Stortinget - Møte onsdag den 28. november 2012 kl. 10

Dato: 28.11.2012

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Bjørn Lødemel (H) [11:25:28]: «E39 Kvivsvegen blei opna 22. september 2012. To månader etter at den nye parsellen mellom Grodås og Volda blei opna, er han ennå ikkje skilta frå Volda-sida. I avisa Møre-Nytt står det at seksjonsleiar i vegavdelinga i Møre og Romsdal, Ole Jan Tønnesen, ikkje kan love nytt skilt i Volda. Det er svært underleg at ein så viktig veg ikkje skal skiltast, sjølv om han ikkje blir fullverdig del av E39 før Hjartåberget opnar i 2013.

Kva vil statsråden gjere for å få på plass ei fornuftig skilting omgåande?»

Statsråd Marit Arnstad [11:26:04]: Ved åpningen av Kvivsvegen har Statens vegvesen valgt en skiltløsning for Stigedalen og Kvivsvegen som kan bidra til å redusere trafikkoverføringen til Kvivsvegen i perioden fram til rassikringen av Hjartåberga er ferdig høsten 2013. Begrunnelsen for dette er at den rasutsatte strekningen ikke er ferdig rassikret før neste år, og til dels ulemper knyttet til anleggsarbeid og anleggstrafikk på Hjartåberga og tilstøtende parseller. I den forbindelse har det også blitt bestemt at ferjesambandet Volda–Folkestad ikke blir overført fra staten til fylkeskommunen før Hjartåberga åpnes for trafikk, jf. Samferdselsdepartementets budsjettforslag for 2013.

Skiltløsningen som er valgt, innebærer at det meste av dagens skilting opprettholdes uendret fram til høsten 2013, men med visse tilpasninger som innebærer at Kvivsvegen til en viss grad også er skiltet som E39. Jeg er kjent med at det er til dels motstridende oppfatninger i regionen omkring skilting. I september ble jeg spurt av representanten Bård Hoksrud om jeg ville instruere Statens vegvesen til å avvente skilting til ny E39 over Kvivsvegen til etter at rassikringen av Hjartåberga var ferdigstilt i 2013. I mitt svar da sa jeg meg enig med representanten Hoksrud i at det er ønskelig å redusere overføringen av trafikk til Kvivsvegen inntil Hjartåberga blir åpnet, men at skiltløsningen også bør informere trafikantene om den korteste reisetiden der noe annet ville bli oppfattet som svært urimelig. Dette gjelder først og fremst ved Kjøs bru.

Den valgte skiltløsningen tar hensyn til trafikksikkerhet, samtidig som hensynet til skilting av raskeste vei også er ivaretatt der det er ansett som nødvendig. Jeg ønsker ikke å revurdere skiltløsningen som er valgt i Volda og på Hjelle.

Bjørn Lødemel (H) [11:27:56]: Eg takkar for svaret.

Då har vi ein veldig merkeleg situasjon der ein senterpartistatsråd opnar ein ny veg med pomp og prakt i september, og ein annan statsråd ikkje ønskjer å skilte han. Per i dag er det ingen skilt som viser verken Kvivsvegen, Grodås, Stranda eller Stryn, og dei viser ikkje fv. 60 eller rv. 15 frå Volda-sida. Det er jo merkeleg at ein bruker 1 mrd. kr og byggjer ein ny veg der vi i dag har ein årsdøgnstrafikk som er dobbelt så stor som prognosen opphavleg var. Det køyrer 1 200 bilar kvar dag, og det skal stå null skilt – ikkje skilt på Volda-sida i det heile, verken på ferjekaia, i rundkøyringa ved sjukehuset, ingen skilt. Eg tykkjer det er utruleg passivt av statsråden ikkje å sjå at ein må ha ei eller annan form for skilting, anten fram mot fv. 60 på Grodås, mot Stranda eller mot rv. 15 mot Stryn.

Eg vil be statsråden komme med ein kommentar om kvifor det ikkje kan stå eit einaste skilt på Volda-sida.

Statsråd Marit Arnstad [11:29:07]: Som sagt er det ikke snakk om ikke å skilte, men om å avvente skiltingen til man har fått gjennomført rassikringen av Hjartåberga, som man nå er i full gang med, og som vil være ferdig i 2013. Deretter vil selvsagt strekningen bli skiltet E39 som planlagt. Som jeg også viste til i mitt svar, er det bl.a. trafikksikkerhetsgrunner og anleggsmessige grunner til at man avventer full skilting.

Jeg har også lyst til å si at jeg ikke helt vet om det medfører riktighet det representanten sier, fordi Kvivsvegen vil bli skiltet som E39 der det ikke har betydning for bilistenes veivalg. Det vil være ved Kjøs bru og også på strekningen Grodås–Geitvika.

Bjørn Lødemel (H) [11:29:59]: Eg takkar for svaret. Det er skilta frå Grodåssida. Det som er mitt store spørsmål, er kvifor dei ikkje kan bruke same tankegangen frå den andre sida. Det får vi eventuelt komme tilbake til.

Men det er også ei anna side når det gjeld skilting, som går på kart og kartdata. Denne vegen, på same måten som bl.a. Jondalstunnelen og andre vegstrekningar, er ikkje kommen inn på kartdata. Dei står ikkje på Gule Sider, dei står ikkje på Google Maps, og dei står ikkje på 1881.no/Kart. Det manglar kartdata for at dei kan leggast inn slik at folk ser kor dei skal køyre. Vi ser også at GPS-ane hyler når ein kjem ut av Riksveg 15 i retning mot Volda, så når det gjeld både kartdata og GPS, er ikkje desse oppdaterte. Det burde vore gjort – same dagen som ny veg opna, burde det også komme inn på kartdata. Det viser seg at det kan gå eit halvt år før desse kartdata blir oppdaterte. Det er altfor tregt.

Eg har vidare eit spørsmål: Kva vil statsråden gjere for å sørge for at kartdata og karta ein lagar, blir oppdaterte på same tid som ein ny veg blir opna?

Statsråd Marit Arnstad [11:31:10]: Jeg skjønner jo at det er delte meninger om dette, ettersom jeg i Stortinget nå i løpet av kort tid har stått og besvart spørsmål som går i stikk motsatt retning.

Jeg må gjenta at det som nå skjer, er en midlertidig ordning fram til rassikring av Hjartåberget er ferdigstilt. Den skiltingen som nå er i området, er midlertidig. Den permanente skiltingen av Kvivsvegen som en del av E39 vil komme på plass i løpet av neste høst, når rassikringen av Hjartåberget er ferdig. Da vil selvsagt også det som går på GPS og andre bilbaserte navigasjonssystemer osv., komme på plass til samme tid.