Arne Sortevik (FrP) [11:50:40]: Spørsmålet lyder:
«Jeg viser til omtale av vegtunnel til Arna, Arnatunnelen, i Regjeringens
forslag til NTP 2010–2019 på side 161. Det er gjennomført nødvendig planarbeid,
inklusive konsekvensanalyser for dette prosjektet. Ifølge Statens vegvesen kan
det anbefalte av flere trasévalg gjennomføres trafikkmessig med høy
samfunnsøkonomisk nytte og uten økning i transportarbeidet. Likevel må dette
prosjektet nå inngå i ny KS1 for regionpakke Bergen, mens andre prosjekter i
regionen slipper dette.
Hva vil statsråden gjøre for å få hurtigere realisering?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:51:33]: Alle som kjører bil i Bergen, har nok, som eg, sett at trafikksituasjonen i
byen ikkje er optimal. Vegane i Bergensområdet er ikkje dimensjonerte for all
trafikken. Det er likevel ikkje sikkert at løysinga på utfordringane i Bergen
alltid er å byggje fleire og breiare vegar. Ein ny veg mellom Arna og Bergen
vil ikkje nødvendigvis auke det totale transportarbeidet med bil, men det kan
føre til at trafikken vert flytt og til meir trafikk enkelte stader, som f.eks.
på den allereie hardt belasta Danmarksplass. Det er difor svært viktig at
transportbehovet og trafikksituasjonen i Bergensområdet vert sett i eit
overordna og heilskapleg perspektiv.
Eg trur det er fornuftig at vegprosjekt i byområde vert vurderte særskilt
grundig med tanke på at det slike stader ofte er tale om eit komplisert og
samanhengande trafikkbilete. Det er ikkje noko poeng å byggje ein ny vegtunnel
mellom Arna og Bergen om heile reisetidsgevinsten vert eten opp av auka trafikk
andre stader i Bergen. Difor er det viktigare for Regjeringa å byggje dei rette
vegane framfor å byggje så fort som mogleg.
Vegdirektoratet og Jernbaneverket har saman utarbeidd ei konseptutvalutgreiing
for sambandet mellom Bergen og Arna. Etatane kom fram til at det bør byggjast
ein ny jernbanetunnel før ein eventuelt byggjer ein vegtunnel gjennom Ulriken.
Utgreiinga er kvalitetssikra gjennom ein KS1-prosess av ein ekstern konsulent.
Konsulenten kom fram til at ein burde byggje veg framfor å utvide kapasiteten
på jernbanen på strekninga. Regjeringa valde å følgje etatane si anbefaling.
Eit avgjerande argument var at ein ny vegtunnel vil kunne gi ein monaleg
trafikkvekst i Bergen sentrum. Det er det ikkje plass til. Det er difor
naturleg at ein ny vegtunnel vert inkludert i ein kvalitetssikringsprosess der
heile Bergensregionen vert sett i samanheng.
Regjeringa har i Nasjonal transportplan priortert jernbanetunnel framfor
vegtunnel i perioden 2010–2019. Ein ny KS1 for vegtunnelen vil ikkje påverke
mogleg byggjestart for tunnelen.
Arne Sortevik (FrP) [11:53:38]: Takk for svaret.
Jeg er enig med statsråden i at det er om å gjøre å finne smarte løsninger. I
mitt hode er vegtunnel direkte fra Arna til Bergen en smart løsning, som
reduserer transportarbeidet i Bergensregionen betydelig. Fra omkjøring nord for
Bergen i dag på 24 kilometer og syd for Bergen på 22 kilometer kan vi altså da
kjøre direkte linje på 8 kilometer. Dette viktige vegprosjektets bedrøvelige
mangel på framdrift er et talende eksempel på at planprosessen knyttet til
moderniseringen av norsk transportnett nå har nådd nærmest et parodisk omfang.
Bergen bystyre og Hordaland fylkesting fattet beslutningen om utredning i
slutten av 2000, og vi har nå holdt på i nesten ni år. Når vi hører på en del
av svaret, at man faktisk har satt til side anbefalingen som er kommet gjennom
en ekstern kvalitetssikring om å bygge nettopp vegtunnel gjennom Ulriken, er
det grunn til å stille spørsmålet på nytt: Hva vil statsråden gjøre for å få
hurtigere realisering av Arnatunnelen?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:54:50]: Det er veldig klart sagt frå Regjeringa at me ynskjer at ein ny tunnel gjennom
Ulriken skal sjåast i samanheng med trafikken i Bergen sentrum. Då ligg ballen
hjå byrådet i Bergen, som, som sedvanleg, er negativ til alt som kjem frå
Regjeringa, og som sedvanleg sjølve ikkje er så ivrige etter å ta tak i det som
er deira ansvar, nemleg å sikre ei god planlegging, slik at dei køane som finst
i Bergen sentrum i dag, ikkje aukar, men vert reduserte.
Der ligg ballen. Byrådet bør ta tak i det, utgreie det og sjå Bergensregionen i
samanheng. Så vil den saka finne si løysing, der ein får eit heilskapleg system
og ikkje ei bit for bit-utbygging, som folk i Bergen ikkje ynskjer. Folk som
bur i sentrum i Bergen, folk som har sitt daglege virke i Bergen sentrum og
folk som skal trafikkere der, føler at trafikken er meir enn stor nok over
Danmarksplass i dag.
Arne Sortevik (FrP) [11:55:52]: Dette er både faglig og politisk feil!
Det faglige er at fagetaten anbefaler dette som et prosjekt som kan
gjennomføres i dag, også trafikalt. Næringslivet i regionen ønsker det.
Kommunene i regionen ønsker det. Det er utredet, og det kan igangsettes.
Det er også, med all mulig respekt for statsråden, politisk feil at det er
byrådet i Bergen som streiker. Det er grunn til å snu den problemstillingen
rundt og peke på at det faktisk er Regjeringen som opptrer på kant med lokale
myndigheter og regionale myndigheter. Man kjører frem enkelte prosjekter
faktisk uten å rådslå seg med og uten å informere byrådet i Bergen. Eksempelet
er Sotrasambandet, hvor man i går la frem en løsning som er i strid med det
Bergen satser på, nemlig tunnel. I dette eksempelet utsetter man å utrede mer
et prosjekt som Bergen ønsker å få realisert så fort som mulig. Jeg håper
fortsatt at statsråden vil jobbe for å få en hurtigere realisering av dette
viktige prosjektet.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:57:01]: Det er ingen motstand hjå statsråden mot å byggje ein tunnel. Eg har fått
veldig tydelege råd frå mine etatar, som går imot dette no, og seier at ein må
byggje ein jernbanetunnel fyrst. Då vil det vere kapasitet nok til å auke talet
på lokaltog mellom Bergen og Arna betydeleg, noko som vil bidra til å nå det
målet me har om å få både meir gods og folk frå veg til jernbane. I motsetning
til ein ny vegtunnel vil ein jernbanetunnel bidra til færre bilar på vegane, og
ikkje minst færre vogntog, inn mot Bergen og inn til sentrum av byen. Det er òg
ei viktig målsetjing for å få trivelege byar, der folk kan leve utan å verte
kvelte av biltrafikk.
Eg er positiv til utbetringa på E16 og fornyinga der, anten det gjeld
Arnatunnel eller noko anna, og vil jobbe for det. Eg har fått veldig klare råd
frå Statens vegvesen om kva som bør prioriterast fyrst her.