Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
President: Nils T. Bjørke
Presidenten: Frå representantane Jette F. Christensen og Mudassar Kapur ligg føre søknader om permisjon i tida frå og med 15. januar til og med 5. april – begge for å delta i sjefskurs ved Forsvarets høgskole.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknadene vert handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida slik:
For Hordaland fylke: Leif Audun Sande 15. januar–3. april
For Oslo: Camilla Strandskog 15. januar–3. april
Presidenten: Representanten Liv Signe Navarsete vil setja fram eit representantforslag.
Liv Signe Navarsete (Sp) []: Eg har gleda av å leggje fram eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Trygve Slagsvold Vedum, Sandra Borch, Geir Adelsten Iversen og meg sjølv om å be regjeringa sikre helikopterberedskap i Nord-Noreg.
Presidenten: Forslaget vil verta handsama etter reglementet.