Stortinget - Møte mandag den 7. juni 2021

Dato: 07.06.2021
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 631 S (2020–2021), jf. Prop. 180 S (2020–2021))

Søk

Innhold

Sak nr. 35 [20:36:06]

Innstilling fra justiskomiteen om Samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av en forordning om EUs ordning for sivil beredskap (2021-2027) (Innst. 631 S (2020–2021), jf. Prop. 180 S (2020–2021))

Talere

Presidenten: Fyrste talar er Frida Melvær, som er ordførar for saka, og her er det taletid på inntil eit kvarter.

Frida Melvær (H) []: (ordførar for saka): Eg lovar at eg ikkje skal bruke eit kvarter!

Prop. 180 S for 2020–2021 omhandlar samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av ei forordning om EUs ordning for sivil beredskap. Proposisjonen legg opp til å vidareføre Noreg sitt mangeårige samarbeid med EU innan sivil beredskap. Ordninga har ei varigheit frå 2021 til 2027. Stortingets samtykke til deltaking er nødvendig i medhald av Grunnlova § 26 andre ledd. Proposisjonen baserer seg på det siste utkastet til forordning 2020/0097, COD, som i hovudsak byggjer vidare på forordninga frå 2019, men som er endra og styrkt m.a. i lys av dei omfattande konsekvensane den pågåande covid-19-pandemien har påført ei rekkje samfunnsområde i europeiske statar.

Hensikta med ordninga er å leggje til rette for et breitt samarbeid i Europa innan samfunnstryggleik og beredskap. Gjennom endringane som fylgjer av siste utkast til forordning, vert det gjort endringar i korleis EU støttar, koordinerer og supplerer medlemsstatane sin innsats innan beredskap og krisehandtering for å sikre førebygging, beredskap og krisehandtering ved naturkatastrofar og menneskeskapte katastrofar til eigne borgarar i og utanfor Europa.

EUs ordning for sivil beredskap representerer eit viktig tryggleiksnett for Noreg, særleg for situasjonar som oppstår sjeldan, men som får store konsekvensar, og som vanskeleg lèt seg handtere av eitt land åleine. Gjennom ordninga har Noreg teke på seg å etablere ein luftambulanse for transport av pasientar med alvorlege og smittsame sjukdomar som ein kapasitet i den europeiske ressurspoolen rescEU. Luftambulansen har base i Noreg, og Noreg kan nytte kapasiteten når han ikkje er i bruk i EU. Noreg si deltaking er òg viktig for samarbeidet vårt med dei andre nordiske landa om sivil beredskap. Berre det siste året har vår deltaking i ordninga gjeve oss verdifull hjelp, både i samband med leirskredet i Gjerdrum, der eit USAR-team frå Göteborg hjelpte til, og til assistert heimreise for om lag 600 norske borgarar i utlandet ved starten av pandemiutbrotet.

Eg vil understreke at å stille nasjonale kapasitetar tilgjengeleg i den sivile beredskapsreserven ikkje endrar det grunnleggjande prinsippet om nasjonal sjølvråderett i ein situasjon der Noreg skulle trengje desse kapasitetane sjølve. Ordninga kjem heller ikkje til erstatning for den nasjonale beredskapskapasiteten, men er meint å vere ei nødvendig forsterking ved større katastrofar.

Til slutt vil eg takke komiteen for samarbeidet i saka. Det er ein samla komité som står bak innstillinga.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 35.

Votering, se tirsdag 8. juni