Stortinget - Møte onsdag den 24. mars 2010 kl. 10

Dato: 24.03.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Torkil Åmland (FrP) [11:23:40]: Jeg tillater meg å stille et spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«I Dagsavisen 18. mars i år er det en artikkel som viser at stadig flere kommuner blir gjeldsslaver. Ifølge SSB var kommunenes samlede gjeld ved utgangen av januar i år på 260 milliarder kr, en økning på 28 milliarder kr på ett år. Det er forventet at kommunenes situasjon vil forverre seg i årene fremover, blant annet som resultat av utviklingen i internasjonal økonomi og innstramninger nasjonalt.

Hvordan vurderer statsråden kommunenes økonomiske situasjon, og hvilke tiltak vil hun iverksette for å bedre denne?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:24:34]: Kommunesektoren si gjeld har auka dei siste åra. Høgare gjeld er likevel ikkje det same som dårlegare økonomi. Gjeldsauken speglar det høge investeringsnivået som kommunane og fylkeskommunane har hatt dei seinaste åra. Investeringane går til nye sjukeheimsplassar, fleire omsorgsbustader, nye skular og oppgradering av vegane, med andre ord ei ynskt satsing for å gi folk i hele landet eit betre velferdstilbod.

Tal frå Statistisk sentralbyrå for innanlandsk bruttogjeld viser at kommunesektoren hadde ei samla gjeld på vel 260 milliardar kr ved utgangen av januar i år. Dette talet gir likevel ikkje utan vidare uttrykk for gjeldsbyrda til kommunesektoren på ein god måte. Mest halvparten av gjelda er knytt til høve som ikkje, eller berre delvis, belastar kommuneøkonomien. Staten dekkjer renteutgiftene på lån innan kompensasjonsordningane for skule og kyrkjebygg. Innan sjølvkostregulerte område som vatn, avløp og renovasjon vert renter og avdrag dekte av gebyr som innbyggjarane betalar. Nokre av låna til kommunesektoren vert formidla vidare til privatpersonar og selskap, og kommunesektoren har heile tida ein del av dei samla låneopptaka ståande ubrukte på eigne konti.

I tillegg har kommunesektoren dei siste åra hatt ein sterk inntektsvekst, noko som gjer han betre i stand til å handtere ei høgare gjeld. Talet på kommunar og fylkeskommunar i økonomisk ubalanse ligg også på eit lågt nivå. Per mars 2010 er 51 kommunar oppførte i ROBEK. Tilsvarande tal ved utgangen av 2005 var 88 kommunar.

Det er den einskilde kommunen og fylkeskommunen som ut frå sine økonomiske føresetnader sjølv må vurdere kor stor gjeldsauke ein kan handtere. Kommunane og fylkeskommunane må òg ta høgde for at rentenivået vil kunne stige framover.

Kommunesektoren har fått ein monaleg inntektsvekst dei siste åra, noko som har gjort det mogleg med auka låneopptak. Trass i at det er naudsynt med ein noko strammare finanspolitikk framover, vil Regjeringa i tråd med Soria Moria-erklæringa i dei komande statsbudsjetta leggje opp til ytterlegare inntektsvekst for kommunesektoren.

Torkil Åmland (FrP) [11:26:52]: Jeg takker statsråden for svaret.

Det er likevel ingen tvil om at det er mange kommuner som sliter med stor gjeld. Det vises i oppslaget i Dagsavisen bl.a. til Austevoll kommune i Hordaland, som – paradoksalt nok – ligger på ROBEK-listen på grunn av store underskudd, men i kommunen har man store selskaper innen oppdrett, fiskeri og offshore, og man ligger på tiendeplass når det gjelder landets høyeste husholdningsinntekter. Etter at selskapsskatten falt bort, har kommunen et tap på minst 10 mill. kr i året, og det er mye penger for en liten kommune. Med inntektene fra selskapsskatten ville nok kommunen raskt være ute av ROBEK-listen. I 2009 ble den kommunale selskapsskatten helt avviklet. Det er et paradoks at kommuner med store kraftressurser kan få store inntekter av det, mens kommuner med andre typer ressurser ikke får noe glede av inntektene fra dem.

Mitt spørsmål er: Vil statsråden som et tiltak her vurdere å gjeninnføre ordningen der kommunene får tilbake iallfall deler av selskapsskatten, slik at kommunene i større grad kan få del i de verdiene som skapes i kommunene?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:27:54]: Avviklinga av selskapsskatten vart gjort fordi ein ynskte ei jamnare fordeling av inntekter og ein mindre uføreseieleg inntektsinngang til kommunesektoren enn den selskapsskatten gav. Den var sjølvsagt sterkt avhengig av resultata i dei selskapa som ein hadde skatteinntekter frå, og som me ikkje minst har sett det siste året, kan dei inntektene variere betydeleg. Kommunesektoren, som skal finansiere dei viktigaste velferdsgoda me har i samfunnet vårt innanfor helse, eldreomsorg, barnehage og skular, må ha føreseielege inntekter, og det er viktig at ein ikkje får store variasjonar i desse inntektene frå eit år til eit anna. Om det vil verte aktuelt å vurdere selskapsskatten på nytt, får min kollega i Finansdepartementet svare på – det er ikkje mitt område. Men pr. i dag er det ikkje eit tema som er til diskusjon.

Torkil Åmland (FrP) [11:28:59]: Jeg har lyst til å ta en litt annen side av dette også. Det har jo vært slik at det er innført mange reformer som har kostet kommunene dyrt. Et eksempel er barnehagereformen, som har vært dyr for mange kommuner, og hvor det også har vært en manglende finansiering fra statens side.

Har Regjeringen og statsråden noen oversikt over hvor stor del av denne gjelden som skyldes underfinansierte reformer?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:29:24]: Kommunesektoren har etter at den raud-grøne regjeringa kom til makta, hatt ei heilt anna inntektsutvikling enn han hadde dei føregåande åra, då det knapt nok vart dekt opp for demografi. I fleire år vart det ikkje dekt opp for demografi, og ein var altså nøydd til å kutte i tenester rundt om i landet. Me har hatt ein annan situasjon, ein større inntektsvekst, og me har òg hatt reformer som kommunane har vore flinke til, og gjort ein god jobb for, å innføre, ikkje minst innanfor barnehagar. Det vil alltid vere ein diskusjon – eg trur eg nesten vil seie alltid, for det har vore slik med vekslande regjeringar bakover – om i kva grad dei ulike reformene er fullfinansierte eller ikkje. Eg har ei veldig klar målsetjing som kommunalminister om at kommunane skal ha føreseielege vilkår, og at dei oppgåvene dei får, skal fullfinansierast.

Så den typen oversikt som representanten etterspør, finst ikkje, men det er heller ikkje slik at eg meiner at kommunesektoren er underfinansiert. Det har vore ein betydeleg vekst i frie midlar dei siste åra.