Stortinget - Møte fredag den 17. desember 2021
President: Nils T. Bjørke
Formalia
President: Nils T. Bjørke
Presidenten: Presidenten vil tilrå at publikumsgalleriet av smittevernomsyn vert halde stengt under møtet i dag. – Eg ser det som vedteke.
Representanten Frank Edvard Sve vil setja fram eit representantforslag.
Frank Edvard Sve (FrP) []: Eg har æra av å fremje eit representantforslag på vegner av Sylvi Listhaug, Hans Andreas Limi, Marius Arion Nilsen, Tor André Johnsen, Morten Wold og Frank Edvard Sve – underteikna – om å redusere nettleiga for norske strømkundar.
Presidenten: Forslaget vil verta handsama etter reglementet.
Presidenten vil gjera merksam på at innstillinga i sak nr. 25 på møtekartet ikkje har vore offentleg i dei 48 timane reglementet krev, jf. forretningsordenen § 46. Presidenten vil likevel gjera framlegg om at saka vert teken opp til handsaming.
Ingen innvendingar er komne mot det. – Presidenten ser det som vedteke.
Vidare vil presidenten opplyse om at møtet i dag om naudsynt held fram ut over kl. 16.00.
Sakene nr. 1–18 vil verta handsama under eitt. Sakene er andre gongs handsaming av lovsaker og gjeld lovvedtaka 11–28.