statens vegvesen, har det ikkje vorte lagt fram tilfredsstillande dokumentasjon, verken frå fabrikant eller laboratorium, på at køyretøyet oppfyller dei krava me set til denne typen køyretøy i Noreg.

Statens vegvesen har opplyst at dei er kjende med at eit tilsvarande køyretøy tidlegare er godkjent som gravferdsbil. Eg har difor sagt at Vegdirektoratet skal innhente informasjon for å sjå nærare på denne saka, slik at same praksis vert følgd. Sjølv om dette køyretøyet har fått godkjenning, må eg likevel understreke at enkeltgodkjenning av eit bestemt køyretøy ikkje inneber at andre tilsvarande køyretøy kan godkjennast utan tilfredsstillande dokumentasjon.

Etter det eg har fått opplyst, er det lagt fram ny dokumentasjon for køyretøyet utan at sakshandsamande region har kunna godkjenne denne dokumentasjonen heller. Vegdirektoratet har så langt ikkje motteke klage på dette siste avslaget.

Eg har full tillit til at Vegvesenet følgjer opp saka og handsamar ho etter dei reglane som gjeld.

Bård Hoksrud (FrP) [12:00:55]: Jeg er glad for statsrådens svar.

Dessverre er jeg litt lei meg, for dette er ikke noen enestående sak i regi av Statens vegvesen. Vi opplever til stadighet at Statens vegvesen og kontrollstasjoner opptrer som en stat i staten, og er mest opptatt av å finne problemer istedenfor faktisk å være problemløsere. Jeg synes det er litt spesielt, for hvis denne bilen hadde blitt registrert som en syvseter, hadde det vært helt i orden, og hvis den hadde blitt registrert som en varebil, ville den blitt godkjent på timen, men fordi det skal være en kiste i bakrommet, blir den ikke godkjent. Det er heller ikke slik som statsråden sier, at denne bilen er forsøkt godkjent etter de andre bilene – denne bilen har vært på Biltilsynet flere ganger og lenge før noen av de andre bilene som har fått dokumentasjon og godkjenning. Jeg har faktisk her dokumentasjon som viser at denne bilen har like mye dokumentasjon på godkjenning som andre biler som er godkjent. Det kan vel ikke være sånn at det skal være forskjell på få registrert en bil i Telemark, i Finnmark eller i Møre og Romsdal, eller i andre deler av landet. Det må være likhet for loven over hele landet.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:02:07]: Det er den same lova som gjeld i heile landet, og som eg sa i mitt hovudsvar, har eg gitt beskjed om at ein då må søkje å vurdere desse godkjenningane i samanheng, slik at krava vert like. Men eg må rette meg etter den informasjonen eg får, og kan ikkje her i stortingssalen gå inn i ein polemikk om kva som er gjort og ikkje gjort. Eg har fått opplysningar frå Statens vegvesen, og eg har gitt melding om at ein må sjå desse tinga i samanheng. Vegdirektoratet har jo ein koordinerande funksjon og har slik sett moglegheit til å gå inn og sjå om dei ulike regionane har lik praksis – noko dei skal ha. Sjølvsagt skal dei det. Folk skal ha same rettskrav og same likebehandlingskrav anten ein er i den eine eller andre regionen i landet. Det er det viktig for meg å understreke. Eg skal sjølvsagt sjå til at den biten vert følgd opp, men utover det er det ikkje mogleg for meg å gå inn i ein diskusjon om kva type dokumentasjon som er framlagd, for det vert for teknisk i dette forumet.

Bård Hoksrud (FrP) [12:03:12]: Jeg er glad for at statsråden sier det hun sier nå. Statsråden skal få dokumentasjonen med etterpå, og jeg håper at hun innen veldig kort tid vil sørge for å rydde opp i dette, slik at denne bilen nå blir godkjent. Dette rammer en uskyldig tredjeperson som ønsker å drive næringsvirksomhet, men som altså ikke får muligheten til det. Å pålegge én bil en krasjtest til 150 000 kr, mens man har godkjent mange biler av akkurat samme type, blir jo helt meningsløst, også når vi har dokumentasjon på at biler har blitt godkjent med langt mindre dokumentasjon. Noe av utfordringen er at hvis man først kommer til én trafikkstasjon, får man ikke lov til å reise til en annen trafikkstasjon som ville ha godkjent den bilen. Da må man være på den trafikkstasjonen hvor man møter et håpløst byråkrati som gjør at man ikke får ryddet opp i dette. Jeg håper at statsråden nå sørger for å rydde opp i dette til beste for den næringsdrivende som ønsker å få drive næringsvirksomheten sin, sørger for at denne bilen får skilter som alle andre biler – som den ville ha fått hvis den bare hadde hatt syv seter eller vært registrert som varebil istedenfor som begravelsesbil.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:04:19]: Eg ber om forståing for at eg som sagt ikkje kan gå inn i enkeltelement i denne saka, for det er ikkje mogleg. Då vert det eine ordet ståande mot det andre. Det eg vil gjere, er å undersøkje om det er likebehandling. Er det likebehandling, og det ikkje er lagt fram tilfredsstillande dokumentasjon, vel, så må den som søkjer, finne seg i å få fram den dokumentasjonen. Sånn er det. Det vil det vere i alle regionar, men dersom det er slik at den same bilen er godkjend før, må ein følgje dei same prosedyrane som me har gjort i andre regionar – og eg ventar at det vert gjort. Men utover det kan ikkje eg seie om det vil føre til at saka vert løyst, men i alle fall vert ho følgd opp.

Eg er oppteken av at me skal redusere byråkrati, og eg er oppteken av at folk flest skal føle at det er opne dører inn i det offentlege systemet, ikkje at det er unødvendige vanskar. Eg har dermed ikkje sagt at det er laga unødige vanskar her, for eg har ikkje moglegheit til å gå inn og samanlikne dei ulike elementa i denne saka. Det må fagfolka mine få gjere.