Stortinget - Møte torsdag den 4. februar 2021
President: Magne Rommetveit
Formalia
President: Magne Rommetveit
Presidenten: Presidenten vil av smittevernomsyn tilrå at publikumsgalleriet vert halde stengt også under møtet i dag. – Det er vedteke.
Frå representanten Camilla Strandskog ligg det føre søknad om at den godkjende foreldrepermisjonen vert utvida til å gjelda til og med 26. februar.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
-
Søknaden vert handsama straks og innvilga.
-
Vararepresentanten, Mats A. Kirkebirkeland, held fram å møta i Stortinget til og med 25. februar.
Presidenten: Representanten Siv Mossleth vil setja fram eit representantforslag.
Siv Mossleth (Sp) []: Jeg er glad for å kunne fremme forslag fra stortingsrepresentantene Marit Arnstad, Aud Hove, Willfred Nordlund og meg selv om reetablering av høyere utdanning på Nesna.
Presidenten: Representanten Kari Elisabeth Kaski vil setja fram eit representantforslag.
Kari Elisabeth Kaski (SV) []: På vegne av representanten Lars Haltbrekken og meg selv vil jeg fremme forslag om statlig vern av Ekebergsletta.
Presidenten: Representanten Jenny Klinge vil setja fram eit representantforslag.
Jenny Klinge (Sp) []: Eg vil gjerne få leggja fram eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Sandra Borch, Emilie Enger Mehl og meg sjølv om kompensasjon på grunn av lovforbod med tilbakeverkande kraft.
Presidenten: Forslaga vert handsama etter reglementet.
Før sakene på møtekartet vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram utover kl. 16.