Stortinget - Møte onsdag den 6. juni 2012 kl. 10

Dato: 06.06.2012

Dokumenter: (Innst. 318 L (2011–2012), jf. Prop. 82 L (2011–2012))

Sak nr. 5 [12:05:21]

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringer i naturmangfoldloven og friluftsloven

Talere

Votering i sak nr. 5

Presidenten: Etter ønske fra energi- og miljøkomiteen vil presidenten foreslå at taletiden begrenses til 40 minutter og fordeles med inntil 5 minutter til hvert parti og inntil 5 minutter til medlem av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det gis anledning til replikkordskifte på inntil tre replikker med svar etter innlegg fra medlem av regjeringen innenfor den fordelte taletid.

Videre blir det foreslått at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Torstein Rudihagen (A) [12:06:24]: (ordførar for saka): Endeleg, vil nok mange seie, når Stortinget no gjer lovvedtak om at rovdyrangrep på hund blir innlemma i nødrettsføresegna. Det er veldig mange som har teke til orde for ei slik lovendring i mange år, og det er eit viktig vedtak vi no gjer.

Det er ein samla komité som står bak innstillinga, naturleg nok, da dette er ei oppfølging av rovviltforliket frå 2011, som alle partia stod saman om. Rovviltforliket blei vedteke av Stortinget ved behandlinga av Representantforslag 163 S for 2010–2011 den 17. juni i fjor.

I punkt 2.4.1 i representantforslaget heiter det:

«Nødvergebestemmelsene endres, slik at rovdyr kan avlives for å beskytte hund ved direkte angrep av rovdyr. Forlikspartnerne skal tas med på råd før lovforslaget fremmes for Stortinget.»

Føresegna om høve til å avlive vilt i ein nødverjesituasjon finn ein i dag i naturmangfaldlova § 17. Her heiter det:

«Vilt kan avlives når det må anses påkrevd for å fjerne en aktuell og betydelig fare for skade på person. Eieren, eller en som opptrer på vegne av eieren, kan avlive vilt under direkte angrep på bufe, tamrein, gris og fjørfe.»

No blir det foreslått å føye til hund, slik at vilt kan avlivast under direkte angrep ikkje berre på bufe, tamrein, gris og fjørfe, men òg på hund. Dermed får hunden også eit nødvendig vern i lovverket.

Dette er ei ordning som Sverige har hatt ei tid, og evalueringa derifrå viser at det har fungert godt. Det er nok ei teoretisk moglegheit for at nødverjeretten for hund kan misbrukast til å lokke til seg rovdyr for å ha grunn til å avlive dei, men evalueringa av ordninga i Sverige gir ikkje noko grunnlag for å seie at det vil skje.

Proposisjonen inneheld òg eit forslag til retting i friluftslova som heile komiteen er einig i. I friluftslova er det ein etter mitt syn viktig rett, og ein rett som på mange måtar er ei vidareføring av ein sedvanerett, nemleg retten til å hauste av overskotet i naturen. Ikkje minst gjeld det bærplukking. Når ein pratar om det, kan ein drøyme seg litt bort frå stortingssalen og inn på ei stor myr langt til fjells der det ein augustdag bognar av raudgrøne moltebær bortover myra. Ein kan bli vassen i munnen av mindre enn ein slik draum.

Eg er så gammal at eg har opplevd at bærplukkinga ikkje berre var ein fritidsaktivitet eller ein hobby. Det var òg eit nødvendig tilskot til hushaldet. For nokre grunneigarar kan moltebæra også ha ein økonomisk verdi, og det er i reguleringa av dette lova var mildast talt noko uklar, òg i lovforslaget i Prop. 88 L for 2010–2011, som vi behandla 10. juni i fjor. Det gjeld retten til å plukke molter i dei tre nordlegaste fylka. I innstillinga til denne proposisjonen fekk vi, i godt samarbeid med departementet, rydda opp i det som var uklart, og Stortinget slutta seg til innstillinga. Ved ein inkurie blei det likevel med ei setning for mykje, noko som no blir retta opp att. Dermed skulle det ikkje vere nokon grunn til å misforstå eller feiltolke retten.

I dei tre nordlegaste fylka er det lov å plukke og ta med seg molter så lenge eigaren ikkje har lagt ned uttrykkeleg forbod mot plukking. Uavhengig av eit slikt forbod kan allmenta støtt plukke molter som blir etne på staden. For at eigaren eller brukaren skal kunne forby plukking av molter, må utnyttinga av moltene ha økonomisk betydning for grunneigaren.

Dermed kan vi håpe på ein god bærhaust for oss alle og eit tryggare liv for bikkja vår.

Presidenten: Det kan man håpe på.

Presidenten har for øvrig lagt merke til at den ansvarlige statsråden ikke er til stede i salen under behandlingen av denne saken, men regjeringen er representert ved statsråd Bjurstrøm.

Oskar J. Grimstad (FrP) [12:11:02]: Eg vil støtte saksordførar Torstein Rudihagen i at endeleg er denne lovteksta klar. Innlemming av hund i nødverjeparagrafen i naturmangfaldlova er i ferd med å finne si løysing. Dette var ei svært etterlengta løysing, som kjem eit heilt år etter at rovviltforliket var eit faktum. Sånn sett kan ein spørje seg kvifor dette ikkje kom på plass allereie i fjor haust, då det no er vurdert slik at sjølv ikkje ei lovhøyring har vore nødvendig. Men lat det vere, og lat oss i dag heller glede oss over at vi no ved dette vedtaket, som ein samrøystes komité står bak, har fått på plass ein nødverjeparagraf som er meir komplett.

Argumentasjonen om at nokon vil bruke hund for å lokke til seg rovdyr, er så urimeleg at eg vil ikkje gå inn på den problemstillinga i det heile. Så får vi halde oppe trykket når det gjeld uløyste saker som ulvesoner og avklaringar med nabolanda våre, spesielt når det gjeld ulveproblematikken. Det er viktig at det framforhandla rovdyrforliket blir respektert av alle, og at ein unngår overprøving av lokale og regionale nemnder og deira vedtak, der ein har oppnådd bestandsmåla. Noko anna vil ikkje bli sett på med velvilje, då det var – og er – ein føresetnad for at Framstegspartiet var med på forliket.

Lat oss i dag glede oss over at hund no er innlemma i nødverjeparagrafen, slik mange har ønskt i lang tid. Eg vil samtidig gi uttrykk for støtte til rettinga av § 5 i friluftslova.

Eg kunne stilt ei rekkje spørsmål til setjestatsråden, men sidan den rette statsråden ikkje er på plass i dag, vel eg å ikkje gjere det.

Bjørn Lødemel (H) [12:13:04]: Eg vil takke saksordføraren for ein svært grundig gjennomgang av saka og også for utfyllande kommentarar, som eg støttar langt på veg, og som er veldig interessante.

Høgre er svært glad for at Stortinget no endeleg kan innlemme hund i nødverjeføresegnene, i samsvar med det rovviltforliket eit samla storting vedtok for eit år sidan.

I punktet om nødverje i rovviltforliket som blei inngått for temmeleg nøyaktig eit år sidan, heiter det at nødverjeføresegnene blir endra slik at rovdyr kan avlivast for å beskytte hund ved direkte angrep av rovdyr, og at forlikspartane skal takast med på råd før lovforslaget blir fremja for Stortinget.

Nødverje for hund er eit viktig konfliktdempande tiltak. Det har liten eller ingen innverknad på rovviltbestanden, men det har mykje å seie for dei som ferdast i rovviltbelasta område, og nødverjeføresegnene har vore greidde ut sidan det førre rovviltforliket blei inngått i 2004.

Høgre har ved fleire høve tidlegare ønskt at hund skulle innlemmast i nødverjeføresegnene. Det blei avvist seinast ved handsaminga av Prop. 75 L for 2009–2010 om endringar i naturmangfaldlova. Høgre sine grunngjevingar for å gå inn for å endre lova til også å gjelde hund var dei same då som no.

Det primære målet med nødverje er å bidra til større tryggleik for husdyreigarar og hundeeigarar. Det er også gode erfaringar frå ei liknande praktisering av nødverje i Sverige. Nødverje skal ikkje vere ein del av den aktive bestandsforvaltninga, og nødverje skal gjelde uavhengig av om bestandsmåla er nådde.

I forliket blir det òg peika på andre sider av rovviltpolitikken som skal avklarast. Det gjeld evaluering av ulvesona og forhandlingar med Sverige om grenseflokkane med ulv.

Eg ser at statsråden ikkje er i salen i dag, men eg vil likevel nytte dette høvet til å etterlyse korleis desse prosessane går, og ikkje minst at statsråden seinare kan kome med signal om framdrifta og når desse sakene blir lagde fram for Stortinget.

Rovviltforliket blei gjort av eit samla storting, og det er viktig at ein kan halde ein god og open dialog òg om desse spørsmåla. Det er òg viktig at arbeidet blir prioritert i departementet.

Saka om nødverje har vore jobba med heilt frå 2004 og fram til i dag. Ein har stor uro for at usemje i regjeringa bremsar viktige avgjerder når det gjeld rovviltpolitikken, og ein håpar sjølvsagt at det ikkje skal bremse desse viktige tema.

Høgre ønskjer ein rovviltpolitikk som skal byggjast på grunnleggjande prinsipp med respekt for enkeltmenneske og lokalsamfunn, respekt for eigedomsretten og full erstatning for dei rettar som går tapt.

Ein viktig del av dette er å kunne forsvare seg og sitt mot angrep frå rovdyr, og derfor er Høgre glad for at nødverje for hund no endeleg er på plass.

Erling Sande (Sp) [12:16:36]: (leiar i komiteen): Saksordføraren teiknar nokre flotte bilete av naturen vår og bærmarkene. Eg meiner likevel det er god grunn til å hevde at saksordføraren på ingen måte var på bærtur i innlegget sitt, men tvert om var veldig poengtert og korrekt i beskrivingane av dei endringane som vi her gjer på det området, og fordi vi innfører nødverjerett for hund under angrep av rovdyr, og på den måten sikrar hunden det same vernet som andre husdyr har, når dei er under rovdyrangrep.

Innstillinga er samla, og det er gledeleg. I Senterpartiet har vi arbeidd for denne løysinga lenge, og no står altså eit samla storting bak ho. Bakgrunnen kjenner vi. Det er fjorårets rovdyrforlik som medførte auka fokus på dei som bur, lever og driv næring i område med rovdyr – auka fokus på dei, større respekt for dei. Det var ei viktig kursendring i rovviltpolitikken, for mange held seg ikkje til rovdyr på papiret, i bøker eller i media, dei har dei i sine eigne nærområde. Eg er glad for at saksordføraren viser til at det er ingen grunn til å hevde, slik som det har blitt gjort, at denne lovendringa blir brukt til å lokke til seg rovdyr ved hjelp av hund. Tvert om er det liten grunn til å feste lit til det, og han viser til evalueringa som er føreteken.

Vi innfører i dag eit viktig konfliktdempande tiltak, og vi er med på å skape større tryggleik for dei som bur og lever i område med rovdyr – det er gledeleg.

Heidi Sørensen (SV) [12:18:37]: Som følge av rovviltforliket fra i fjor er det et enstemmig storting som står bak en endring i nødvergeparagrafen. Det er en endring som har vært diskutert lenge, og som har vært omstridt, og det har vært en krevende sak. Når det har vært en krevende sak, er det fordi ulovlig jakt har vært en av hovedårsakene til død blant ulv i Skandinavia. Det har vi nylige dokumenter som viser.

I 2010 var vi så heldige at vi for første gang nådde Stortingets målsetting om at vi skal ha tre ynglinger av ulv på norsk jord – Slettås-paret ynglet, Linnekleppen-paret ynglet og Kynna-paret ynglet. I 2011 var vi like heldige, vi hadde tre ynglinger på norsk jord – Julussa-paret ynglet, Aurskog-paret ynglet, og Slettås-paret ynglet igjen.

Den triste beskjeden vi fikk i april i år, er at av de par som har ynglet de to siste årene, har vi splittet fire av dem. Ulv er sosiale dyr som lever i troskap, hvis ikke noe uventet skjer. Verst var det at hannulven i Kynna-reviret, som var Norges viktigste genetiske individ av ulv, forsvant. Vi mistet Galven-tispa, som var den nest viktigste, og i tillegg forsvant tispa i Linnekleppen og tispa i Aurskog. Det er ingen naturlig forklaring på at så mange alfadyr forsvinner.

Jeg er likevel av dem som støtter dagens endring. Jeg har brukt mye tid sammen med dem som har jobbet for dette, og de som har jobbet for dette i første omgang, er Norges Jeger- og Fiskerforbund. Norges Jeger- og Fiskerforbund har kjørt en meget ryddig – etter mine begreper – argumentasjon for dette. De har lagt vekt på at vi har en jegerstand i Norge som vil ta ansvar, som har selvjustis, og som ikke vil bidra til det som Økokrim og mange hadde fryktet, nemlig at det var litt for enkelt å bruke hund som lokkemiddel for å ta ulv. Norges Jeger- og Fiskerforbund har understreket at for dem har dette vært snakk om tillit til den norske jegerstanden.

Det kom en ny gjennomgang fra det skandinaviske ulveprosjektet knyttet til ulovlig jakt på ulv i Norge og Sverige i vår. Den viser en interessant utvikling, nemlig at den ulovlige jakten i Sverige har gått ned, mens man ikke kan se den samme utviklingen i Norge. Med dette forslaget blir det ikke noen forskjell på situasjonen i Norge og Sverige på dette området. Jeg håper med dette forslaget at vi får en utvikling i Norge som likner den i Sverige, og at forslaget bidrar til å skape tillit og er konfliktdempende på en slik måte at de alfapar vi i dag har etablert av ulv i Norge, er de samme når vi får overvåkningstallene neste år.

Hvis det er tilfellet, har denne lovendringen hatt den ønskede effekten. Det er dårlig rovviltpolitikk for alle å drive med ulovlig jakt. Det er dårlig rovviltpolitikk å splitte alfapar. Vi får mer ulv på vandring, mer ulv på steder der vi ikke har kontroll, og mer ulv som er ute og tar husdyr i områder der man ikke er like godt forberedt. Stabile par er det enkleste for forvaltningen å håndtere, det enkleste for næringen å forholde seg til, og det som skaper størst grad av forutsigbarhet.

Som jeg har sagt til Norges Jeger- og Fiskerforbund, tror jeg at når denne brikken faller på plass, noe som etter mine vurderinger bør skje så fort som det lar seg gjøre med tanke på at endringen skal tre i kraft og gjelde for aktuell jaktsesong, at vi neste år har langt bedre tall å forholde oss til enn årets tall, og at ulven går en trygg framtid i møte i Norge.

Presidenten: Presidenten har merket seg at ansvarlig statsråd har kommet til salen nå mot slutten av debatten. Presidenten vil bare gjøre oppmerksom på at Stortinget forutsetter at ansvarlig statsråd er til stede når vi begynner debatten som gjelder statsrådens ansvarsområde. Det burde være vel kjent for statsråden.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) [12:24:11]: Kristelig Folkeparti er veldig glad for at hund nå er inkludert i nødvergeretten, slik rovdyrforliket førte til enighet om. Vi var veldig glade for forliket og også for at dette punktet er kommet inn, nettopp fordi Kristelig Folkeparti flere ganger har tatt initiativ til å inkludere hund. Vår representant i komiteen, Line Henriette Hjemdal, har vært en aktiv pådriver for at det skulle skje.

Jeg mener at det er opplagt at hund skal ha det samme vernet som andre husdyr. Derfor er jeg glad for at komiteens medlemmer understreker hva nettopp dette punktet innebærer. Jeg er også glad for at saksordføreren og andre har vært inne på at hund ikke blir brukt som et lokkedyr. Vi som er opptatt av jakt, opptatt av natur, og som er glad i ikke bare ulv, men også andre dyr, vet at det for en jeger ikke er noe som er mer vondt enn å miste en hund. Derfor vet jeg også at ingen vil bruke sin egen hund til å lokke fram en ulv for så å kunne skyte den. Det er viktig å understreke.

Jeg må også touche inn på innlegget til representanten Sørensen, for jeg synes hun har mange viktige poenger i sitt innlegg. Skal rovdyrpolitikken være bærekraftig og forankret, er det viktig at den skaper tillit, at den er konfliktdempende, og at den har legitimitet ute blant folk. Jeg er enig med representanten i mange av perspektivene, og også at denne endringen som skjer i dag, er av en sånn karakter at den vil bidra til større oppslutning om politikken – også den politikken som skal skape en balanse mellom det at vi skal ta vare på våre rovdyr, samtidig som vi skal gjøre det mulig å kunne drive f.eks. landbruk.

Vi er glade for at endringen kommer, og vi har tro på at den vil skape en bedre rovdyrpolitikk.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:26:24]: Som presidenten og alle andre er klare over, er det tett dialog mellom komiteen og statsråden, eller statsråden sitt kontor, om korleis saker skal gjennomførast. I dette tilfellet var den beskjeden eg fekk, at det var avtalt at det ikkje skulle vere debatt i salen. Eg har sjølv som kunnskapsminister i slike tilfelle sete i salen under andre sine saker. Dersom det viser seg å vere feil, skal eg raskt bidra til ei oppklaring og finne ut kva som har skjedd i denne saka.

Så har eg lyst til å seie lite grann om sjølve innhaldet i saka. Eg er i den spesielle situasjonen at eg skal presentere, eller svare for, eit lovforslag basert på eit representantforslag som eg sjølv la fram – riktig nok ikkje aleine.

Den 17. juni 2011 vart Representantforslag 163 S frå stortingsrepresentantane Martin Kolberg, Ketil Solvik-Olsen, Erna Solberg, Dagfinn Høybråten, Trygve Slagsvold Vedum, Trine Skei Grande og meg behandla, og det fekk faktisk samrøystes tilslutning av Stortinget. Eg ser at det vert nikka av enkelte representantar i salen, som så vidt eg kan hugse, var ganske fornøgde med gjennomføringa av det punktet.

Det har vore ein prosess fram til det, og det som no vert presentert, er eit lovforslag som gjer ei endring i nødverjeføresegna i naturmangfaldlova § 17 – ei føresegn som gir tilgjenge til å avlive vilt under direkte angrep på bufe, tamrein, gris og fjørfe. Den føreslegne lovendringa inneber at hund vert innlemma i føresegna, slik at det òg vert tilgjenge til å avlive vilt som angrip hund. Eg meiner det er ei riktig endring å gjere. Det er òg heilt i tråd med rovviltforliket som Stortinget står bak. Det er viktig for meg som statsråd å gjennomføre det i tråd med det vi har vorte einige om i Stortinget, fordi legitimiteten til rovviltforvaltinga avheng av at det kan gjennomførast på ein god måte.

Så er det òg ei mindre sak: den føreslegne endringa i naturmangfaldlova. Ho omfattar òg ei endring i friluftslova § 5. Det dreier seg om ein inkurie som skjedde då lova vart endra 16. september 2011.

Presidenten: Presidenten er glad for at det er en god dialog mellom komiteen og statsråden. Men hvis det har vært en oppfatning om at det ikke skulle være en debatt i denne saken, synes jeg den lange debatten vi har hatt, bevitner at det ikke er en god dialog mellom komiteen og statsråden.

Dessuten er dette en sal der samtlige 169 representanter kan delta i en debatt. Det er altså ikke en sal hvor det bare er en debatt mellom statsråden og komiteen som har en sak til behandling. Det bør også statsråden være klar over, slik at han er til stede når debatten starter.

Det blir replikkordskifte.

Oskar J. Grimstad (FrP) [12:29:36]: I debatten som no går, blir ulveproblematikken teken fram. Det kjem fram påstandar om at det er ei rekkje alfadyr som no er forsvunne, og ein antek at dette kjem av ulovleg jakt.

Kva meiner statsråden om desse tankane – er dette tankar som han støttar? I så fall: Kva blir gjort for å underbyggje påstandane om – ein meiner – at det føregår ulovleg jakt på eit dyr i eit område der ein slett ikkje skal drive jakt på eksempelvis ulv?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:30:24]: Når det gjeld ulovleg jakt, støttar eg eigentleg ikkje tankar, men dokumentasjon. Dersom det vert dokumentert ulovleg jakt, skal ein etterforske og påtale det på alminneleg måte. Men kanskje minst like viktig er det å førebyggje, å sørgje for at vi har ei forvaltning som er god og korrekt, og at vi har eit oppsyn, Statens naturoppsyn og andre, som kan vere med på den førebygginga.

Eg er sjølvsagt sterk motstandar av ulovleg jakt; det er ulovleg. Det skal slåast ned på, men sjølvsagt med dokumentasjon. Eg vil ikkje gå inn i debattar om tankar eller påstandar; eg er oppteken av at det vert dokumentert, og så får det verte påtalt på vanleg måte.

Bjørn Lødemel (H) [12:31:22]: Det var synd at statsråden ikkje var her litt tidlegare, for det var fleire gode innlegg i saka.

Elles tykkjer eg det er spennande med eit mannskapsskifte i Miljøverndepartementet, og det er også greitt å bli mint om at representanten Solhjell var med på å underteikne rovviltforliket. Det er positivt, og vi ser fram til at det kan bli vidareført.

Det er to saker i rovviltforliket som eg vil rette merksemda litt mot, og som vi skal jobbe med framover. Det gjeld evalueringa av ulvesona, og det gjeld forhandlingane med Sverige om grenseflokkar med ulv. Dette er saker som det blir jobba med i departementet, og eg tykkjer det kunne vere interessant å høyre frå statsråden korleis framdrifta er når det gjeld desse to punkta. Når trur statsråden at det kan bli framlagt noko for Stortinget med omsyn til dei to tema?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:32:20]: Når det gjeld evalueringa av ulvesona, er det, som representanten kanskje er kjend med, sett ned eit utval som skal gjennomføre det, som eigentleg har fått ein ganske kort frist, fordi vi er opptekne av å gjere det rimeleg raskt. Eg tør ikkje stå her og seie noko om framdrifta med omsyn til denne evalueringa. Det vil nok vere avhengig av kva som kjem fram i evalueringa, og kor mange endringar ein styrer mot. I oppfølginga av det vil eg vere oppteken av å gjere det på ein måte som er i tråd med det som ligg i rovviltforliket, og at det skjer i nødvendig dialog mellom partane. Regjeringa vil kome tilbake igjen til spørsmålet, men eg tør ikkje seie i kva form og til kva tid.

Kort om forhandlingane med Sverige: Vi er meir i ein prosessdialogfase no. Svenskane er inne i eit stort arbeid. Eg vil kome tilbake både om prosessen og om innhaldet i den saka.

Per-Kristian Foss hadde her overtatt presidentplassen.

Bjørn Lødemel (H) [12:33:31]: Takk for svaret.

Det var tidlegare her i dag sett fram ganske alvorlege påstandar om ulovleg jakt på ulv. Eg ønskjer statsråden sitt syn på det, eventuelt også om dette kan dokumenterast, og eg ønskjer også å vite i kva slags form dokumentasjonen om ulovleg jakt på ulv ligg føre.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:33:57]: Eg svarte vel eigentleg på akkurat det same i stad, så eg vil no gje ein kortare versjon.

Eg er oppteken av dokumentasjon. Det er alvorleg med ulovleg jakt. Dersom det skjer, skal det påtalast og forfølgjast på alminneleg måte. Så er eg oppteken av førebygging av det ved ei god forvaltning og ved at staten, ved Statens naturoppsyn og andre, er aktiv for å hindre det.

Presidenten: Replikkordskiftet er dermed omme.

De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Erling Sande (Sp) [12:34:38]: Grunnen til at eg tek ordet, er den passiaren som var mellom presidenten og statsråden, og den konklusjonen som blei ståande igjen, nemleg at det ikkje var god dialog mellom komiteen og statsråden. Då må eg berre få seie at det er det; det er god dialog. Vi frå komiteen si side har ikkje i denne saka på noko tidspunkt gitt uttrykk for at det ikkje blir debatt. Korleis den misforståinga har oppstått, kan eg ikkje heilt sikkert forklare, men eg kan peike på at vi no har to saker i vår komité som omhandlar endringar i naturmangfaldlova. Dette er ei av dei. Ei anna går meir på å rette opp ein inkurie som går på det juridiske, altså sanksjonsmoglegheit, straff etter naturmangfaldlova. Det kan vere at det er desse sakene som er forveksla.

Same kva: Eg er oppteken av at ikkje inntrykket etter presidenten si uttale blir at dialogen er dårleg. Det er i alle fall ikkje mitt inntrykk som komitéleiar.

Presidenten: Det var godt å høre. Kommunikasjonen med statsråden bør foregå i plenum i Stortinget – også.

Heidi Sørensen (SV) [12:36:05]: Rovviltforliket inneholdt et punkt om styrking av overvåkingen av store rovdyr i Norge og styrking av Rovdata, som har ansvaret for overvåking av store rovdyr i Norge.

Min vurdering er at Rovdata, etter etableringen for relativt kort tid siden, nyter stor tillit, og at den jobben som der er gjort, har vært en suksess. Jeg er veldig glad for den støtten som Rovdata ved flere anledninger har fått, både i merknadene fra komiteen og direkte i denne salen.

Det var en melding fra Rovdata som var bakgrunnen for at jeg syntes det var grunn til å nevne at vi har mistet fire alfadyr. Den kom i april, og etter mine vurderinger synes jeg det er en alvorlig situasjon for ulven. Men mitt beste håp er at vi med den endringen vi nå gjør i nødvergeparagrafen, ikke vil se lignende tall fra vår gode, dyktige overvåking til neste vår.

Så refererte jeg en undersøkelse som viser at den ulovlige jakten i Sverige går ned. Den kommer fra Skandulv, som er den skandinaviske ulveforskningen. Det er den samme som sier at det ikke er tilfellet i Norge. Så vidt jeg vet, er dette en problemstilling som har vært et meget viktig bakteppe for debatten om nødverge. Jeg ser på den endringen vi gjør i nødvergeparagrafen i dag, som et tiltak for å unngå at det som forskerne forteller oss skjer, ikke lenger skal skje.

Med det vil jeg også benytte høvet til å si takk for det gode samarbeidet som ledet fram til at man fikk et rovviltforlik, og at det på et så krevende område som rovviltforvaltning er en stor styrke at man klarer å fatte vedtak, som vi gjør i dag, enstemmig.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 5.

Votering i sak nr. 5

Komiteen hadde innstilt til Stortinget å gjøre slikt vedtak til

lov 

om endringer i naturmangfoldloven og friluftsloven

I

I lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold skal § 17 annet ledd lyde:

Vilt kan avlives når det må anses påkrevd for å fjerne en aktuell og betydelig fare for skade på person. Eieren, eller en som opptrer på vegne av eieren, kan avlive vilt under direkte angrep på bufe, tamrein, gris, hund og fjørfe.

II

I lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet oppheves § 5 første ledd annet punktum.

III

Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan sette i kraft de enkelte bestemmelsene til forskjellig tid.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli satt opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.