Stortinget - Møte onsdag den 26. oktober 2011 kl. 10

Dato: 26.10.2011

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Øyvind Halleraker (H) [11:18:47]: Jeg har følgende spørsmål:

«Statens vegvesen har etter oppdrag fra Samferdselsdepartementet startet prosjektet «Ferjefri E39», et prosjekt som skal utvikle teknologi og finne samfunnsvirkninger ved å gjøre E39 ferjefri. Den økonomiske rammen for dette arbeidet/prosjektet er ikke kjent. Andre delprosjekter på strekningen er også under arbeid.

I hvilken grad berøres fremdriften på disse delprosjektene, og når er prosjektet «Ferjefri E39» planlagt ferdigstilt?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:19:27]: Samferdselsdepartementet har gjeve Statens vegvesen i oppdrag å greia ut kor stort potensial ein ferjefri E39 vil ha for næringsliv og bu- og arbeidsregionar. Prosjektet skal vurdera teknologiske løysingar for fjordkryssingar og korleis konstruksjonane eventuelt kan utnyttast til å produsera energi frå bølgjer, straum og vind. Gjennomførings- og kontraktstrategiar skal òg greiast ut i prosjektet. Det er såleis eit omfattande arbeid med fire delprosjekt som skal gjennomførast. Nokre av delprosjekta er i gang, medan andre er i startfasen. Statens vegvesen er i ferd med å utarbeida ein konkret framdriftsplan. Førebels er det vanskeleg å seia konkret når heile prosjektet «Ferjefri E39» blir ferdigstilt.

For arbeidet med konseptvalutgreiingar langs E39 og Nasjonal transportplan 2014–2023 er framdrifta for delprosjekta om teknologiske løysingar og samfunnsverknader mest kritisk. Statens vegvesen har som ambisjon at desse delprosjekta skal ha ei framdrift som gjer at prosjektet «Ferjefri E39» kan bli eit grunnlag både for konseptval i pågåande KVU/KS1-arbeid langs E39 og for Nasjonal transportplan 2014–2023. Det er naturleg nok knytt størst uvisse til framdrifta i dei delprosjekta som inneheld grensesprengjande teknologiløysingar.

Øyvind Halleraker (H) [11:21:16]: Jeg takker for svaret. Dette er jo et såkalt teknologi- og samfunnsutviklingsprosjekt, som statsråden sier, og det gjelder hele strekningen fra Kristiansand til Trondheim, med åtte mer eller mindre krevende fjordkrysninger. Det er selvfølgelig en spennende sak, og en horisont som har vært nevnt for dette arbeidet, har vært 2040.

Men så er det også slik at mange av disse fjordkrysningene allerede er mer eller mindre avklart. To av dem er Rogfast i Rogaland og Hordfast i Hordaland. Her har statsråden tidligere ha avklart at disse to prosjektene skal med i NTPs neste rullering. Det er bra. Spørsmålet mange stiller seg, er om denne fremdriften er avhengig av om man velger å satse på nye og uprøvde løsninger også i disse to prosjektene, som det åpnes for i denne konseptvalgutredningen?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:22:16]: Det er rett som representanten Halleraker seier, problemstillinga knytt til Ferjefri-prosjektet og KVU E39 Aksdal–Bergen kan vera den same òg på andre strekningar av E39, i større eller mindre grad.

Så har det aldri vore tanken at heile utgreiinga skulle vera ferdig sommaren 2012, men det har vore – og er – ein ambisjon å ha resultat som gjeld kostnader og evne til å gjennomføra sommaren 2012. Vegdirektoratet seier at det er uvisse knytt til framdrifta. Ferjefri-prosjektet har ikkje fått endra framdrift i høve til det som står i KVU-en, men det er ei uvisse. No blir det arbeidd med ein framdriftsplan. Det tilseier at dette er noko som vi har moglegheit til å koma tilbake til før sommaren 2012.

Øyvind Halleraker (H) [11:23:25]: Jeg takker igjen for svaret.

For å smalne inn fokusområdet enda litt: For den fjordkrysningen som gjelder mellom Stord og Bergen, er det lagt fram to alternativer, en midtre og en indre linje, hvor den midtre har en del av disse nye grensesprengende løsningene i seg.

Hordaland fylkeskommune har nylig fattet et høringsvedtak hvor de stiller seg åpne for begge løsninger, men stiller som en klar betingelse at det er både økonomisk og teknologisk løselig og realistisk, og at det kan ferdigstilles til 2021. Spørsmålet blir da: Anser statsråden dette for realistisk, hvis man velger å gå for de mer usikre teknologiske løsningene i alternativ fire?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:24:22]: Det er slik at KVU-en Aksdal–Bergen er ute til høyring no, med frist 1. november. Det betyr at det er i desse dagar at høyringsutsegnene kjem inn. Så skal dei arbeidast vidare med.

Lat meg på den eine sida ikkje forskottera det som eg no seier er eit løp for framdrifta i heile Ferjefri-prosjektet. Men lat meg på den andre sida samtidig understreka, som eg òg sa i spørjetimen for to veker sidan: Det er mi målsetjing at KVU-en Aksdal–Bergen skal med i komande Nasjonal transportplan. Her er stort utolmod både på rogalandssida og på hordalandssida etter å få det meir ferjefritt over dei to strekningane som gjeld Stavanger–Bergen.