Stortinget - Møte torsdag den 21. mai 2015 kl. 10

Dato: 21.05.2015

Sak nr. 7 [14:10:47]

Interpellasjon fra representanten Bård Vegar Solhjell til kommunal- og moderniseringsministeren:
«Sogn og Fjordane er eit fylke med mange sterke kvalitetar. Låg arbeidsløyse, god folkehelse, flott natur og skular med gode resultat. Fylket skapar store verdiar, m.a. frå energiproduksjon, industri, reiseliv og sjømat. Det er samstundes eit distriktsfylke, utan storbyar og med spreidd busetnad, som har utvikla seg gjennom aktiv distriktspolitikk og ved å dyrke sine særtrekk. Regjeringa har lansert ei rekkje reformer eller «strukturendringar» i offentleg sektor, som i realiteten kan bety omfattande sentralisering bort frå fylket. Dette kan verte situasjonen innan politiet, i høgskulesektoren, i organiseringa av skattekontor, jordskifterett, Fiskeridirektoratet og i organiseringa av alarmsentralar. Samstundes vert fylket råka av endra overføringar til fylkeskommunen. I sum kan dette svekkje fylket og tappe det for kompetanse.
Vil regjeringa utvikle og styrke Sogn og Fjordane fylke, og i så fall korleis?»

Talere

Bård Vegar Solhjell (SV) [14:12:04]: Eg la merke til at representanten Rotevatn sa at det snart går mot helg. Eg kan love at der eg kjem frå, går det ikkje mot helg klokka 14 på ein torsdag. Det er inga unnskyldning for ikkje å delta i ein debatt.

Eg vaks opp i Sogn og Fjordane, er knytt til fylket og bryr meg om det. Men det er ikkje derfor eg har reist denne interpellasjonen. Alle fylka våre har heldigvis representantar som er knytte til dei og vakse opp i dei.

Eg reiser interpellasjonen fordi Sogn og Fjordane er ein suksess – ein litt annleis suksess enn dei fleste av regionane og fylka våre, og fordi vi etter mitt syn ser konturane av ein politikk frå regjeringa som svekkjer grunnlaget for den suksessen, ikkje styrkjer den.

Det er slik at svært mykje i samfunnet vårt ikkje kan målast. Men i den grad suksess kan målast, er Sogn og Fjordane eit suksessfylke. Fylket har høg sysselsetjing, låg arbeidsløyse og gode skuleresultat. Det har låg kriminalitet, god folkehelse, få skilsmisser og vert ofte kalla trivselsfylket. Fylket skapar store verdiar m.a. frå energiproduksjon, industri, reiseliv og sjømatnæring.

Prognosane for folketalet framover er òg stabile, men sårbare. Ein del kommunar får tilbakegang, nokre store kommunar veks, men særleg utfordrande er det at mange unge flyttar ut av fylket, og få kjem tilbake. Det gjer kompetansearbeidsplassar til nøkkelen for å utvikle fylket.

Eg skal dvele litt ved eit av områda der Sogn og Fjordane gjer det bra – ikkje for å plage Stortinget med solskinshistorier, men fordi ho er viktig og ganske illustrerande. Nesten alle som deltek i den offentlige debatten og mange som følgjer med, veit at Oslo-skulen er god. Det veit ein fordi han er god, men kanskje aller mest fordi Høgre i Oslo og nasjonalt har brukt alle sjansar til å fortelje om det. Få veit at skulen i Sogn og Fjordane er like god eller endå betre. Elevane i Sogn og Fjordane får dei beste standpunkt- og eksamenskarakterane i landet. På kommunebarometeret for 2014 forsøkjer ein å måle kvalitet ved skulen på langt breiare vis ved òg å sjå på trivsel og fråfall. Her kjem Bærum best ut, Førde er nr. 2 – to kommunar som statsråden kjenner godt. Seks av dei ti øvste på lista er frå Sogn og Fjordane. Oslo og Akershus og Sogn og Fjordane konkurrerer om å ha dei beste resultata i skulen, men det viktige er: Det som har størst innverknad på elevresultat, er foreldra si utdanning. Der ligg Oslo og Akershus ganske langt over landsgjennomsnittet. Sogn og Fjordane ligg langt under landsgjennomsnittet, men har likevel resultat på nivå med dei nemnde fylka.

Det finst inga enkel forklaring. Ei stor gruppe forskarar har lenge arbeidd med det, og faktorar som foreldreoppfølging, lærarrolla, tett samarbeid med høgskulen og ein kultur for at skulen er viktig, vert trekte fram.

Den enkelte forklaring er heller ikkje det sentrale her, men at mange av forklaringane er knytte til trekk ved korleis fylket er, verdiane der og korleis ein jobbar der. Det same kan vi sjå på andre felt.

Når levealderen er høg og folkehelsa god, heng det saman med livsstilen der basert på kultur og tradisjon. Når kriminaliteten per innbyggjar er låg, heng det saman med at kriminaliteten er lågare, systematisk sett, i spreiddbygde enn i tettbygde område.

I den offentlege samtalen kan vi av og til høyre om dei gode resultata i Sogn og Fjordane. Men eg meiner òg at eg opplever i debatten ei manglande verdsetjing av suksessen frå myndigheiter og andre – ei manglande tru på at det i Sogn og Fjordane er verdiar, institusjonar og hardt arbeid som kan forklare suksessen. Ofte vert det grunngjeve med, av og til i spøk, at det berre er slik. Det er noko eige – at suksessen kjem trass i hardt arbeid og mot alle odds. Kanskje derfor framstår også forslaga om strukturendringar som er oppe til debatt no, så lite logiske og utan verdsetjing av det Sogn og Fjordane oppnår.

I Sogn og Fjordane er det eit særleg vellukka samarbeid mellom skule og høgskule, seier forskarar. Så lat oss leggje høgskulen under andre høgskular, andre stader. Lite logisk.

I Sogn og Fjordane er kriminaliteten låg. Så lat oss leggje politidistriktet under Hordaland, som vel ikkje har vist seg som det fremste føregangsdistriktet i den seinare tida. Lite logisk.

Sogn og Fjordane fylke er van med å vere under press i diskusjonar om struktur på tenester og administrasjon. Men dei har fått ei heilt anna retning og tempo under den nye regjeringa. Ho har sett i verk eit rekkje små og store prosessar for å skape såkalla robuste einingar. Ofte betyr det færre einingar, og i mange tilfelle ligg det forslag på bordet som inneber at administrasjon og tenester skal flyttast ut av Sogn og Fjordane, at det skal slåast saman med andre fylke og at arbeidsplassar forsvinn frå fylket.

Kanskje pregar tidlegare nemnde haldningar i regjeringa også at ho trur suksessen kjem mot alle odds. Og dersom andre fekk styre meir og det vart større einingar, ville Sogn og Fjordane få ut sitt verkelege potensial. Eg meiner det er sterke argument for at det er motsett. Eg meiner at det er Sogn og Fjordanes kvalitetar og verdiar og arbeid som har gjort ein del av suksessen på mange felt.

Lat meg ta særleg tre punkt.

Punkt 1: Sogn og Fjordane illustrerer at små einingar og spreidd busetnad kan fungere godt, og at det gjev nokre fordelar. Det er òg nokre utfordringar knytte til det, men ikkje berre det. Både smått og stort har sine fordelar, og begge delar krev at det vert utnytta for at det skal verte suksess.

Punkt 2: Sterkt samhald og samarbeid kan ofte spele ei rolle. At ein har kultur for det og institusjonar som driv med det, kjem ikkje av seg sjølv. Det må utviklast, og det har fylket klart.

Punkt 3: Sogn og Fjordane har ein sterk vilje til å styre si eiga utvikling, og ei sterk kjensle av å vere eit fylke og ha eit fellesskap som mange andre ikkje har. Ikkje så rart sidan dei òg har godt dokumenterte resultat for at det verkar. Dermed vert motstanden mot mange av grepa sterkare.

For meg verkar det som om regjeringa ikkje forstår Sogn og Fjordane, og heller ikkje verdset det fylket oppnår. I staden for å tenkje slik at ein skal vidareutvikle suksessen, ja, kanskje til og med aktivt spreie ein del av ideane til andre fylke, slik det er stor interesse for, gjer ein det motsette, ein tek ein modell for endring og forsøkjer å få han til å passe over heile landet.

Eg synest det er eit paradoks at nettopp Høgre skal stå bak at kommunar og velferdstenester over heile landet må utviklast i same retning med like og større einingar. Kanskje ein betongsosialist på 1950-talet kunne tenkt slik, men Høgre – det er i alle fall langt frå retorikk til praksis. Eg meiner det er sterke argument for at vi skal tenkje annleis i ulike delar av landet, og late det lokale handlingsrommet vere sterkt.

Så vil eg vektleggje at dette ikkje er eit innlegg om at alt bør vere som før. Endring er nødvendig i alle delar av samfunnet, i alle område i Noreg. Det gjeld Sogn og Fjordane, som det gjeld alle andre fylke. Men eg meiner det ikkje er dokumentert at mange av dei prosessane og forslaga som no ligg på bordet og vert diskuterte, vil gje betre tenester. Det kan vere rett for mange kommunar å slå seg saman, men det kan òg vere rett med mange små kommunar i delar av landet. Det kan vere rett med færre politidistrikt, men det seier seg ikkje sjølv at ingen distrikt skal vere ein del mindre enn dei andre i fylket, fordi dei er forskjellige. Det kan vere rett med færre og sterkare høgskular, men det betyr ikkje at det er rett alle plassar i landet.

Det er ikkje omsynet til sysselsetjinga i eit fylke som kan styre lokalisering og utvikling av tenester anten det gjeld helse, politi eller utdanning. Det må styrast av kvalitet. Men summen av kva slags konsekvensar det får, må likevel på bordet i desse prosessane. Summen av det som no kan skje i Sogn og Fjordane i åra framover, vil verte færre kompetansearbeidsplassar om ein ikkje endrar kursen.

Og kompetansearbeidsplassar er spesielt viktige i eit fylke der utdanningsnivået, som tidlegare nemnt, er lågare enn mange andre plassar, og der det er nøkkelen til å skape vekst. Det er nødvendig for å halde på fleire unge og for å vidareutvikle samfunna. Dessverre er det slik at éin tapt kompetansearbeidsplass har ein tendens til å verte til to, fordi det er familiar som skal ha jobbar – mange av dei med to personar som har høgare utdanning. Og det er vanskelegare for bedrifter og det private å rekruttere folk med høgare utdanning om det ikkje òg er offentlege arbeidsplassar, der det er rom for mange med høgare utdanning.

Eg ser fram til å høyre regjeringas svar på denne utfordringa her, og eg ser ikkje minst fram til den vidare debatten.

Statsråd Jan Tore Sanner [14:21:36]: La meg takke for interpellasjonen og for muligheten til å ta et blikk på regionalpolitikken – og spesielt på Sogn og Fjordane. Jeg kjenner fylket godt, som også interpellanten understreket, og jeg mener at det er all mulig grunn til å dele solskinnshistorier fra Sogn og Fjordane.

Jeg vil starte med å trekke frem Sogndal som et eksempel på en kommune som tiltrekker seg ung, kompetent og innovativ arbeidskraft – unge mennesker som etablerer seg i Sogndal fordi de finner gode fagmiljøer og unike muligheter for friluftsliv. Innovative bedrifter og gründere bygger kompetansemiljøer som de bruker i rekrutteringen, sammen med det unike Sogndal kan tilby av opplevelser, livsstil og natur. Dette tror jeg er en god måte for mellomstore tettsteder å konkurrere med byer om kompetanse og innovative bedrifter, nettopp ved å fremheve hva som gjør dem ulike og unike, og Sogndal med Fosshaugane Campus er et eksempel på at det fungerer.

Det er bred enighet om at Norge står overfor en nødvendig omstilling for å kunne trygge jobber og sikre velferden. En god distriktspolitikk er en del av svaret. Noen av de viktigste ressursene vi har, ligger nettopp i distriktene og er godt fordelt i vårt langstrakte land. Da må vi føre en politikk som skaper sterke regioner – også i Sogn og Fjordane.

Det viktigste for å sikre vekstkraftige regioner er et næringsliv som er i stand til å ta vare på og skape attraktive og lønnsomme arbeidsplasser. Det viktigste vi kan gjøre for å sikre vekst og verdiskaping i hele landet, er å skape gode vilkår for næringslivet, gi muligheter til å skape verdier og arbeidsplasser av naturressurser, øke investeringsviljen og innovasjonstakten. Vi satser mer på det som skaper vekst og utvikling. Derfor har vi valgt å vri noe av de distriktspolitiske tilskuddene over til investeringer i fylkesveier og annen infrastruktur, samtidig som vi spisser distriktspolitiske virkemidler og retter dem mer mot næringsliv og nyskapning,

Norge er et mangfoldig land, og det er fra naturens side få rette streker på norgeskartet. Både vei, bane og ferge er en viktig del av en god distriktspolitikk. Veier knytter landet tettere sammen og gjør veien kortere fra arbeidsplass og bedrift til kunder og markeder. God samferdsel gjør at flere kan bo og arbeide i distriktene.

Bevilgningene til fylkesveier er i vår regjeringsperiode foreslått økt med 1,2 mrd. kr. Nå foreslår vi en ny ordning for fergeavløsning for fylkesveier, som innebærer at fergepenger kan investeres i broer og tunneler. Vårt forslag er godt mottatt i Sogn og Fjordane. I revidert nasjonalbudsjett foreslår også regjeringen 20 mill. kr i oppstartsbevilgning for å utbedre og rassikre E39 mellom Bjørset og Skei.

Vi vil bedre rammebetingelsene for dem som vil etablere nye bedrifter, og ruster Norge for fremtiden gjennom å heve kvaliteten på kunnskap og ved å satse på mer forskning og innovasjon. Sterke næringsmiljøer trenger kompetansemiljøer. Derfor foreslår regjeringen en satsing på subsea-utdanningen i Florø i revidert nasjonalbudsjett.

Over tid vil gode faglige og produktive miljøer være det beste virkemidlet for å sikre sysselsettingen, uansett hvor man bor i landet. Sogn og Fjordane har et dynamisk og variert næringsliv og mange andre sterke kvaliteter som representanten Solhjell omtaler i sin interpellasjon.

Den differensierte arbeidsgiveravgiften er et annet kraftig distrikts- og regionalpolitisk virkemiddel, som utgjør 14 mrd. kr. Næringslivet i Sogn og Fjordane nyter godt av lavere arbeidsgiveravgift.

De utfordringer som fylket står overfor, må først og fremst løses av aktører i fylket. Regjeringens ansvar er å bidra med gode rammebetingelser og muligheter for utvikling. Vi må føre en politikk som gjør at Sogn og Fjordane får utnyttet sin styrke og benyttet sitt potensial – og det gjør vi. La meg ta et eksempel: Verden etterspør mineraler, og mineralene finnes i våre fjell, bl.a. i Sogn og Fjordane.

Regjeringen har sagt ja til Engebøprosjektet. Dette prosjektet vil skape 300 langsiktige arbeidsplasser i Sunnfjordregionen og en årlig verdiskaping på 500 mill. kr. Vi har brukt tid på den beslutningen. Mange har ventet lenge, men vi ville være sikre på at vi kunne si ja til både nye arbeidsplasser og en god løsning for miljø og sjømattrygghet. Det fikk vi til. Vi har stilt de strengeste utslippskravene noensinne. Derfor kunne vi si ja, og med den beslutningen åpner vi for et nytt norsk industrieventyr nettopp i Sogn og Fjordane.

Representanten Solhjell tar opp spørsmålet om fylkenes inntektssystem og konsekvensene for Sogn og Fjordane. Endringene Stortinget nå har vedtatt, burde ikke overraske noen. Inntektssystemet har vært mer eller mindre uforandret siden midten av 1990-tallet. Samfunnet har endret seg mye siden den gang. Den forrige regjeringen varslet endringer flere ganger, men klarte aldri å konkludere.

Etter oppdateringen av inntektssystemet vil Sogn og Fjordane fremdeles ha et inntektsnivå som er betydelig over landsgjennomsnittet. I budsjettet for 2015 er landsgjennomsnittet for fylkenes frie inntekter per innbygger om lag 12 000 kr. For Sogn og Fjordane er anslaget om lag 20 000 kr. Selv om fylket også har høyere utgifter, er dette et betydelig høyere nivå, og det er det høyeste i landet.

Regjeringen har satt i gang en rekke reformer på ulike områder for å sikre innbyggerne bedre tjenester der de bor, nå og i fremtiden. Felles for reformene er at de ikke skyldes regjeringens ønske om å forandre Norge, men at Norge er forandret. Å tviholde på strukturer fra 1950-, 60- og 70-tallet er ikke svaret på de utfordringene vi står overfor i tiårene som kommer. Å si nei til utvikling kan fort bli et ja til økt sentralisering.

Kommunereformen er et godt eksempel på en reform som gir kommunene mulighet til å skape sterkere fagmiljøer og dermed enda mer attraktive kommuner for innbyggere og nytt næringsliv. Målet med reformen er god tjenesteproduksjon og trygge lokalsamfunn i tråd med dagens behov. Når grenser for politidistrikter og plassering av politi- og lensmannskontorer endres, gir ikke det færre politimenn og -kvinner som resultat. Det viktigste med politireformen er å sikre flere politibetjenter der folk lever og bor.

Skattedirektoratet og Fiskeridirektoratet har begge kommet med anbefalinger som berører regionale strukturer og plassering av arbeidsoppgaver. Vi har nå avklart at Fiskeridirektoratets regionkontor fortsatt skal være i Måløy.

Ved regjeringens forslag om overføring av skatteoppkreverfunksjonen til Skatteetaten er det lagt opp til at oppgaver overføres til kontoret i Eid, i tillegg til kontorene i Leikanger og Førde. I kampen mot svart arbeid og økonomisk kriminalitet blir det sårbart når kommuner har enkeltstillinger til denne oppgaven. Men selv om skatteoppkreverfunksjonen gjøres statlig, og kompetansemiljøene samles, beholdes kompetansen i Sogn og Fjordane – nettopp ved å bygge sterkere miljøer i Eid, Leikanger og Førde. I en endring der Finansdepartementet har ambisjoner om å spare over 400 årsverk, er nettopp de sterke fagmiljøene i Sogn og Fjordane prioritert. Fylket beholder totalt sett alle dagens 35 årsverk til skatteoppkreving.

Statsforvaltningen har varierte typer virksomheter i Sogn og Fjordane, som Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde, Difi i Leikanger, Distriktssenteret i Sogndal, Skatteopplysningen i Leikanger og Fiskeridirektoratet i Måløy. Dette er eksempler på at det er politisk vilje til å styrke utviklingen i Sogn og Fjordane med kompetansearbeidsplasser.

I tillegg til å sikre tjenester til befolkning og næringsliv er mange av de statlige arbeidsplassene svært viktige kompetansearbeidsplasser i lokale og regionale arbeidsmarkeder. Regjeringen endret «Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon» høsten 2014. Nå er det satt tydeligere krav til hvordan prosessene rundt lokaliseringsspørsmålene skal gjennomføres. Det er bl.a. stilt krav til at fagdepartementene alltid skal ta de avgjørende beslutningene om lokalisering.

Regjeringen har allerede tatt initiativ til å flytte statlige arbeidsplasser ut av Oslo og etablere statlige virksomheter andre steder i landet. Pasientskadenemnda skal ut av Oslo. Bergen får nytt klageorgan for helsetjenester med 100 nye arbeidsplasser. Vi skal etablere et valgdirektorat i Tønsberg, og helseministeren har varslet at det nasjonale IKT-senteret for norske sykehus plasseres i Bergen, mens senteret for sykehusbygg legges til Trondheim, og en ny avdeling i Forbrukerrådet legges til Tromsø.

Dagens og morgendagens utfordringer og muligheter krever at vi fornyer statlige etater og tjenester. Målet er at innbyggere og næringsliv skal få bedre hjelp.

Det er en styrke og en kvalitet ved Norge at folk bor og trives i alle deler av landet. Slik ønsker vi at det fortsatt skal være. Regjeringen vil ha sterke distrikter med attraktive lokalsamfunn og næringsmiljøer.

Ingjerd Schou hadde her overtatt presidentplassen

Bård Vegar Solhjell (SV) [14:32:01]: Eg vil takke statsråden for svaret, som eg synest det var mykje godt i. Det var eit ryddig svar, men samtidig eit svar som i liten grad peika på ein gjennomgåande strategi for Sogn og Fjordane, og som eg synest i liten grad svara på mange av dei problemstillingane eg tok opp. Ein god del av dei generelle verkemidla som vart tekne opp her, frå den differensierte arbeidsgjevaravgifta via samferdslesatsinga, er det brei einigheit om. Dei verkar og er viktige for heile landet, og vi kan diskutere i detalj kven som har vore best i ulike periodar på dei ulike tinga.

Men dei spesifikke verkemidla som er oppe til debatt her, har i det siste vist seg i stor grad å gå i gal retning for Sogn og Fjordane. Det var litt overraskande for meg at statsråden valde å trekkje fram regionalpolitikken, som jo ikkje akkurat har vorte styrkt under den nye regjeringa. Og det er heilt riktig at eg kjenner godt til forslaga om endringar i finansieringa av fylkeskommunen, og grunnen til at eg kjenner godt til det, er at det ikkje vart gjennomført av den regjeringa eg sjølv var medlem av. Det var altså ikkje tilfeldig, det var bevisst. Og den nye regjeringa har valt like bevisst å gjennomføre det med dei konsekvensane det òg har fått for Sogn og Fjordane.

Så inviterer statsråden til ein mineraldebatt her. Eg tek gjerne imot den invitasjonen – det var like bevisst at eg ikkje tok det opp i mitt innlegg no. Det er heilt riktig at regjeringa har sagt ja til reguleringsplanen for Engebøprosjektet, og det er òg riktig at han vil gje ein del midlertidige arbeidsplassar og ein del varige arbeidsplassar.

Men det som ein tydeleg kan sjå med denne no, er to ting: Det er for det første at det er ein sterk lokal motstand mot det i den regionen som har fått det. Ifølgje meiningsmålingane er det eit ganske klart fleirtal i Sunnfjord som går imot det, og det er ein sterk politisk motstand mot det frå dei største kommunane. Så er det òg ein sterk skepsis frå dei andre etablerte delane av næringslivet i den same regionen, og det er fordi vi snakkar om kva som er sjømatnæring i same fjorden som omsette for borti 300 mill. kr siste år, og fordi reiseliv og turisme er ei stor næring, og dette er eit prosjekt som kan utgjere ei utfordring for begge to.

Men kanskje viktigast: Dette er trass i alt ei næring som i avgrensa grad vil gje kompetansearbeidsplassar, så det er eit veldig dårleg bytte for Sogn og Fjordane viss dei får arbeidsplassar som ikkje i særleg krev høgare kompetanse, medan dei systematisk vert tappa for det.

Så eg håper det kan verte ei god debatt, og at vi i større grad kan adressere kvifor vi ikkje, når vi skal gjere nødvendige omstillingar, kan styrkje og utvikle ein modell – fylke og verdiar – som har vist seg å vere ein suksess, i staden for å omstille med den same modellen i Sogn og Fjordane som skal brukast i heilt andre fylke i Noreg.

Statsråd Jan Tore Sanner [14:35:22]: La meg først si at jeg besvarte interpellasjonen, men interpellasjonen er på mange punkt utdatert. Vi har avklart at Fiskeridirektoratet skal være i Måløy. Det er slått fast når det gjelder jordskifteretten, at det ikke skal bli noen endringer på det punktet. Det er avklart at 35 kompetansearbeidsplasser innenfor skatt skal forbli i Sogn og Fjordane, men i sterkere miljøer som vi også mener kan gi gode ringvirkninger. Høgskolen i Sogn og Fjordane kommer fortsatt til å bli i Sogndal, og jeg trakk nettopp frem det sterke miljøet man har i Sogndal, hvor man ser hvordan privat næringsliv, gründere, unge mennesker, kompetanse ved høyskolen spiller godt sammen, og hvor man får til en fantastisk utvikling.

La meg også si at jeg er litt overrasket over hvordan – det burde jeg kanskje ikke være, men la meg likevel konstatere – representanten Solhjell konsekvent snakker ned privat verdiskaping. Private arbeidsplasser og private bedrifter snakker representanten Solhjell ned. Det skal man kanskje ikke overraskes over, fordi her er det forskjellige innfallsvinkler mellom venstresiden og sentrum-høyre. Vår oppfatning er at den beste distriktspolitikken er investeringer i infrastruktur, i samferdsel. Og er det ett krav jeg får når jeg kommer til Sogn og Fjordane, er det jo nettopp: Invester i samferdsel! Og det gjør vi. Vi har nå også fått på plass en ordning med fergeavløsning, som skapte jubel i Sogn og Fjordane.

Så er det selvsagt viktig at vi har kompetansearbeidsplasser, statlige kompetansearbeidsplasser, og ja, det sikrer vi i Sogn og Fjordane. Og Sogn og Fjordane er et fylke som har kommet godt ut nettopp gjennom det.

Tilbake til fylkenes inntektssystem: Det er viktig at vi har et rettferdig inntektssystem for fylkeskommunene. Når inntektssystemet bygger på kostnadsnøkler som er 15–20 år gamle, er det åpenbart at det er utdatert. Men den forrige regjeringen klarte ikke å konkludere, selv om man satt med regjeringsmakten i åtte år. Vi har konkludert, og det betyr at Sogn og Fjordane fortsatt vil ha om lag 20 000 kr per innbygger i frie inntekter, mens gjennomsnittet ligger på 12 000–15 000 kr. Det betyr at Sogn og Fjordane fortsatt ligger høyest, og det betyr at vi også gir gode rammebetingelser for den politikken som skal føres i Sogn og Fjordane.

La meg helt avslutningsvis si at jeg også er litt overrasket over at representanten Solhjell etterlyser en strategi fra regjeringen for Sogn og Fjordane. En slik strategi har Sogn og Fjordane allerede utviklet – fylkeskommunen jobber bra med det. Det er viktig at samfunnet vårt utvikles og skapes nedenfra, og da må vi satse på de sterke kreftene som er i fylket, som er i regionen.

Ingrid Heggø (A) [14:38:39]: Aller først vil eg gje ros til interpellanten som reiser denne debatten. Han handlar jo eigentleg ikkje berre om Sogn og Fjordane; han handlar om korleis ein ser på heile distriktspolitikken. Så det ligg i det heile ikkje i ministeren sitt bilete at regjeringa legg til rette for vekst i mitt heimfylke. Eg deler vel meir det biletet som folk flest i Sogn og Fjordane har om at så ikkje er tilfellet.

Problemstillinga frå interpellanten synest eg framleis ikkje er svara på, etter at eg har høyrt to innlegg frå ministeren, for faktum er at den blå brisen som fór over fylket med lovnad om nye idear og betre løysingar, viste seg å innehalde ganske mange mørke skyer som vart til ein orkan som demonterer fylket vårt bit for bit.

Politireforma er nemnd her – vi skal jo vente og sjå korleis det blir, men at det vert ein auke i nærpolitiet, har eg ikkje tru på. Alarmsentralen – vert han eller vert han ikkje verande? Brannvesenet – kva kjem til å skje der? Høgskulen – vert det ei styrking frå regjeringa si side på Høgskulen? Skatteinnkrevjinga er nemnd her – no skal det vera på tre plassar. Det er ikkje akkurat ei styrking, men dei har putta det på tre plassar. Domstolane, Bioforsk i Fjaler, f.eks. – kor skal ein forske på jordsmonnet dersom det ikkje er på Vestlandet, der jorda ligg? Alt dette og meir til vert sett i spel, og sjølv om ministeren hevdar det motsette, at her er det vekst og fryd, rykkjer ein faktisk opp med rota den eine kompetansearbeidsplassen etter den andre – og det under denne forenklingsfana, sentraliseringsfana gjerne, og at ein skal ha robuste nok miljø.

Det er riktig at fylkeskommunen har fått ein ny inntektsmodell som medfører alvorlege innstrammingar i mitt fylke, og kor rettferdig den modellen er, ja, det kan vi ha ein eigen interpellasjonsdebatt om. Det følest ikkje særleg rettferdig at innbyggjarane i mitt fylke skal ha dårlegare tilbod enn innbyggjarane i andre fylke på grunn av ei omlegging av ein modell som gjer at vi må stramma alvorleg inn. Og når ein ser på kommunane og inntektene dei har fått, ser eg ikkje heller at skattesvikten er kompensert frå regjeringa si side. Då er det ikkje så rart at vi spør kva regjeringa vil med fylket mitt, og kva regjeringa vil med Distrikts-Noreg. Vi andre ønskjer jo vekst og utvikling. Er det det ein ønskjer, må vi jo få att verkemidla, vi må få igjen verktøyet til at vi kan ha vekst og utvikling. Dei mange omorganiseringane og reformene som er sette i gang, forsterkar sentraliseringa av statstenestene og fører til endå større press på byane. Kvar for seg kan det synast naturleg og rett å gjennomføra omstilling i fleire av sektorane, men når desse endringane vert pressa fram i eit høgt tempo og heilt utan samordning, ber det faktisk galt av stad.

Det har vore stor verdiskaping i Distrikts-Noreg. Eg kan nemna energiproduksjon, fiskeri, landbruk, metallproduksjon, oljerelaterte næringar, reiseliv og skipsverft – det er mange gode døme på det. Men flytting av statlege verksemder ut av distrikta fører til færre kompetansearbeidsplassar og vil gjera mange fylke og kommunar mindre attraktive og konkurransedyktige. Det må faktisk ein viss storleik til for å tiltrekkja seg eit breitt spekter av kompetansearbeidsplassar, som igjen gjev grobotn for nye verksemder og ny aktivitet for vekst.

Nærleik til utdanningsinstitusjonane og god infrastruktur er òg veldig viktig, og gode døme går det fint an å finna – som ministeren sjølv trekte fram her – f.eks. Difi på Leikanger, Fiskeridirektoratet i Måløy og Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde.

Så er det òg mange private bedrifter på noregstoppen som kjem frå fylket mitt. Eg kan nemna Hydros teknologisenter i Årdal, som utviklar verdast reinaste aluminium med minst mogeleg karbonavtrykk, Brødrene Aa i Hyen, verdsleiande. Vi har mange, men vi må ha verkemidla tilbake, så vi kan få meir vekst og utvikling.

Bjørn Lødemel (H) [14:43:55]: Eg vil også takke interpellanten for å reise ein debatt i Stortinget om mitt heimfylke, Sogn og Fjordane, og eg er samd med interpellanten i dei positive og gode sidene ved Sogn og Fjordane, som t.d. gode skuleresultat, flott natur og god folkehelse.

Interpellanten viser til at strukturendringar som regjeringa har lansert, vil føre til ei omfattande sentralisering bort frå fylket, og han viser til politi, høgskule, skattekontor, jordskifterett, fiskeridirektorat og alarmsentralar. Det er med stor glede eg kan tilbakevise dei fleste av desse påstandane. I dag fekk vi nyheita om at regionkontoret for Fiskeridirektoratet blir i Måløy, frå før veit vi at høgskulen skal halde fram som sjølvstendig eining, og når det gjeld politireforma, blei det i Politianalysen som den raud-grøne regjeringa fekk utarbeidd, føreslege å redusere talet på politidistrikt frå 27 til 6 – berre for å nemne tre av reformene i rekkja til interpellanten.

Interpellanten viser også til at fylket blir råka av endringar i den fylkeskommunale økonomien. Dette kan umogleg kome overraskande på interpellanten. Det var varsla endringar i inntektssystemet for fylkeskommunane i statsbudsjettet kvart einaste år dei siste åra av den raud-grøne regjeringa, utan at dei våga å gjere noko med det.

Då Høgre–Framstegsparti-regjeringa la fram det nye inntektssystemet i kommuneproposisjonen 2014, kom det sterk kritikk frå raud-grøne politikarar både sentralt og lokalt. Det er ikkje tvil om at desse politikarane ønskte å svartmåle situasjonen så mykje som råd, for å ha ei god valkampsak i den lokale valkampen i 2015.

I dag ser vi at mykje av denne kritikken har stilna. Fylkespolitikarane har vore gjennom krevjande kuttrundar der det meste har blitt vurdert, og dei har klart å skjerme dei viktigaste fylkeskommunale oppgåvene. Det er lenge til 2019, når det nye inntektssystemet vil vere fullt ut gjennomført. Det skal leggjast fram statsbudsjett både i 2015, 2016, 2017 og 2018 før dei endelege tala er klare, så det er mykje som vil endre seg fram til det.

Interpellanten er kritisk til det som regjeringa gjer for Sogn og Fjordane, men han tek ikkje nokon sjølvkritikk på det han sjølv var med på, som statsråd i ei raud-grøn fleirtalsregjering. Eg har allereie nemnt at den raud-grøne regjeringa ikkje våga å få på plass nytt inntektssystem for fylkeskommunane i mange år. Dei var også feige når det gjaldt å ta avgjerd i tre viktige traséval for E39 på Vestlandet. Det same gjaldt mineralutvinning i Engebø, ei sak som låg på interpellanten sitt bord i lang tid. I tillegg til desse sakene hugsar alle rotet med den nye 420 kW-linja gjennom fylket, der senterpartistatsråden køyrde slalåm gjennom heile fylket og interpellanten som miljøstatsråd godkjende traseen gjennom eit naturreservat. Denne saka ligg no i Høgsterett.

Eg vil påstå at den raud-grøne regjeringa svikta Sogn og Fjordane på mange område. Vår regjering gjer det stikk motsette. Eg skal nemne tre konkrete saker som har svært stor betyding for vårt fylke, som Høgre–Framstegsparti-regjeringa har fått på plass den siste tida.

Ferjeavløysingsordninga for fylkesvegane betyr at tre–fire fylkesferjesamband kan avløysast av bruer og/eller tunnelar, med ein samla prislapp på fleire milliardar kroner. Dette klarte ikkje den raud-grøne regjeringa å få til på åtte år. Vi leverte på eitt år.

Regjeringa tok ei modig og klok avgjerd om å godkjenne reguleringsplanen for gruvedrift i Engebøfjellet og har med dette lagt til rette for eit industrieventyr i Sunnfjord og Sogn og Fjordane som vil gje 300 arbeidsplassar og ei verdiskaping på 500 mill. kr kvart år dei komande 50 åra. Den raud-grøne regjeringa klarte ikkje eingong å ta ei avgjerd.

Etter vel eitt år med Høgre–Framstegsparti-regjering ligg det no ei sak i Stortinget som sikrar 170–200 småkraftverk grøne sertifikat. Totalt betyr dette inntekter for desse småkraftverka på mellom 1,5 og 2 mrd. kr i sertifikatperioden. Av desse 170 småkraftverka er meir enn 30 frå vårt fylke. Også her ryddar Høgre–Framstegsparti-regjeringa opp i raud-grønt rot.

I tillegg til dette har Høgre–Framstegsparti-regjeringa lagt til rette for ei kraftig satsing på vegbygging. Det gjeld både auka investeringar og vegvedlikehald. Gode døme på vegbygging i blå-blått tempo er framskunding av E39 Bjørset–Skei og auka løyvingar til Loftesnesbrua i Sogndal for å sikre ei rask utbetring. Regjeringa har også lagt til rette for ei kraftig satsing på fylkesvegane.

Det har heilt sidan regjeringsskiftet vore ropt ulv, ulv frå raud-grøne politikarar, både sentralt og lokalt, og frå ein del andre i det politiske miljøet.

Eg har i dette innlegget vist at regjeringa i aller høgaste grad legg til rette for sterkare vekstkraft, auka verdiskaping og positiv utvikling for næringslivet og innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Helge André Njåstad (FrP) [14:49:08]: Eg vil begynna med å seia at eg merka meg at statsråden fortalte solskinshistorier frå Sogn og Fjordane. Når eg har vore på besøk, åleine eller saman med komiteen, i Sogn og Fjordane, er det det same inntrykket eg har, at det er mange solskinshistorier som blir fortalde, og at det er mange dyktige kommunepolitikarar, fylkespolitikarar og næringslivsrepresentantar som er stolte over fylket sitt, og som fortel kor bra dei har det, og som er med på å skapa eit godt omdøme.

Komiteen landa i Sogndal og fekk det same inntrykket som statsråden hadde, av Sogndal og Campus og det samarbeidet som er der. Me fortsette og enda opp i Stryn, og såg kor innovative og på hogget næringslivet og kommunane er i den delen av fylket. Så me sit igjen med eit godt inntrykk.

Dei einaste som eg føler snakkar eit litt anna språk, er enkelte raud-grøne politikarar, som har ein tendens til å framstilla fylket som noko anna enn det me heldigvis ser av hovudtala og dei me møter, og det inntrykket me har frå fylket.

Denne debatten har vist at mange av dei reformene som interpellanten viste til, har vorte tilbakeviste, og at ein med fakta viser at denne regjeringa ikkje har til hensikt å behandla Sogn og Fjordane på ein sånn måte som ein skaper eit inntrykk av. Mange eksempel er nemnde. Måløy og den avklaringa som kom, er eitt eksempel. Eit anna er forslaget om lokalisering når det gjeld skatteinnkrevjing, som vil sikra like mange arbeidsplassar på dei tre lokalitetane i Sogn og Fjordane, mens resten av landet vil få færre arbeidsplassar. Så her vil Sogn og Fjordane styrkja sin posisjon samanlikna med andre.

Så blir det igjen laga eit nummer av inntektssystemet til fylkeskommunane og Sogn og Fjordane si rolle i forhold til det. Det nye som eg registrerte, var at interpellanten fortalte at den førre regjeringa ikkje hadde til hensikt å føreslå å gjennomføra eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Det var nytt for meg. Eg, som har lese kommuneproposisjonane, òg i den tida, venta jo på eit forslag. Men no fekk me i dag altså bekrefta at dei ikkje hadde til hensikt å koma med eit forslag, dei berre varsla at dei skulle koma med eit forslag. Denne regjeringa har derimot oppdatert nøklane og gjort eit anslag over kva som er rettferdig, men på grunn av at det tok så lang tid før ein kunne oppdatera nøklane, har ein laga overgangsordningar og trappa dette ned.

Så fortalde statsråden at Sogn og Fjordane framleis får mest i Noreg per innbyggjar, òg meir enn dei tre nordnorske fylka, så det representanten Heggø seier om at ein ikkje stiller midlar til rådvelde for å gi gode tenester, må vera feil. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil òg etter at nytt inntektssystem fullt ut er operativt, vera ein av dei fylkeskommunane i Noreg som får aller mest per innbyggjar, nettopp fordi dei har spesielle utfordringar og kostnadsbehov.

Me kunne ha snakka masse om alt det positive som skjer i Sogn og Fjordane. Min partifelle og gruppeleiar i Sogn og Fjordane fylkesting, Frank Willy Djuvik, har i dag oppdatert ein blogg der han presenterer ein graf som viser at Sogn og Fjordane har fått ein positiv sysselsetjingsgrad. Der landsgjennomsnittet har ei utvikling som går i ei litt anna retning, styrkjer Sogn og Fjordane seg. Alt kjem naturleg nok ikkje av regjeringsskiftet, men eg håpar og trur at den positiviteten og ja-haldninga som pregar denne regjeringa, er med og bidreg til den optimismen som òg Sogn og Fjordane opplever.

Djuvik listar i den same bloggen opp ei rekkje av dei tinga som er ganske samanfallande med det representanten Lødemel sa, om positive ting som har skjedd i Sogn og Fjordane etter regjeringsskiftet. Ein har avklart ein del trasear, ein har teke ein del avgjerder – Engebø osv. – som i sum er med på å skapa eit grunnlag for stor optimisme i Sogn og Fjordane og moglegheit for at ein kan styrkja fylket. Representanten Lødemel nemnde òg ferjeavløysing, som verkeleg er god distriktspolitikk, og som denne regjeringa har på sin meny, men som den førre ikkje klarte å få på plass på fylkesvegnettet.

I går hadde eg saman med Lødemel og Frank Jenssen møte med ordførarane i Askvoll og Solund, som begge er meir enn klare til å ta i bruk regjeringa sine nye verkemiddel for å satsa på samferdsel og for å skapa optimisme for sine kommunar. Då me trefte dei to ordførarane, opplevde me på ingen måte den litt negative haldninga som andre gjev uttrykk for, me opplevde derimot ei enorm framtidstru og positivitet i forhold til dei verkemidla som det nye stortingsfleirtalet og den nye regjeringa stiller til rådvelde for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Så eg er heilt einig med min partifelle Djuvik som i sin blogg seier at Sogn og Fjordane, i lag med mange andre, er eit vinnarfylke.

Geir S. Toskedal (KrF) [14:54:14]: Norge er i sannhet et spesielt land, både demografisk og geografisk. Vi bor i fjorder og fjellsprekker og har muligheter og utfordringer som er karakteristiske for hvert distrikt av landet. Hvert distrikt krever sitt og gir oss muligheter og utfordringer som vi politisk og ellers må utnytte på best måte. Men vi har én ting felles som folk, og det er at vi ønsker et solidarisk samfunn der det er et likt tjenestetilbud alle steder i hele landet. Derfor har vi en utjevningspolitikk som Kristelig Folkeparti er stolt av at vi kan være med og bidra til, slik at det er gode tjenestetilbud alle steder. Det skal være utdanning for ungdom, og vi vet at Sogn og Fjordane har egne utfordringer når det gjelder videregående skole, transport, det å bo på hybel osv. Folk har krav på et variert kulturtilbud, og vi må ikke minst av hensyn til næringslivet sørge for at det er god infrastruktur for transport av varer, tjenester og folk. Det betyr at tilrettelegging for næringslivet er veldig viktig, slik at folk kan yte før de nyter.

Så må jeg få lov til å replisere til statsråden at når han nevnte utflytting av statlige arbeidsplasser til Bergen og Trondheim, så oppleves ikke det som distriktspolitikk. Samtidig må jeg få lov til å replisere til noen rød-grønne representanter at de må være varsomme med å snakke ned Sogn og Fjordane og kose seg med misnøyen.

Sogn og Fjordane har en unik posisjon i og med at de representerer en nasjonal kapital. Både naturen og naturressursene er enestående. Når det gjelder folkehelse, bo- og livskvalitet, kan Sogn og Fjordane påviselig stå i en særklasse. De har utviklet en desentralisert bosetting med slitesterke oppvekstmiljø for barn og unge og en sterk fellesskapskultur, og de har lite kriminalitet. Dette er fantastisk. Men det er ikke romantikk, selv om det er en festreise å kjøre i Sogn og Fjordane. Sogningene greier seg nok. De er nøkterne, de har en egen identitet, og de har engasjerte politikere, og det merker vi også i Kristelig Folkeparti. Her er det viktige kvaliteter som må ivaretas og styrkes, og vi må videreutvikle potensialet i Sogn og Fjordane, slik Kristelig Folkeparti ser det.

Vi må styrke arbeidet med å bygge flere veier med gul stripe, og vi må hjelpe til med rassikring. Kristelig Folkeparti vil støtte tiltak mot sentralisering, og vi forutsetter at realistiske alternativer i kommunene nå blir utredet i forbindelse med kommunereformen. Det må etableres robuste fagmiljøer for innbyggerne, det er det viktigste, og så får kommunegrenser og andre strukturer komme i andre rekke. Det som samfunnet nå står foran, vil innebære endringer, og det er ikke spesielt for Sogn og Fjordane, det gjelder hele landet.

Kristelig Folkeparti kjenner utfordringene med båter og ferjer, og vi er derfor glad for å være med og støtte ferjeavløsningsmidlene som kommer. Vi var også med på, sammen med Venstre, et betydelig bidrag gjennom tapskompensasjonen for å gjøre Sogn og Fjordane i stand til å være en god plass å bo. Kristelig Folkeparti har dermed, sammen med Venstre, utgjort en forskjell, og vi vil fortsatt støtte ordninger og en regionalpolitikk som gjør at det blir godt å bo i Sogn og Fjordane, og at det blir fortsatt vekst.

Liv Signe Navarsete (Sp) [14:58:18]: Det er i utgangspunktet rart at ein må ha ein interpellasjon om framtida til eit fylke i Noreg, om Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane, som scorer høgast på resultat i skulen, med ein høgskule som rekrutterer studentar frå heile landet, eit fotballag som dei fleste åra etter 1976 har lege i elitedivisjonen, eit næringsliv som gjer at me ligg på topp i landet på verdiskaping per innbyggjar, eit reiseliv som har UNESCO-bevis på toppkvaliteten og ein offentleg sektor som ligg fremst i landet når det gjeld tverrsektorielt samarbeid, f.eks. innanfor beredskap.

Ein slik debatt ville for to år sidan under raud-grønt styre vekt undring, men etter to år med blå-blått styre er eg samd med interpellanten: Me må reise spørsmålet om kva regjeringa vil med Sogn og Fjordane. Eg vil gi ros til Bård Vegar Solhjell for å setje saka på dagsordenen i dag.

I valkampen for to år sidan åtvara eg og Senterpartiet mot den politikken ei høgredominert regjering ville føre, og kva konsekvensar denne politikken ville få for eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Då vart eg skulda for å svartmåle, kome med ugrunna skuldingar mot andre parti osv. Men ikkje eingong eg hadde fantasi til å førestille meg kor effektiv regjeringa ville verte i å fremje forslag som legg ned, sentraliserer funksjonelle organisasjonar og demonterer Sogn og Fjordane som ei lita, men effektiv eining.

Eg nemner i utval:

Politireforma vil svekkje beredskapen og det gode tverrsektorielle samarbeidet på beredskap om politidistriktet vert nedlagt og lagt under Bergen. Eg håpar me i dagens debatt kan få vite kva dei ulike partia vil gjere i den saka. Det er merkverdig stille frå alle dei store partia, også Arbeidarpartiet, i denne saka. Politireforma er vorte ei strukturreform, ein hån mot Gjørv-kommisjonen og eit trugsmål mot tryggleiken i Sogn og Fjordane.

Kva vil skje med 110-sentralen i kjølvatnet av endra politistruktur? Brannstudien legg opp til sentralisering av velfungerande brannvesen i kommunane. Korleis hadde det gått i Lærdal om me ikkje hadde hatt det lokale brannvesenet, som reagerte prompte?

Regjeringa driv eit utidig press for å leggje ned Høgskulen i Sogn og Fjordane mot styrets vilje, seinast no med eit finansieringssystem som leiinga ved skulen er sterkt kritisk til, og som eg håpar ein kan endre i Stortinget i vår for å sikre framtida for ein sjølvstendig høgskule i Sogn og Fjordane, som rekrutterer og leverer fantastiske resultat.

Når det gjeld Innovasjon Noreg, mister Sogn og Fjordane eigarskapen, styringa, midlar og arbeidsplassar. Regjeringa har tydelegvis gløymt at Innovasjon Noreg er eit ektefødd barn av Distriktenes Utbyggingsfond. På ein stor konferanse i år sa leiinga i Melin Medical i Gloppen kommune at dei ikkje ville lukkast om dei var lokalisert i ein by. Kvifor? Jo, fordi det er korte avstandar til dei styrande i Gloppen, og det er kort veg og god dialog med Innovasjon Noreg.

Regjeringa kuttar i breibandsbygging. Søndagsopne butikkar vil gi nedlagde distriktsbutikkar.

Avinor skal kutte 100 mill. kr – 150 mill. kr i det regionale flyplassnettet.

EUs tredje postdirektiv vil gi auka kostnader for næringslivet i Sogn Fjordane.

Nytt vegselskap – ingen prosjekt i Sogn og Fjordane.

Landbrukspolitikken er eit kapittel for seg. Den vil favorisere store bruk, og det får stygge negative konsekvensar for inntekt og utviklingsmoglegheiter til gjennomsnittslandbruket i Sogn og Fjordane.

Ein legg ned Bioforsk på Fureneset – ein viktig forskingsinstitusjon.

Helseministeren varslar endringar i sjukehusstrukturen, og statsråden er sjølv effektiv i nedbygginga med nytt inntektssystem, som gir stor omfordeling i disfavør av distrikta. Den raud-grøne regjeringa våga ikkje å gjere noko med det. Me kunne ikkje leggje fram eit inntektssystem som til dei grader disfavoriserer eit fylke som Sogn og Fjordane, og der ein ikkje har fått på plass samferdslesnøklar som varetek dei utfordringane me har med ferje langs kysten. Det kunne ei raud-grøn regjering aldri gjere. Derfor kom det heller ikkje. Det hadde ikkje kome før me hadde fått på plass ei rettferdig ordning. Det har me ikkje i dag.

Kommunereforma vil, om regjeringa får det som ho vil, gi færre og meir sentraliserte arbeidsplassar.

Midt oppi dette kjem gladmeldinga: Fiskeridirektoratet skal få halde fram i Måløy. Det har me hatt i mange tiår – det er ikkje ny aktivitet eller nye arbeidsplassar. Avinor melde om at me skal få behalde flyplassane, som vi har hatt i mange tiår – det er ikkje noko ny aktivitet, men kutt i løyvingane. Det vert teke imot med flaggheising! Det viser litt om kva forventningar ein har til dagens regjering. Men fører det fylket framover når ambisjonsnivået til regjeringa og til fylkets valde representantar for regjerings- og støtteparti er så lågt?

Sogn og Fjordane har rikeleg med initiativrike folk med framtidstru og arbeidsvilje. Det skjer mykje positivt. Gründarar skaper nye arbeidsplassar, og det er mykje aktivitet som kan utviklast vidare. Folk ber ikkje om meir enn at dei nasjonale styresmaktene skal spele på lag med dei, fremje saker som hjelper dei å byggje vidare, slik den raud-grøne regjeringa gjorde – og ikkje rive ned det som fungerer godt i dag. Er det for mykje å forlange?

Sveinung Rotevatn (V) [15:03:25]: Takk til interpellanten, Bård Vegar Solhjell, som openbert ikkje har gløymt kor han kjem frå, og det er veldig kjekt. Vi treng eit engasjement for Sogn og Fjordane i Stortinget, også utover Sogn og Fjordane-benken.

Dette har vore eit debatt med omtrent like dosar skjønnmåling og svartmåling. Eg skal forsøke å peile meg litt inn på det eg trur er realitetane her.

Eg sit i arbeids- og sosialkomiteen. Sogn og Fjordane er drøymefylket vårt. Det er eit fylke med låg arbeidsløyse, med aukande sysselsetjing, med låg kriminalitet, med få som er uføretrygda – kort sagt: der folk lever gode, trygge liv, skapar verdiar, går på jobb. Når det er sagt, så har Sogn og Fjordane ein del utfordringar. Dei er ikkje særeigne for Sogn og Fjordane, men det er dei same utfordringane som vi ser i ein del område i Noreg som har éin ting til felles, og det er at det er spreiddbygde område. Rundt dei store byane våre har det vore ein solid vekst, dei er på mange måtar økonomiske motorar i sine område. Sogn og Fjordane har litt andre utfordringar, og dei kjem til syne ved ein låg til nesten ikkje-eksisterande vekst i arbeidsplassar – ikkje over dei siste to blå-blå åra, men over veldig mange år – og dessverre ei for låg nyetablering når det kjem til gründerar, bedrifter og verdiskaping.

Dei reformprosessane som skjer i ulike statlege etatar, har skapt ei betydeleg uro i Sogn og Fjordane. Der skal eg gje både interpellanten og andre som har snakka i dag, rett. Det er klart at folk blir nervøse når veldig mange strukturar som folk kjenner som grunnleggjande for tryggleiken i sin kvardag, blir oppfatta som at dei blir sette på spel. Ein skal ikkje vere redd for reformprosessar, men eg trur det er viktig å understreke at det er dei folkevalde, politikarane, som skal ta avgjerdene og sjå interesser opp mot kvarandre, det er ikkje fagetatane aleine. Det har vore Venstre si tilnærming heile vegen, og vi meiner også at mange av dei prosessane som allereie er landa, er landa på ein god måte.

Når det gjeld det som har handla om Høgskulen i Sogn og Fjordane, trur eg for så vidt det har vore ein nyttig debatt for Høgskulen å sjå kritisk på si eiga verksemd: Kor er vi gode, kor kan vi bli betre? Eit område der ein kan bli betre, er eksempelvis forsking. Så har vi valt å seie både frå Venstre si side, og eg oppfatta også frå Stortinget si side, at ein ikkje vil gå inn for nokre tvangsfusjonar. Ein lyttar til det som er styret si tilråding, nemleg at ein ønskjer å vere ein sjølvstendig institusjon.

Når det gjeld politireforma, er jo ikkje siste ordet sagt endå. Ho er sendt til Stortinget. Bakteppet her er jo ein svært alvorleg situasjon i norsk politi, i norsk beredskap, som er grundig dokumentert, og som må få eit svar. Då er eg glad for at, så vidt eg oppfatta iallfall, alle parti, så nær som Senterpartiet, framleis er i diskusjonar om å få til ei god løysing for heile landet, også for Sogn og Fjordane.

Prosessen rundt Fiskeridirektoratet vart landa i dag. Det å få færre regionar kan det vere gode grunnar til, men det å bryte opp gode, trygge kompetansemiljø nær fisken, nær næringa i Måløy, i Ålesund er ein dårleg idé. Der har vi sikra, og det har vore viktig for Venstre å sikre, at ein framleis skal ha eit kompetansemiljø.

Det som er ei stor utfordring – det er det ingen tvil om – er fylkesøkonomien. At det skulle kome ei justering i inntektssystemet, det var venta, det var nødvendig, men etter Venstres syn gjekk det for hardt ut over nokre fylke. Sogn og Fjordane var det fylket det gjekk hardast ut over. Det at ein fekk på plass først ein tapskompensasjon, og så ein styrkt tapskompensasjon i fjor, var heilt nødvendig. Etter mitt syn er det også noko ein bør fortsetje med i åra framover.

Elles har det vore mange gode nyheiter i dei budsjettforlika ein har fått i Stortinget mellom Venstre, Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet for Sogn og Fjordane, av stor og mindre stor art. Det handlar om å få på plass hyppigare avgangar på ferjesambandet Lote–Anda. Det handlar om fritak for elavgift for datalagringssenter, det handlar om løyvingar til Sogn Jord- og Hagebruksskule og til Nynorsk Avissenter. Det handlar om Bjørset–Skei. Kort sagt: Mykje av det som har vore viktige politiske krav frå fylket, blir innfridd, om ikkje i budsjetta, så iallfall i budsjettforlika. Det er viktig.

Så skal det seiast at Stortinget kan nok ikkje løyse alle utfordringane for Sogn og Fjordane, ein del må ein også løyse sjølv. Då skal det seiast at det er ikkje berre det politiske fleirtalet her som betyr noko, det gjer også det politiske fleirtalet på Sogn og Fjordane fylkesting. Det har vore det same i veldig mange år, og etter mitt syn bør det forandre seg til hausten, men den debatten får vi ta då.

Karin Andersen (SV) [15:08:31]: Sogn og Fjordane er robust. Det viser jo alle tall som kommer derfra. Det er et fylke som står godt i veldig mange sammenhenger, og som er et eksempel til etterfølgelse for mange andre. Grunnen til at denne interpellasjonen er så viktig, er at det virker som om regjeringen har den motsatte innfallsvinkelen, nemlig at man skal kopiere noe som handler om sentralisering, som handler om privatisering, og som handler om å styrke det som er litt det motsatte av det Sogn og Fjordane er. Det savner jeg at statsråden sier litt mer om. Det er mye i Distrikts-Norge som går bra, men Sogn og Fjordane går spesielt bra på veldig mange områder, så hvorfor da ikke styrke det mer, istedenfor både å skape usikkerhet om arbeidsplasser og også gå løs på ordninger som har gjort at Sogn og Fjordane fungerer bra?

Noe av det som jeg tror fungerer veldig bra i Sogn og Fjordane, er den identiteten som er skapt rundt nettopp det at man får det til, og den identiteten ønsker jeg og SV at vi skal bygge opp både i Sogn og Fjordane og i resten av Distrikts-Norge. Da må vi altså forsterke distriktspolitikken og ikke svekke distriktspolitikken. Det gjelder på mange områder og spesielt gjelder det økonomien i fylkeskommunen. Der er det gjort store endringer. Regjeringen turte ikke å ha den saken ut på høring – de nektet det og tok en beslutning over bordet som ikke bare rammet Sogn og Fjordane, men som rammet store deler av Distrikts-Norge og de fylkene som har mange gode tilbud, store muligheter, men som har liten befolkning og lange avstander, eller masse fjorder og fjell, som man har i Sogn og Fjordane, og som koster mye. Men regjeringen har altså valgt å si at nei, den typen kostnader legger vi mindre vekt på. Vi vil heller betale mer der det er enklere å gjøre ting, der hjula går så det griner av seg sjøl. Dette har en voldsom sentraliseringseffekt, og vi har ikke sett virkningen av den. Det er helt riktig som representanten fra Venstre sier: Her er det ingen tapskompensasjon. Den ble bedre i Stortinget, og det er SV er veldig glad for – det støttet vi også. Problemet her er at virkningen slår inn om noen år, og da skal vi se hva slags videregående skoletilbud Sogn og Fjordane klarer å gi til sine elever uten å måtte sentralisere, slik at mange flere av dem må bo på hybel. Det må jo være et mål for oss alle at færrest mulig av ungdommene våre trenger å bo på hybel når de skal gå på videregående skole. Når det blir skapt usikkerhet rundt en av de høyskolene vi har i dette landet, som gjør det aller best, tenker man ikke sånn at her er det jammen noe som fungerer veldig bra, som fungerer bra for landet, og som fungerer bra for fylket sitt. Nei, da ser man på det slik: Her er det noe lite som ligger langt borti der, så det tror jeg vi begynner å sette i spill. Forrige gang Høyre var i regjering gjorde de dette med Hedmark, der de foreslo å legge ned den mest internasjonaliserte avdelingen av Høgskolen i Hedmark, nemlig den som ligger på Evenstad. Og ja, det er riktig at den ligger litt avsides, og den er litt liten også, men den er fantastisk vellykket. Og jeg er sjeleglad for det regjeringsskiftet som kom da, og at vi fikk stoppet den nedleggingen.

Skatteinnkreving er noe annet. Den blir nå sentralisert av regjeringen, som sier at Sogn og Fjordane liksom også har vunnet noe fordi man ikke tar noen arbeidsplasser ut av fylket. Nei, man har ikke vunnet noe, man kommer til å tape, og hvis det er slik at regjeringen ser at man trenger noen forsterkete enheter for å bekjempe svart arbeid, spesielt knyttet til utenlandske bedrifter og store entreprenører, får man gjøre det – og ikke fjerne det som faktisk virker, og som gjør at man klarer å løse disse sakene lokalt uten for stort tap.

Når det gjelder Førdefjorden, regner jeg med at interpellanten svarer på det, men jordbruk er viktig. Det man nå gjør innen jordbruk, vil jo ramme viktige deler av sysselsettingen i Sogn og Fjordane. Det vil gjøre at det blir vanskelig å få produsert nok mat av norske ressurser, nettopp fordi de ligger litt spredt og er litt små. Men det er bra. I tillegg til det viser jo regjeringen med all tydelighet, når de fjerner Bioforsk, at det skal ikke forskes på landbruket i Sogn og Fjordane – det er tydeligvis nå ikke noe verdt, så det tar man bort. Hva det betyr for reiselivet, tør ikke jeg tenke på.

André N. Skjelstad (V) [15:13:52]: Det kan da ikke være sånn at situasjonen i Sogn og Fjordane har blitt så problematisk i løpet av et år som interpellanten var inne på. Det kan ikke bare være den nasjonale politikken som har betydning. Ikke minst har også den regionale og lokale politikken stor betydning. Selv om jeg definitivt ikke tror at alle vedtak i den senere tid har vært positive for fylket – å tro at deponering av gruveslam i Førdefjorden vil få så store positive ringvirkninger som enkelte tror, er jeg rimelig sikker på at er å gå i feil retning.

Men så tror jeg at en i større grad må diskutere hva en skal gjøre for å tiltrekke seg ungdom og nyetablerere. En må ha en strategi, ikke bare med å gå mot strømmen til enhver tid. Jeg tror ikke det vil være bærekraftig. Jeg tror det er viktig framover å ta opp kampen om ungdommen for nettopp å ta opp konkurransen, når fylket leverer noen av de beste resultatene på videregående skole – som det faktisk gjør. Men en kan ikke komme bort fra at det ikke er utfordringer for et distriktsfylke, deriblant Sogn og Fjordane – det er selvfølgelig ikke tilfellet.

For alle distrikter er infrastruktur viktig og ikke minst i de fylkene som har stort behov for ferjer og hurtigbåttilbud. Men det kan heller ikke være sånn at en til enhver tid slår ring rundt det bestående uten å se på mulighetene som ligger framover. Derfor mener jeg at vi i større grad må se på de mulighetene som ligger der, det Sogn og Fjordane har av muligheter til å bli en del av en større region på Vestlandet – se på mulighetene for å skape vekst i den delen av landet. Det er viktig framover nettopp å ta opp kampen og konkurransen om ungdommen, som er framtiden.

Det er ikke til å unnslå at fylket også har et stort ansvar med hensyn til økonomien. Ja, vi fikk på plass en tapskompensasjon i fjor. Interpellanten mente at de ikke hadde trengt å ta fram det nye inntektssystemet som da var utredet, og som lå i skuffene. Jeg tror at det var nødvendig å få på plass et nytt inntektssystem for fylkene, men det var også helt nødvendig å få på plass en overgang, når de utilsiktede virkningene for Sogn og Fjordane – og flere fylker – var såpass stor. Derfor var det viktig for Venstre at vi fikk gjennomslag for en forsterkning av tapskompensasjonen. Det handler om å kunne gi likeverdige tjenester og gode tjenestetilbud til hele landet, og ikke bare et likt kronetilbud, for landet er langstrakt og mangfoldig. Mange har vært innom det i debatten tidligere om Sogn og Fjordane, men det er også nødvendig å kunne se på det som ligger som mulighetsrom. Derfor er det nødvendig at når en kutter i budsjettene, må en også ha fokus på at dette fort rammer videregående skole og nettopp ungdommen i de fylkene som rammes. Det er ikke Venstre villig til å være med på.

Jeg er enig i det Geir S. Toskedal sa fra denne talerstolen nettopp når det gjelder utflytting: Utflytting kan ikke bare handle om å flytte mellom de store byene. Det må handle om å kunne være med og styrke de regionale knutepunktene gjennom statlige arbeidsplasser, så vi får styrket kompetansemiljøet i hele landet. Det er nettopp på den måten vi også bidrar til at dette blir attraktivt for oss og ungdommen som kommer etter oss.

Karin Andersen var innom landbruk i sitt innlegg til slutt. At Venstre og Kristelig Folkeparti var med og bidro i fjor, gjorde nettopp den store forskjellen med at vi fikk et landbruksoppgjør som var mangfoldig. Ikke bare de største skulle ha muligheter, men vi var også opptatt av at de mindre brukene fikk muligheter – som vestlandslandbruket, som innlandet og flere steder. Derfor er det viktig å se den balansen med at det er mulighet til både å være stor og liten, men også se utviklingen i hele landet. Det har hele tiden vært det som har vært i fokus for Venstre – mangfoldet.

Heidi Greni (Sp) [15:18:34]: Representanten Skjelstad påsto at det som har skjedd i Sogn og Fjordane, ikke bare er et resultat av regjeringsskiftet, og det er ikke noe som har skjedd de siste to årene. Jeg tror ikke det er mange i Sogn og Fjordane som ikke deler mitt bilde av at rammevilkårene i hvert fall har blitt markant forverret i løpet av den siste toårsperioden.

Vi ser at alt går i retning av mer sentralisering. Om det ikke er store grep, er det i hvert fall alt sammen grep i samme retning. Jeg kan nevne veksttilskuddet, jeg kan nevne den foreslåtte omleggingen av selskapsskatt, jeg kan nevne den sentraliseringseffekten som ligger i kommunereformen, vi kan nevne politireform, vi kan fortsette i det uendelige.

Det er en ting jeg ikke har fått med meg at har blitt nevnt før, og det er differensiert arbeidsgiveravgift. Det er en svært viktig del av distriktspolitikken, og regjeringen har varslet at trekket på 267 mill. kr i rammetilskuddet til de 31 kommunene som i fjor ble omfattet av ordningen, skal justeres gjennom at trekket fases inn over fem år. Det betyr en reduksjon på 53 mill. kr hvert år.

Regjeringen sier samtidig at prinsippet om provenynøytralitet overfor kommunesektoren ved omlegging av ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift står fast. I kommuneproposisjonen for 2016 heter det:

«Differensiert arbeidsgiveravgift er en ordning rettet mot næringslivet i distriktene og skal legge til rette for sysselsettingsvekst i hele landet. Ordningen skal være nøytral for kommunal sektor.»

Da blir jeg bekymret. Av 286 kommuner som er inne i ordningen, er det 231 som kom inn før 2013, og 31 nye i 2014. Virkningen av differensiert arbeidsgiveravgift inngår ikke i inntektssystemet til kommunene. Redusert arbeidsgiveravgift er et distriktspolitisk virkemiddel som kommer både næringslivet og offentlig virksomhet til gode.

For oss i Senterpartiet har det i hvert fall vært viktig at offentlig og privat sektor blir likebehandlet når det gjelder å få effekt av ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift. Derfor vil jeg gjerne ha svar fra statsråden på om føringen i kommuneproposisjonen nå betyr at 286 kommuner vil bli trukket for virkningen av differensiert arbeidsgiveravgift – altså at samtlige kommuner kommer til å bli trukket på lik linje med de 21 kommunene som nå mister den fordelen som de har med lavere arbeidsgiveravgift for sine ansatte. Det hadde det vært fint å få avklart.

Bård Vegar Solhjell (SV) [15:21:51]: Eg takkar først for debatten, som eg synest i alle fall tidvis har vore god. Som eg sa i mitt førre innlegg, synest eg at statsråden svarte ryddig og hadde mange gode poeng i sitt første innlegg, men eg må likevel seie at eg synest statsrådens andre innlegg, og innlegga til representantane frå Høgre og Framstegspartiet som har delteke her, har vore skivebom i den måten dei snakkar om problemstillinga på. Eg trur folk som skulle følgje med i denne debatten i Sogn og Fjordane, ser ei regjering som ikkje i det heile skjønar kva som skjer, og den verkelegheita dei opplever der. Eg må jo lure, når eg høyrer representantane Njåstad og Lødemel, som heilt openbert meiner at det var ganske ille før, men at det no går så det susar: Når var representanten Lødemel heime sist? Det er jo relativt langt unna den debatten som føregår i Sogn og Fjordane.

La meg ta tre sentrale poeng. Punkt ein: Eg synest eigentleg det er ei god beskriving at debatten tidvis har lege mellom skjønnmåling og svartmåling. Eg fryktar nok sjølv at mitt innlegg var vel skjønnmålande. Eg brukte mykje tid på å fortelje kor mykje bra som er. Det er ikkje berre bra. Det er utfordringar. Men det spesielle no er den mest akutte utfordringa i Sogn og Fjordane. Kjem ho fordi folketalet plutseleg går ned? Kjem ho fordi det er ein akutt vanskeleg arbeidsmarknadssituasjon, ein veldig vekst i kriminaliteten eller noko anna? Nei, det er først og fremst regjeringas politikk som akkurat no utfordrar Sogn og Fjordane. Det er jo det interessante, at mens mange trendar og ting fylket sjølv har kontroll over, og eksterne faktorar, peikar i ei veldig positiv retning, så vert ein utfordra av ei rekkje vedtak og diskusjonar som regjeringa er opphav til.

Punkt to: Er det behov for omstilling? Ja, det er alltid behov for endring og utvikling alle plassar i Noreg under alle regjeringar. Men det eg saknar, er at ein i staden for at alt skal vere slik at ein skal forandre små einingar, at sentralisering må skje, tek det motsette utgangspunktet og ser på om det er noko med beredskap og kriminalitetsarbeid i Sogn og Fjordane som andre kanskje skulle omstille seg til og lære av. Kva med skulen i Sogn og Fjordane – som eg brukte litt tid på – kanskje nokon skulle ha som prosjekt å sjå på korleis ein kan ta det i bruk i skular over heile landet, i staden for å tenkje motsett, og at høgskulen, som har hatt ein viktig del av den suksessen, faktisk kunne verte ein modell, ikkje det motsette?

Punkt tre: Skal staten meine noko og ville noko med fylka i Noreg? Veit de kva? Eg kjenner ingen fylke eller kommunar som vert overlatne til seg sjølve. Overstyrt – nei, men det er altså sånn at eg forventar at ei regjering skal ville noko med det vesle landet vårt, med dei ulike delane av det. Det er vårt ansvar som parlamentarikarar og ansvaret til statsrådar å debattere det og peike ut retning og ta ansvar for dei vedtaka som vi står for.

Statsråd Jan Tore Sanner [15:25:08]: La meg innledningsvis understreke at dette er en viktig debatt, og jeg synes det har kommet mange interessante perspektiver inn i den. Men jeg må samtidig si at den retorikken som Heggø, Navarsete og Karin Andersen legger for dagen, skremmer meg egentlig, fordi man slenger ut en serie med påstander om at regjeringen demonterer fylket bit for bit, uten at man underbygger sine påstander.

Tvert imot er det slik at vi gjennom denne debatten har tilbakevist mange av de påstandene som kom i interpellasjonen når det gjelder statlige arbeidsplasser og kompetansearbeidsplasser, og vi har understreket noe av det som kanskje er den reelle konfliktlinjen her: at mens noen tviholder på strukturer fra 1950-, 1960- og 1970-tallet og mener at alt skal være som det er, så er vi overbevist om at en god distriktspolitikk, en god regionalpolitikk, må handle om trygge, lønnsomme arbeidsplasser. Det er grunnen til at vi ruster opp infrastrukturen i Sogn og Fjordane, bevilger mer penger til fylkesveier, får på plass en fergeavløsningsordning, sørger for at vi har sterke kompetansemiljøer som nettopp kan bidra til at man kan få til det samme andre steder som man har klart å få til i Sogndal.

Så blir det også hevdet fra representanten Heggø at man får et dårligere tilbud i Sogn og Fjordane enn i andre fylker. Det får ikke jeg til å henge på greip når det er slik at Sogn og Fjordane får 20 000 kr per innbygger til fylket i frie inntekter, mens landsgjennomsnittet ligger på 12 000 kr. Når man har 20 000 kr mens andre fylker ligger på rundt 12 000 kr, kan ikke jeg forstå at det blir et dårligere tilbud. Ja, det er et høyere kostnadsnivå, men det er også slik at fylker som Møre og Romsdal, som Troms, Nordland og Finnmark, også har betydelige utfordringer.

Til spørsmålet om differensiert arbeidsgiveravgift er det slik at denne regjeringen følger samme praksis som tidligere regjeringer har gjort, men det vi gjør, er at vi rydder opp. Vi sørger for at de kommunene som nå har fått et trekk fordi de har fått en lavere arbeidsgiveravgift, vil få litt mindre trekk hvert eneste år fremover. Det betyr at de kommunene vil komme stadig bedre ut i de kommende fem år når dette er faset helt ut.

Vi skal ha sterke distrikter, sterke regioner, livskraftig næringsliv og gode lokalsamfunn. Det er en god distriktspolitikk, og vi bidrar til det gjennom å satse på både privat verdiskaping, infrastruktur, det som kan bygge landet, og det som kan bidra til en positiv utvikling også videre i Sogn og Fjordane.

Presidenten: Debatten i sak nr. 7 er dermed avsluttet.