Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 2010 kl. 10

Dato: 26.05.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Freddy de Ruiter (A) [11:41:49]: «Regjeringen har initiert NOU 2009:3, som vurderer etablering av et eget veitilsyn, og et flertall i utvalget som har foretatt utredningen, anbefaler å etablere et slikt tilsyn. Regjeringen har dette til vurdering.

Hvor mye vil etablering og drift av et eventuelt veitilsyn koste?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:42:16]: Som representanten de Ruiter peikar på, har det vore nedsett eit offentleg utval for å greia ut spørsmålet om eit eige tilsyn. Utvalet, som vart oppnemnt i 2007, hadde til oppgåve å vurdera oppretting av eit eventuelt sjølvstendig organ for tilsyn med veginfrastrukturen. Eit slikt tilsyn skulle i høve til mandatet ikkje ha ansvar for tilsyn retta mot trafikantane eller køyretøya. Utvalet la i februar 2009 fram ei delt innstilling, jf. NOU 2009:3, På sikker veg. Eit fleirtal i utvalet gjekk inn for å etablera eit slikt sjølvstendig tilsyn med ansvar for veginfrastrukturen. Eit mindretal vurderte det som lite tenleg å etablera eit slikt organ. Sidan har utvalet sin rapport vore på brei høyring, og Samferdselsdepartementet mottok faktisk 59 høyringssvar.

Etter mi vurdering må det vera ein føresetnad for å etablera eit nytt uavhengig vegtilsyn at det kan godtgjerast at dette organet gjev auka tryggleik i trafikken. Behovet for eit tilsyn må altså vurderast opp mot effektane dette vil ha på trafikktryggleiken. I dette legg eg eit implisitt krav om at ressursane knytte til etablering og drift av eit tilsyn ikkje kan brukast meir effektivt på andre tiltak for å nå eit slikt mål. Vi må vera forsiktige med å tilrå endringar av denne typen utan at det samstundes kan underbyggjast at ei slik endring gjev meir tryggleik.

Utvalet rekna at eit sjølvstendig tilsynsorgan for infrastrukturen vil måtta ha ei bemanning i intervallet 50 til 100 årsverk. Erfaringane frå dei andre tilsyna som ligg under Samferdselsdepartementet, viser at desse tilsyna har ein kostnad per årsverk på noko i overkant av 1 mill. kr. Om vi legg desse tala til grunn, inneber det at dei årlege kostnadane ved eit slikt tilsyn vil kunna vera mellom 50 og 100 mill. kr. Kostnadene knytte til sjølve etableringa ligg ikkje inne i dette overslaget.

Eit aspekt som òg er viktig, er tilgangen på kompetanse. Etablering av eit nytt sjølvstendig organ vil ytterlegare forsterka dei store rekrutteringsutfordringane vi alt har, og som vi vil ha i åra som kjem. Det vil i stor grad vera mykje av den same kompetansen som eit tilsyn i vegsektoren har behov for, som den vegeigarar og Vegvesenet etterspør.

Ressursar til eit tilsyn vil alltid ha ein alternativ bruk. Regjeringa si vurdering handlar sjølvsagt om på kva måte vi kan få mest tryggleik ut av ressursane. Som eg tidlegare har meldt til Stortinget, legg eg opp til å gje ei orientering om regjeringa si vurdering av denne saka i samband med statsbudsjettet for 2011.

Freddy de Ruiter (A) [11:44:58]: Jeg vil takke statsråden for et veldig godt svar.

Jeg vil litt tilbake til det statsråden avsluttet med, nemlig effekten og hva en kan få ut av 50–100 mill. kr til trafikksikkerhetstiltak i året. Jeg ønsker derfor å stille følgende spørsmål til statsråden: Hva kan vi få av trafikksikkerhetstiltak for 50–100 mill. kr hvert år?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:45:30]: Utvalet legg fram tal som viser at under visse føresetnader vil alternativ bruk av dei ressursane som eit sjølvstendig tilsyn vil krevja – altså kanskje om lag 100 mill. kr – over ein tiårsperiode kunna gje ein reduksjon i talet på drepne og hardt skadde på om lag 300. Det er på visse vilkår og over ti år. Det er eitt tal.

Noko anna er midtdelarar. Der er gjennomsnittskostnaden 17,5 mill. kr per km, så det kan bety 6 km med midtdelarar. For rumlefelt er prisen rimelegare. Ein kan få 29 km med rumlefelt for 100 mill. kr.

Freddy de Ruiter (A) [11:46:31]: Dette var jo ganske interessante presiseringer av hva en kan få ved alternativ bruk av pengene.

Jeg har nok et spørsmål til statsråden helt på tampen: Har en reflektert noe over hva som er mulige alternativer til et veitilsyn?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:46:53]: Det eine alternativet kan vera å la dei ansvarsforholda og den oppgåvefordelinga som er i dag, få halda fram. Det er jo tilsyn med vegane våre òg i dag. Av og til blir det framstilt i Stortinget f.eks. som om det ikkje er noko tilsyn. Statens vegvesen er jo på pletten jamnleg både på veg og ikkje minst i samband med ulykker. Der har dei andre tilsyna spesielle oppgåver. Så eit alternativ er å la det vera som i dag. Eit anna alternativ kan vera å oppretta ei eiga eining innan Vegdirektoratet. Det kan òg finnast andre alternativ. Dette er vurderingar som eg vil koma tilbake til i samband med statsbudsjettet.