Presidenten [12:32:27 ]: Presidenten
vil ordne debatten slik: 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter
til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det ikke bli gitt anledning til
replikker, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte
taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.
Andre visepresident Nils T. Bjørke [12:32:55 ] : Eg vil på
vegner av presidentskapet leggja fram innstilling om representantforslag
fremja i Dokument 8:241 S, frå stortingsrepresentantane Marie Sneve
Martinussen, Seher Aydar og Tobias Drevland Lund.
Til forslag om etablering av lobbyregister
for Stortinget vil eg starta med at liknande forslag har vorte fremja
fleire gonger tidlegare, utan at desse har vorte vedtekne. Stortinget handsama
eit liknande forslag seinast i januar 2024, utan at det fekk fleirtal.
Fleirtalet i presidentskapet kan ikkje sjå at saka står i eit vesentleg
anna ljos enn då det sist vart handsama, og meiner difor dette representantforslaget
ikkje bør verta vedteke. Forslaget om at Stortinget skal be regjeringa setja
ned eit utval for å greia ut korleis eit lobbyregister kan innførast,
liknar òg forslag som er fremja tidlegare, utanfor fleirtalet.
Presidentskapet har lagt fram punkta 1 og 3
i det nye representantforslaget for kommunal- og distriktsministeren. Kommunal-
og distriktsministeren har i si fråsegn vist til at det bør vurderast
grundig kva som er problemet før ein set i gang eit slikt utval.
Det er usikkert om eit lobbyregister er den rette løysinga på utfordringa.
Kommunal- og distriktsministeren viser òg til at ein del av omsyna
eit lobbyregister skal ivaretaka, alt er ivaretekne av andre verkemiddel,
som e-innsyn og publiserte kalenderoppføringar. I tillegg kjem at
Noregs NOU-system og offentlege høyringar sikrar at politikkutforming
er kunnskapsbasert, og at forslag kan diskuterast offentleg.
Fleirtalet i presidentskapet er samd i dei
momenta kommunal- og distriktsministeren legg fram og meiner at
det ikkje er føremålstenleg å setja ned eit utval med mandat til
å greia ut korleis eit lobbyregister kan innførast. Fleirtalet i
presidentskapet sluttar seg difor ikkje til representantforslaget
om at Stortinget skal be regjeringa setja ned eit slikt utval.
Punkt 3 i representantforslaget er forslag
om at regjeringa vert oppmoda om å fremja forslag om å endra lov
om registrering av verv og økonomiske interesser for regjeringsmedlemer,
statssekretærar og politisk rådgjevarar, slik at tidlegare oppdragsgjevarar
og innhaldet i oppdraget skal opplysast om. Dette forslaget er ei
oppfølging av eit oppmodingsvedtak frå 2018. Presidentskapet viser
til at kommunal- og distriktsministeren i si fråsegn til dette forslaget
opplyser at regjeringas arbeid med eit høyringsnotat om saka er
forseinka, men at departementet tek sikte på at eit høyringsnotat
vil verta ferdig i løpet av 2025. Fleirtalet i presidentskapet finn på
bakgrunn av det ikkje å kunna støtta oppmodingsforslaget til regjeringa
om å fremja forslag om å endra lov om registrering av verva og dei
økonomiske interessene til regjeringsmedlemer, statssekretærar og
politiske rådgjevarar. Eg oppfattar at eit samla presidentskap er
samd i at det ikkje er grunn til å vedtaka ei slik oppmoding til
regjeringa no.
Når det er sagt, ynskjer eg å understreka at
eit samla presidentskap ser det som positivt med merksemd om lobbyverksemd
og moglege interessekonfliktar, både knytt til regjeringa og Stortinget.
Stortinget har òg i dei seinare år teke fleire grep for å leggja
til rette for openheit. Eg vil elles visa til merknadene i innstillinga
i saka.
Femte visepresident Ingrid Fiskaa [12:36:17 ] : Denne saka
er ein gjengangar. Forslag om lobbyistregister har blitt fremja
fleire gonger før. Denne gongen er det på initiativ frå Raudt. Òg
i dag ser det ut til å bli nedstemt. Det er synd, for eit lobbyistregister
er verken farleg eller komplisert. Det kan gjerast ganske enkelt,
med å bruka det allereie eksisterande besøksregisteret for alle
som besøkjer Stortinget, og ha openheit om lobbyistar sine besøk
her. Dette er ein av modellane ein kan sjå føre seg.
Det er allereie gjort endringar i åtgangsreglementet
her på Stortinget, sånn at tidlegare stortingsrepresentantar må
underteikna ei erklæring om ikkje å bruka åtgangskortet til politisk
påverkingsarbeid. Tidlegare representantar er hjarteleg velkomne
til Stortinget. Dei fleste vil eg tru er her for å treffa gamle
kjende, drikka kaffi og kjenna litt på korleis det var den gongen,
men enkelte tidlegare representantar gjer den politiske kapitalen
dei opparbeidde seg som folkevalde, om til eit levebrød, der dei
mot betaling brukar nettverket og kjennskapen til politiske prosessar
til fordel for oftast pengesterke aktørar.
Det er det òg andre enn tidlegare stortingsrepresentantar som
gjer. Lobbyisme eller påverkingsarbeid er i utgangspunktet heilt
legitimt og ein naturleg del av demokratiet. Problemet er delvis
at ressursane til å driva sånt påverkingsarbeid er skeivt fordelt,
og at omfattande lobbyisme difor er til fordel for dei mest pengesterke.
Delvis er det eit problem at delar av denne lobbyismen skjer i det
skjulte, og at offentlegheita ikkje er kjend med korleis makt blir
brukt, og korleis vedtak blir påverka.
Eit lobbyistregister på Stortinget løyser ikkje
alle desse problema, og lobbyisme kan skje mange andre plassar enn her,
noko varianten med å lovfesta lobbyistregisteret kan skapa endå
meir openheit om. Likevel er sjølv den enkle varianten eit steg
på vegen til meir openheit og meir kunnskap. Det har me ikkje vondt
av, og det vil kunna skapa meir tillit til dei demokratiske prosessane.
SV fremjar difor to av forslaga i representantforslaget inn i denne
innstillinga. Det er å greia ut ulike variantar av lobbyistregister
– ein variant med lovfesting og ein variant med endringar i forretningsordenen.
Eit tredje av forslaga i det opphavlege representantforslaget
handlar om å endra lova om registreringar av verva og dei økonomiske
interessene til regjeringsmedlemmar, statssekretærar og politiske
rådgjevarar, sånn at tidlegare oppdragsgjevarar og innhaldet i oppdraget
blir oppgjevne. Dette er oppfølging av eit forslag som blei vedteke
av Stortinget allereie i 2018. Her har det teke svært lang tid for
skiftande regjeringar å levera på Stortingets vedtak. Etter fyrst
å ha brukt lang tid på saka skulle eit høyringsnotat vore klart
i fjor. No seier regjeringa at høyringsnotatet vil vera ferdig i
løpet av inneverande år, altså 2025. SV vil difor ikkje fremja dette
forslaget no, men eg vil understreka at det ikkje må forseinkast endå
meir, og at det heller ikkje må vatnast ut. No må me snart få på
plass openheit om tidlegare oppdragsgjevarar og innhaldet i oppdraget.
Det er òg fremja eit par lause forslag til
saka i dag, for å sikra openheit om stortingsrepresentantane sine
eventuelle inntekter frå og økonomiske avtalar med kommersielle
selskap, styreverv og ymse oppdrag, og eit forslag om å forby honorerte
styreverv i kommersielle selskap for stortingsrepresentantar. Dette
kom i kjølvatnet av konkrete avsløringar. SV stemmer for desse forslaga.
Det er heilt på sin plass å stramma opp reglane når enkelte stortingsrepresentantar
ikkje forstår poenget med å vera opne om alle sånne bindingar og
rollekonfliktar, og tydelegvis ikkje har nokre hemningar mot å bruka tida
si på svært godt betalte oppdrag for heilt andre enn dei innbyggjarane
som har stemt dei inn i landets øvste folkevalde forsamling.
Samtidig vil eg visa til at det sitjande presidentskapet
nyleg har gjeve det neste presidentskapet i oppdrag å ta tak i akkurat
desse problemstillingane. Det er eit arbeid som bør koma i gang
raskt til hausten.
Då tek eg opp forslaga frå SV:
Presidenten [12:41:21 ]: Representanten
Ingrid Fiskaa har tatt opp de forslagene hun refererte til.
Tobias Drevland Lund (R) [12:41:34 ] : Jeg kan starte med å
slutte meg til mye av det den siste taleren har vært inne på.
PR- og kommunikasjonsbyråer sysselsetter i
Norge hundrevis av arbeidstakere som hver dag går på jobb med mål om
å påvirke politiske beslutningsprosesser. På disse byråenes kundelister
står ofte kapitalsterke aktører som har både betalingsevne og vilje
til å bruke store summer på å påvirke de folkevalgte, bl.a. de som
sitter i denne salen. At det finnes et såpass betydelig marked for
påvirkningtjenester, tyder på at påvirkningsbransjens kunder opplever
å få valuta for pengene. Dette er kanskje godt nytt for den som
har et markedsføringsbudsjett stort nok til å kjøpe en plass på
kundelisten til First House eller TRY, men for folk flest og demokratiet
er dette svært dårlig nytt.
I takt med påvirkningsbransjens vekst har det
også blitt stadig mer utbredt at tidligere statsråder, statssekretærer
og stortingsrepresentanter melder overgang til stillinger i påvirkningsbyråer,
hvor de i tjeneste for disse byråenes kunder omsetter kontaktnettverk
og politisk knowhow til klekkelige honorarer. Vi har også sett eksempler
på stortingsrepresentanter som jobber som lobbyister mens de sitter
på Stortinget. Svingdøren mellom politikken og lobbybransjen er
ekstremt farlig for tilliten til demokratiet, for det blir vanskelig
å vite om politikerne er på jobb for velgerne eller en annen steinrik kunde.
Dersom folk blir sittende igjen med et inntrykk av at pengesedler
har større påvirkning på politikernes beslutninger enn stemmeseddelen,
og at skillet mellom toppolitikere og næringslivsinteresser er svært
uklart, risikerer man at tilliten til det norske demokratiet også
forvitrer.
Det er etter Rødts syn derfor på høy tid at
det innføres et obligatorisk lobbyregister for å sikre åpenhet om
hvem som betaler hvem for å påvirke hvem. Ulike former for lobbyregister
er allerede på plass i andre land som Irland, Canada, Frankrike,
Tyskland og Finland, og per i dag er det minst 15 europeiske land
som har innført en eller annen form for registreringsordning.
Rødt foreslår at det innføres et lobbyregister
etter en modell fra det finske öppenhetsregistret, som ble innført
1. januar 2024 og er det første av sitt slag i Norden. Den finske
ordningen pålegger, med hjemmel i den finske åpenhetsloven, juridiske
personer og selvstendig næringsdrivende som bedriver lobbyvirksomhet
rettet mot folkevalgte parlamentarikere, partigruppenes rådgivere,
regjeringsmedlemmer eller departementets politiske ledelse, å registrere
seg som lobbyister og å innrapportere hver enkelt lobbyaktivitet
de gjennomfører for å påvirke forberedelsen eller utfallet av en
sak som er til behandling.
Ved å hjemle en slik registerordning i lov
kan også lobbyvirksomhet som fysisk finner sted utenfor Stortinget,
kunne omfattes av registeret, noe regulering gjennom Stortingets forretningsorden,
som er blitt foreslått før, ikke vil kunne gjøre. Dette er viktig.
En lovfesting vil også kunne åpne for at brudd på reglementet kan
sanksjoneres med bøter eller andre sanksjoner, noe forslagsstillerne
mener forvaltningen bør ha adgang til for å påse at også lovverket
etterleves. Her kan igjen den finske modellen, hvor Riksrevisjonen
kan ilegge bøter ved manglende etterlevelse av regelverket, være
til inspirasjon.
Velgerne fortjener å vite hvilke særinteresser
som bruker penger på å påvirke politikere som skal representere
dem, så vel som hvordan påvirkningen foregår. Et lobbyregister vil kunne
være med på å sikre dette.
Med det tar jeg opp Rødts forslag i saken.
Presidenten [12:45:18 ]: Representanten
Tobias Drevland Lund har tatt opp de forslagene han refererte til.
Grunde Almeland (V) [12:45:34 ] : Jeg benytter bare kort muligheten
til å redegjøre for at Venstre også selvsagt støtter forslagene
nr. 1 og 2 i denne saken. Det er kanskje ikke en overraskelse, all
den tid Venstre bærer mye av skylden for at dette er en gjenganger
i Stortinget, også i inneværende periode.
Jeg kan slutte meg til mye av det som er sagt
av foregående talere. Jeg vil bare gjenta at et lobbyregister verken
er særlig dyrt eller komplisert, men er en ganske enkel måte for velgerne
og offentligheten å se litt oss mer i kortene på. Hvorfor er det
viktig? Jo, for når vi er i en tid da en stadig større andel av
den offentlige samtalen beveger seg over på digitale flater der
andre interesser er med på å prøve å påvirke hvordan diskursen er,
og påvirke virkelighetsoppfatningen til vår egen offentlighet og
våre egne innbyggere, da er det viktigste og beste botemiddelet
mot gryende konspirasjoner nettopp mest mulig åpenhet om prosesser.
Er en prosess lukket, vet ikke folk hvem det er som snakker med
oss, hva som skjer, og hvordan politikk utformes, og da er det også
lettere å tro på konspirasjoner om at det som foregår på Stortinget,
er veldig mye skumlere enn det faktisk er.
Jeg tror vi kunne ha hatt litt lavere skuldre
til dette forslaget enn det jeg opplever at veldig mange representanter
har, for dette handler ene og alene om å gi folk muligheten til
å se det helt fine og flotte arbeidet som pågår på Stortinget.
Presidenten [12:47:20 ]: Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 4.
Votering, se voteringskapittel