Stortinget - Møte onsdag den 13. oktober 2010 kl. 10

Dato: 13.10.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Lars Bjarne Tvete (H) [12:10:52]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Historisk sett har det vært betydelige forskjeller på bevilgninger til veiformål fordelt per capita fra fylke til fylke. I Sør-Trøndelag har en eksempelvis fått mindre enn andre deler av landet.

Hvilke objektive kriterier fordeles veimidlene etter i bevilgningsprosessene, og vil statsråden ta grep for å sikre at Sør-Trøndelag og andre fylker som har kommet dårlig ut i statlige bevilgninger, vil få skjevhetene gjenopprettet?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:11:23]: Forvaltningsreforma som vart gjennomført frå 1. januar 2010, inneber at fylkeskommunane har fått eit vesentleg større ansvar for det offentlege vegnettet ved at hovuddelen av det tidlegare øvrige riksvegnettet er overført til fylkeskommunane. Statlege midlar til fylkesvegar blir tildelte gjennom rammetilskotet. Dette gjeld både for investeringar og drift og vedlikehald. Som følgje av forvaltningsreforma vart om lag 6 mrd. kr overførte frå Samferdselsdepartementet sitt budsjett til fylkeskommunane sitt rammetilskot frå 2010. I tillegg vart rammetilskotet styrkt med om lag 1,1 mrd. kr. Det vart dessutan tilført om lag 500 mill. kr i rassikringsmidlar. Ei eiga rentekompensasjonsordning tilsvarande 2 mrd. kr i lån per år vart etablert.

Fylkesfordelinga av midlar til drift og vedlikehald er basert på Statens vegvesen sine modellar for utrekning av behov for midlar til drift og vedlikehald. Ein vesentleg del av midlane til investeringar vart fordelte mellom fylka etter ein modell basert på kriteria veglengde, folketal og registrert forfall på vegnettet. Som ei direkte følgje av at det vart gjeve oppstartsløyvingar til nokre store investeringsprosjekt i 2009-budsjettet, har nokre fylke særlege utfordringar med store bindingar på framtidige budsjett. Regjeringa la difor til grunn at det òg skulle takast omsyn til nivået på bindingane ved fordeling av midlar til investeringar. I tillegg har om lag 200 mill. kr vorte fordelte etter skjønn til fylke med utfordringar som ikkje blir fanga opp i den valde fordelingsmodellen, og som kom dårleg ut i høve til tidlegare budsjettår.

I Kommunal- og regionaldepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 er det gjort greie for fordeling av midlar som er overførte frå Samferdselsdepartementet sitt budsjett til rammetilskotet. Det er òg gjort greie for hovudtrekka i fordelingsmodellen i kommuneproposisjonen for 2010. Midlane er likevel å rekna som frie midlar, slik at fylkeskommunane kan disponera midlane slik dei sjølve ynskjer.

På grunn av bindingane er det som sagt lagt til grunn ei særskild fordeling av investeringsmidlane fram til 2013. Det er føresett at midlane skal innlemmast i det ordinære rammetilskotet frå 2014, basert på objektive kostnadsnøklar. Det er sett i gang eit arbeid i regjeringa med dette som siktemål. Ei fordeling basert på objektive kostnadsnøklar vil innebera at eventuell skeivdeling som har oppstått som resultat av omsynet til m.a. bindingar, vil bli retta opp.

Riksvegmidlane blir ikkje fordelte fylkesvis, men etter rute/korridor. Ein diskusjon om fylkesfordeling av vegmidlane gjeld difor ikkje denne delen av vegnettet.

Lars Bjarne Tvete (H) [12:14:30]: Jeg takker statsråden for svaret, som gir en god beskrivelse av situasjonen i bevilgningsprosessen akkurat nå. Men det er vel slik at et moderne veisystem blir ikke bygd på ett år, og hvis vi ser på statistikken for de siste 50 år, og tar for oss 40 av de siste 50 år, ser vi at Sør-Trøndelag per innbygger eksempelvis har fått bare ⅓ av hva Sogn og Fjordane har fått per innbygger. Som konsekvens av det er det da en påstand og en oppfatning at veistandarden i Sør-Trøndelag er vesentlig dårligere enn i de fleste andre fylkene i landet. På bakgrunn av den erkjennelsen, eller, om man kan si, dokumenterte fakta, at det er slik, vil statsråden ta grep for å sørge for at den skjevfordelingen som vi har vært utsatt for når det gjelder veibevilgninger i Sør-Trøndelag, vil bli rettet opp gjennom at vi får ekstraordinære bevilgninger ved senere års budsjett?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:15:31]: Eg kan nok ikkje her og no lova ekstra løyvingar, men det eg kan lova, er ein nøye gjennomgang i forkant av budsjettet for 2013/2014. Eg reknar då med at dei bindingane som vart tekne omsyn til i førre runde, altså no ved 2010-budsjettet, ser noko annleis ut. Det er òg det som er lagt som føresetnad, at ein skal utarbeida objektive kostnadsnøklar før ein eventuelt innlemmar desse midlane i rammetilskotet.

Lars Bjarne Tvete (H) [12:16:29]: Takk igjen for at man i hvert fall ser problemstillingen og vil gjøre noe med det på sikt. Men for oss som har vårt virke i Sør-Trøndelag, haster saken, og forsømmelsen synes bare å øke gjennom de bevilgningene som vi nå ser i neste års budsjett.

Jeg kan eksempelvis referere til et annet aspekt ved akkurat det at vi forsømmer veibevilgningene, nemlig sikkerhet. Jeg har et brev fra lensmannen i Rennebu som kommer med, jeg skulle til å si, et nødrop om hvordan situasjonen er i fylket. Han påpeker bl.a. – og jeg har lyst til å ta fram det aspektet – at litt av forklaringen på de uhellene man ser nesten daglig på E6 og rv. 3 i Rennebu kommune, er at man kommer fra veier med vesentlig bedre standard i nabofylkene Hedmark og Oppland, og greier ikke å moderere farten sin i forhold til det. Det understreker behovet for en snarlig oppgradering, særlig da av stamveiene i Sør-Trøndelag.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:17:37]: Aller fyrst: Når det gjeld riksvegmidlane, blir ikkje dei fordelte fylkesvis, dei blir fordelte etter rute/korridor. Slik kjem det nok òg til å bli framover.

Når det gjeld fylkesvegmidlane, er det der ein i fordelinga tok omsyn til dei bindingane som enkelte fylke hadde i framtidige prosjekt, og der andre ikkje hadde så store bindingar.

Så er det slik at òg Sør-Trøndelag har fått del i for det fyrste overføringane på 6 mill. kr, for det andre den milliarden som var i frie midlar, for det tredje den moglegheita til rentefrie lån som ligg innanfor ei ramme på 2 mrd. kr, og òg rassikringsmidlar. Men så er det til slutt ei prioritering innanfor det enkelte fylket.