Stortinget - Møte tirsdag den 22. november 2011 kl. 10

Dato: 22.11.2011

Dokumenter: (Innst. 29 L (2011–2012), jf. Prop. 151 L (2010–2011))

Sak nr. 7 [18:00:30]

Innstilling frå næringskomiteen om oppheving av hermetikkavgiftsloven og endringar i enkelte andre lover

Talere

Votering i sak nr. 7

Alf Egil Holmelid (SV) [18:00:52]: (ordførar for saka): Eg har gleda av å leggje fram ei samrøystes innstilling frå ein heilt samstemd komité. Saka gjeld oppheving av hermetikkavgiftslova, endring i lov om avgift til forsking og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringa og endring i fiskeeksportlova.

I 2009 sende Fiskeri- og kystdepartementet fleire forskriftsendringar om eksport av fisk og fiskeprodukt på høyring. Høyringa inkluderte også forslag om å avvikle hermetikkavgiftslova og å innlemme varer som var omfatta av hermetikkavgiftslova, i FoU-avgifta til Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond. Ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot å avvikle hermetikkavgiftslova.

Komiteen konstaterer at innføringa av FoU-avgift til Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond har endra føresetnadene for hermetikkavgiftslova. FoU-avgifta er eit heilskapleg og oversiktleg system ved at det blir betalt FoU-avgift for all eksport av fisk og fiskeprodukt. Ein samla komité støttar derfor forslaget om å oppheve hermetikkavgiftslova.

Dagens lovverk føreset konsensus for å gjere vedtak i styret for Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond. I ei evaluering blei det foreslått å fjerne konsensuskravet. Forslaget har vore på høyring, og ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot forslaget. Andre ordningar for forskingsfinansiering har ikkje krav om konsensus, og konsensuskravet kan føre til lite dynamikk og lite framtidsretta bruk av forskingsmidlane. Derfor har komiteen gått samrøystes inn for at vi skal oppheve konsensuskravet og berre krevje vanleg fleirtalsvedtak i styret for Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond.

Eksportutvalet for fisk har eit namn som ikkje lenger er dekkjande for aktiviteten i organisasjonen. Arbeidsoppgåvene i dag er hovudsakleg felles marknadsføring av norsk sjømat og arbeid med omdømmebygging knytt til norsk sjømat. Derfor er det naturleg å fjerne ordet «eksportutvalet» frå namnet. Komiteen støttar derfor samrøystes opp om forslaget om å endre namnet frå Eksportutvalet for fisk til Noregs sjømatråd AS.

Dermed legg eg fram ei samrøystes innstilling frå komiteen.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.

(Votering, se side 644)

Votering i sak nr. 7

Komiteen hadde innstilt til Stortinget å gjøre slikt vedtak til

lov 

om oppheving av hermetikkavgiftsloven og

endringar i enkelte andre lover

I

Lov 8. juni 1984 nr. 52 om avgift på hermetikk blir oppheva.

II

I lov 7. juli 2000 nr. 68 om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen blir § 3 andre ledd oppheva. Noverande tredje ledd blir nytt andre ledd.

III

I lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 skal lyde:

§ 2 Norges sjømatråd AS

Norges sjømatråd AS (Sjømatrådet) er et aksjeselskap. Aksjeloven gjelder for Sjømatrådet om ikke annet følger av denne lov. Staten skal eie alle aksjer i Sjømatrådet.

Styret skal være representativt for fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet kan ved forskrift gi nærmere bestemmelser om sammensetningen av styret.

Sjømatrådet skal utføre de oppgaver som er fastsatt i denne lov eller i forskrifter gitt med hjemmel i loven. For øvrig skal Sjømatrådet gi råd til departementet i spørsmål som angår eksport eller omsetning og produksjon i sammenheng med eksport.

Forvaltningsloven gjelder ikke for Sjømatrådet, unntatt i saker om enkeltvedtak som Sjømatrådet treffer etter § 3 i loven her.

§ 3 andre ledd skal lyde:

Departementet kan ved forskrift gi Sjømatrådet fullmakt til å forvalte registreringsordningen og føre register over eksportører som etter loven har rett til å eksportere fisk og fiskevarer.

§ 6 første ledd bokstav a skal lyde:

  • a) en årlig avgift til Sjømatrådet som betales av den enkelte eksportør,

§ 6 tredje ledd første strekpunkt skal lyde:

  • administrative kostnader ved drift av Sjømatrådet

IV

Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer. Del I tek likevel til å gjelde straks.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli ført opp til annen gangs behandling i et senere møte i Stortinget.

I sakene nr. 8 og 9 foreligger det ikke noe voteringstema.