Stortinget - Møte onsdag den 24. oktober 2012 kl. 10

Dato: 24.10.2012

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Bjørn Lødemel (H) [11:16:33]: Spørsmålet går til miljøvernministeren:

«I rovviltforliket heiter det: «Det skal ikke være rovdyr som representerer et skadepotensial i prioriterte beiteområder for husdyr og kalvingsområde for tamrein». Sentrale område for sørsamisk tamreindrift i Nord-Trøndelag har framleis stort og aukande tap til rovvilt på grunn av store bestandar av bjørn, jerv, gaupe og kongeørn. Store delar av kalvingsområda for tamrein ligg innanfor rovviltområde som følgje av dagens forvaltningsplan.

Kva har Miljøverndepartementet gjort for å oppfylle dette punktet i rovviltforliket?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:17:07]: Eg kjenner rovviltforliket svært godt, fordi eg var ein av dei som underskreiv det representantforslaget som ligg til grunn for det her i Stortinget.

Som representanten viser til, heiter det i rovviltforliket av 2011 punkt 2.2.19:

«Det skal ikke være rovdyr som representerer et skadepotensial i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein».

Dette inneber at det i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein skal praktiserast ein låg terskel for løyve til uttak av rovvilt for å hindre skade på husdyr og tamrein.

Det er viktig at rovviltnemndene tek omsyn til tapssituasjonen og er geografisk spesifikke i tildelinga av kvotar. Kalvingsområde for rein skal prioriterast både ved vedtak om ekstraordinær skadefelling ved akutte skadesituasjonar og gjennom ordinære fellingsregime, som lisensfelling og kvotejakt.

Eg er klar over at den sørsamiske tamreindrifta står overfor store utfordringar knytte til rovvilt, og det er utfordrande å finne gode tapsførebyggjande tiltak som ikkje kjem i konflikt med tradisjonell reindrift. Reindrift vert drive over store område, til dømes er tilnærma heile Nord-Trøndelag reinbeiteområde. Dette er utfordrande for rovviltnemndene, som skal prioritere mellom beiteområde og rovviltområde i sine forvaltingsplanar. Fleire plassar vil det vere overlapping mellom prioriteringar av område for høvesvis rovvilt og tamreindrift.

Kalvingsområda omfattar delar av reinbeitedistrikta. Dersom ein skal skilje mellom kalvingsområde og dei andre områda i forvaltningsplanen, vil områda med prioritet for rovvilt verte veldig fragmenterte. Ettersom rovviltartane brukar store areal, ville dette vore svært uheldig for totaltapet. I slike område vil gode førebyggjande tiltak vere nødvendige for reduksjon av tap som følgje av rovvilt.

I ein rapport til Miljøverndepartementet om sørsamisk tamreindrift i Nord-Trøndelag viser ei samla gruppe til at det er eit stort kunnskapsbehov i reindrifta. Det er store skilnader i tap som vanskeleg kan verte forklart med rovvilt aleine. For å få eit større kunnskapsgrunnlag og meir presis forvalting med mål om lågare tap sette departementet i 2011 i gang eit forskingsprosjekt i Midt-Noreg, der ein undersøkjer produksjon i reindrifta og tap av rein til gaupe og jerv.

I 2011 vart det sett av 2 mill. kr og i 2012 3,5 mill. kr til dette prosjektet. Regjeringa har føreslått å vidareføre prosjektet på same nivå neste år, i tillegg til ein auke på 2 mill. kr til forsking på bl.a. kongeørn og sørsamisk tamreindrift. Vidare har regjeringa føreslått å auke løyvinga til Statens naturoppsyn med 4,3 mill. kr for å styrkje ressursane bl.a. ved felling av rovvilt.

Det har vore uttak i Nord-Trøndelag gjennom ekstraordinære fellingsregime i tillegg til ekstraordinære uttak. Etter fleire år med høge kvotar er bestanden av gaupe redusert og ligg i dag omtrent på bestandsmålet både nasjonalt og regionalt for Midt-Noreg. Det er forventa at òg høge lisensfellingskvotar på jerv etter kvart vil redusere jervebestanden ned mot bestandsmålet. Med bakgrunn i den kunnskapen vi har om arealbruken til rovviltsartane, kan ein forvente at det òg har effekt for kalvingsområda.

Bjørn Lødemel (H) [11:20:18]: Eg takkar for svaret.

Det er ikkje tvil om at rovviltsituasjonen i Nord-Trøndelag er dramatisk. Det er dokumentert åtte ynglingar av jerv – det skal vere fire. Det er elleve ynglingar av gaupe – det skal vere seks. Det er svært mykje som tyder på at kongeørnbestanden kanskje er dobbelt så stor som han skal vere. I tillegg, når det gjeld bjørn, er det to ynglingar – og talet skal opp til fire.

Også statsråden må sjå at dette får dramatiske konsekvensar både for beitenæringa og for den sørsamiske tamreindrifta. I Luru reinbeitedistrikt har dei samla rein for å slakte sist veke, og med ein flokk på 1 000 dyr har det vore slakta 300 dyr – no blei det slakta 96 dyr. Utan dei ekstraordinære tapa skulle denne flokken vore på 1 400 dyr, og det skulle kunne slaktast 500–600 dyr – istadenfor 96 dyr, som det var slakta no. Dette er svært dramatisk.

Kva vil statsråden heilt konkret gjere for å redusere den totale rovviltbelastninga for den sørsamiske tamreindrifta i Nord-Trøndelag?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:21:25]: Lat meg berre først seie at bestandsstatus for gaupe og jerv siste året vi har tal frå, er at talet ligg noko over bestandsmålet regionalt, men ikkje så mykje over som åra før. Særleg for gaupe er det lågare tal, og det same gjeld nasjonalt. Så for gaupe har vi lukkast i å få talet ned mot bestandsmålet. Som eg gjekk gjennom i mitt svar, arbeider vi med å gjennomføre tiltak for å få til det same for jerv. Det er fordi det er viktig at når vi har bestandsmål, må vi forvalte i tråd med det – nasjonalt og så godt som mogleg òg regionalt.

Så gjekk eg jo gjennom i mitt svar at vi òg gjennomfører ganske mange tiltak spesielt retta mot regionen og problema knytte til kalvingsområdet for tamrein, ikkje minst for å få meir kunnskap. Vi har òg eit ganske stort lyft for rovviltområdet på mitt budsjett for neste år, med 22 mill. kr ekstra samla sett.

Bjørn Lødemel (H) [11:22:33]: Eg takkar for svaret.

Det er jo ikkje tvil om at rovviltbestandane i Nord-Trøndelag i desse kalvingsområda er omtrent dobbelt så store som dei skal vere. Det får dramatiske konsekvensar, særlig i forhold til tap av kalv. Ein reineigar som er med i NINA-prosjektet om produksjon og tap innan reindrifta, viser til at berre 60 pst. av simlene hadde kalv i juli. I oktober var det redusert til 30 pst. Dette får store konsekvenser for produksjonsdyr, i tillegg til at det får dramatiske konsekvensar for økonomien.

I rovviltforliket, punkt 2. 2.8, heiter det:

«Det skal iverksettes nødvendige tiltak både innenfor rovdyrforvaltningen og reindriften med sikte på å sikre situasjonen for sørsamisk tamreindrift.»

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag har lagt fram ei skisse for rovviltnemnda der han foreslår å endre dagens ynglingssone og omlokalisere og konsentrere forekomst av bjørn, jerv og gaupe i Indre Namdal – midt i det viktigaste kalvingsområdet.

Mitt spørsmål er: Kva vil statsråden gjere for å hindre at dette skjer, og for å sikre sørsamisk tamreindrift, slik som det står i rovviltforliket?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:23:43]: Som eg sa, gjer vi ganske mykje for spesielt å ta denne utfordringa på alvor. Kjerneproblemet er at det å drive med tamrein, er arealkrevjande, ikkje sant – ein driv med det stort sett i heile fylket. Det å ha rovdyr er òg arealkrevjande. Det er motsetningsfylt å vareta begge omsyn. Dermed må ein gjennomføre tiltak der ein kan handtere det på best mogleg måte. Derfor har vi investert ein god del midlar i å forske og å skaffe oss kunnskap om det. Vi jobbar med ulike førebyggjande tiltak. Men kanskje aller viktigast: Vi jobbar med å få bestandane ned mot det som er bestandsmålet òg regionalt. Berre for å ta dei tala eg har: Det siste talet vi har for gaupe i 2012, er 14 – og bestandsmålet er 12. Vi har fått det betydeleg ned mot bestandsmålet.