Åse Kristin Ask Bakke (A) [11:58:29 ] (ordførar for saka):
Eg har lyst til å starte med å takke komiteen for samarbeidet i
saka. Vi får til eit breitt fleirtal, og alle parti unntatt eitt
står bak tilrådinga. Det går eg ut frå at partiet sjølv skal prate
om seinare. Det eg har lyst til å seie, er at dette er eit ganske
tydeleg signal frå denne salen om at det breie politiske Noreg står
samla bak å gå lenger i å beskytte barn og unge i den tida vi lever
i.
Vi lever i ei tid då barn og unge blir eksponerte
for mykje reklame. Det har kanskje generasjonar opp gjennom blitt
eksponerte for, men forskjellen på i dag og før i tida er at det skjer
meir og meir òg i digitale medium. Det er ei utvikling som skjer
raskt og i kanalar som stadig er vanskelege å kontrollere. Det digitale
rommet er òg prega av ganske avansert målretting, skjult marknadsføring
og innhald som i mange tilfelle kan vere både ueigna og skadeleg
for barn.
Dette utfordrar evna vår til å ivareta eit
grunnleggjande prinsipp i forbrukarvernet om at barn skal ha eit
særleg sterkt vern. Difor, med det fleirtalet som no ligg føre i
salen, styrkjer vi handhevinga av føresegnene i marknadsføringslova,
særleg når det gjeld krava til god marknadsføringsskikk overfor barn.
Vi ønskjer å beskytte barn mot marknadsføring som utnyttar sårbarheita
deira, skaper unødvendig press, ikkje minst kroppspress, eller som
forsøkjer å påverke dei på uærleg vis.
Marknadsføringslova stiller i dag allereie
krav til korleis næringsdrivande skal opptre, men lovverket er berre
så sterkt som sanksjonane bak det er. Når ein bryt lova, må det
òg få tydelege konsekvensar. Difor ser ein òg at ein skrur opp sanksjonsmoglegheitene
i det lovforslaget som blir vedteke.
Så kan ein diskutere kor høge eller store prosentar
sanksjonane eller gebyra skal vere på. Det har vi kanskje ulike meiningar
om, men la det vere heilt klart at føremålet med desse endringane
ikkje er å straffe for straffa si skuld. Det handlar om å sende
eit tydeleg signal til næringslivet om at barn ikkje skal vere ei
målgruppe for aggressiv eller uansvarleg marknadsføring. Det skal
ikkje løne seg å bryte lova, særleg ikkje når det er tryggleiken
og helsa til barn som står på spel. Difor er eg veldig glad for
at eit såpass breitt fleirtal i Stortinget i dag gjer desse endringane
i marknadsføringslova.
Sigbjørn Framnes (FrP) [12:01:39 ] : Eg er imponert over tida
eg fekk til rådigheit no. Eg skal ikkje bruke ho heilt ut. Det kan
kanskje verke underleg at me i ei sak der alle er einig i intensjonen,
likevel vel å røyste imot. La meg difor forklare kvifor.
Framstegspartiet er, i likskap med fleirtalet,
heilt tydeleg på at det ikkje skal drivast marknadsføring retta
mot barn og unge. Barn er lett påverkelege og ofte lite kritiske
til reklame og marknadsføring. Difor har det i mange år vore forbod
mot dette. Dei fleste aktørane held seg til regelverket, og det
er heldigvis få brot på dette forbodet. Nokre brot kan skuldast
at marknadsføringa eigentleg er meint å rette seg mot foreldre, men
blir oppfatta som retta mot barn – altså ein klassisk gråsoneproblematikk.
Framstegspartiet er uroa for at aktørar som
meiner dei marknadsfører for foreldre, kan risikere strenge gebyr
dersom myndigheitene meiner bodskapet er retta mot barn. Me er difor
bekymra for at maksrammene for gebyr, slik dei er føreslått, kan
bli for høge. Me ønskjer å unngå at gebyra blir urimeleg høge i
forhold til brotet. Framstegspartiet vil difor ikkje tilrå forslaget
slik det ligg føre.
Statsråd Lene Vågslid [12:03:27 ] : I dag blir ungar eksponerte
for enorme mengder reklame, særleg i digitale medium. Difor har
Arbeidarparti-regjeringa lagt fram dette forslaget om strengare
sanksjonar ved brot på føresegnene i marknadsføringslova om god
marknadsføringsskikk overfor barn.
Føremålet er å beskytte ungar betre mot ulovleg marknadsføring.
God marknadsføringsskikk i marknadsføringsloven stiller f.eks. krav
om at reklame ikkje skal bidra til kroppspress hjå barn. No føreslår
me at Forbrukartilsynet skal få kraftigare verkemiddel til å slå
hardt ned på brot på føresegna.
Dette forslaget har brei støtte – brei støtte
òg ute hjå Forbrukarrådet, hjå Barneombodet – eg kunne nesten ha
brukt dei 14 minuttane eg har igjen, på å liste opp alle som støttar forslaget.
Difor er eg veldig overraska over Framstegspartiet. Mitt inntrykk
er at Framstegspartiet i debattar som handlar om barn og unge, ofte
er veldig einig i at ein må beskytte barn og unge betre. Dette er
eit veldig konkret og enkelt grep for å skjerpe sanksjonane overfor
dei som bryt det regelverket me har.
Eg har endå større ambisjonar på dette området
enn det lovforslaget som er lagt fram no, men mykje må ein arbeide meir
med. Dette hadde vore ei gyllen anledning for Stortinget til einstemmig
å stille seg bak at me må ha strengare reglar for dei som bryt marknadsføringsreglane
retta mot barn og unge. Me prioriterer dette i Arbeidarpartiet,
og eg er i alle fall glad for at alle andre parti, med unntak av
Framstegspartiet, støttar forslaget.
I år har regjeringa styrkt løyvingane til Forbrukartilsynet med
2,5 mill. kr for å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn
i digitale medium. Dette er veldig viktig for at Forbrukartilsynet
skal ha moglegheit til å ta opp fleire saker og stanse meir ulovleg
marknadsføring.
Forslaget om utvida heimel for gebyr ved brot
på marknadsføringsloven fylgjer opp eit forslag som var på høyring
i vinter. I den høyringa føreslo me ei ny fråsegn i marknadsføringsloven
for særleg å verne barn mot marknadsføring i sosiale medium og spel,
og me vurderer no ei vidare oppfylging av dette vernet.
Me lever i ei brytningstid der det digitale
livet til barn og unge påverkar dei i svært sterk grad. Eg håper
at Framstegspartiet kan tenkje seg litt om fram til votering i dag.
Det er ikkje for seint å snu. Heile Stortinget burde kunne samle
seg bak at me skjerpar sanksjonane for dei som bryt regelverket retta
mot barn og unge.
Presidenten [12:06:37 ]: Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 3.
Votering, se voteringskapittel