Stortinget - Møte torsdag den 14. april 2016 kl. 10

Dato: 14.04.2016

Formalia

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Berge Ragnar Furre

Presidenten: Vyrde medrepresentantar!

Tidlegare stortingsrepresentant for SV Berge Ragnar Furre døydde 11. januar 2016, 78 år gamal.

Vi vil hugse han som ein av dei mest markante politikarane på venstresida av politikken i si tid.

Berge Furre vart fødd i 1937 i Ryfylke i Rogaland. Frå studentlaget i Arbeidarpartiet stod han 21 år gamal i spissen for «påskeopprøret» – mot å utstasjonere amerikanske atomvåpen i Vest-Tyskland.

Han vart så den fyrste partisekretæren til Sosialistisk Venstreparti i 1961.

Tidleg i 1970-åra var Furre særs aktiv i Folkerørsla mot EEC, og året etter at folket sa nei, stilte han på fyrsteplass på lista til Sosialistisk Valforbund i Rogaland.

Furre representerte Sosialistisk Valforbund på Stortinget i fire år, frå 1973 til 1977. Han var parlamentarisk leiar i 1975 og 1976, og leiar av Sosialistisk Venstreparti frå 1976 til 1983.

På Stortinget vart Furre formann i landbrukskomiteen, der han var pådrivar for ein ny landbrukspolitikk. Særleg viktig var jamstillingsvedtaket, som sikra bonden ei inntektsutvikling på linje med industriarbeidarane.

Frå Stortinget vil han verte hugsa for at han saman med Finn Gustavsen avslørte innhaldet i ein hemmelegstempla rapport om navigasjonssystemet Loran C, og fekk trugselen om riksrett mot seg. I kampen mot ulovleg overvaking og for openheit og demokrati viste Furre stort personleg mot. Seinare vart han medlem av den stortingsoppnemnde Lund-kommisjonen.

Furre var nestleiar i Nobelkomiteen frå 2003 til 2008. Kampen for fred, nedrusting og rettferd gjekk som ein raud tråd gjennom det politiske livet til Furre. På 1990-talet vart han aktiv i den globale solidaritetsrørsla, og særleg arbeidde han for rettane til dei jordlause bøndene i Brasil. Slagordet var enkelt: Ei anna verd er mogleg.

Furre var teologiprofessor, verka ein periode som prest og hadde ei rekkje verv i Den norske kyrkja. Teologien hans og dei politiske verdiane hans hadde mykje felles. Han var oppteken av at venstresida og Kyrkja måtte vere folkelege, sosiale rørsler – opne for alle.

Han var kjend som ein strålande retorikar, og fekk språkprisen til Norsk språkråd for «framifrå bruk av norsk språk». Han var heidersmedlem i Noregs Mållag.

Furre var også professor i historie, og bøkene hans om moderne norsk historie vil verte ståande som standardverk.

Men for Berge Furre heldt det ikkje å skrive historia, han var med på å skape ho sjølv.

Vi lyser fred over Berge Furres minne.

Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.

Presidenten: Fra representanten Lene Vågslid foreligger søknad om foreldrepermisjon i tiden fra og med 19. april til og med 21. juni.

Etter forslag fra presidenten ble enstemmig besluttet:

  • Søknaden behandles straks og innvilges.

  • Vararepresentanten, Lise Wiik, innkalles for å møte i tiden fra og med 26. april til og med 17. juni.

Presidenten: Representanten Tove Karoline Knutsen vil fremsette et representantforslag.

Tove Karoline Knutsen (A) [10:06:00]: På vegne av representantene Torgeir Micaelsen, Ingvild Kjerkol, Ruth Grung, Freddy de Ruiter og meg selv har jeg gleden av å framsette et representantforslag om å utarbeide en nasjonal strategi for god ernæring for eldre som mottar omsorgstjenester i sykehjem og hjemmetjeneste.

Presidenten: Representanten Kjersti Toppe vil fremsette et representantforslag.

Kjersti Toppe (Sp) [10:06:46]: Eg vil fremja eit representantforslag frå representantane Gerd Eli Berge, Anne Tingelstad Wøien og meg sjølv om å innføra eit mål om at 25 pst. av den samla omsorgssektoren skal vera organisert og driven som ideell verksemd innan 2030.

Presidenten: Forslagene vil bli behandlet på reglementsmessig måte.

Før sakene på dagens kart tas opp til behandling, vil presidenten opplyse om at møtet om nødvendig fortsetter utover kl. 16.