Stortinget - Møte onsdag den 18. juni 2014 kl. 9

Dato: 18.06.2014

Dokumenter: (Innst. 296 S (2013–2014), jf. Prop. 116 S (2013–2014))

Sak nr. 3 [15:12:20]

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2014 mv.)

Talere

Votering i sak nr. 3

Helge André Njåstad (FrP) [15:12:41]: (leiar i komiteen og ordførar for saka): Eg treng ikkje 30 minutt i denne saka, så presidenten kan berre ringa til votering.

Det er standard prosedyre for Stortinget kvar vår å vedta endringar i statsbudsjettet på grunn av lønsoppgjeret. LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikerne kom til einigheit med staten under meklinga i årets lønsoppgjer. Oppgjeret har ei ramme på 3,3 pst. og inneber dermed ein lønsvekst som ligg innanfor dei rammene som konkurranseutsett sektor legg seg på.

Komiteen har ingen merknader til proposisjonen og anbefaler at ein vedtek den innstillinga som ligg føre.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

Votering i sak nr. 3

Komiteen hadde innstilt:

I

I statsbudsjettet for 2014 vert det gjort følgjande endringar:

Utgifter
2315Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet
1Driftsutgifter, løyvd med1 616 000 000
0502Tilskot til kompetanseutvikling
70Tilskot, kan overføres, løyvd med17 500 000
0503Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde
Tilskot, auka med7 209 000
70frå kr 159 021 000 til kr 166 230 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2014 vert gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat,Unio og Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 26. mai 2014.

III

For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romertall II og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romertall II gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

IV

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2014 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlege tenestetvistar av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.

V

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.