Forslag frå stortingsrepresentant John Dale om at Stortinget skal få seg førelagt planen om å etablere eit forvaltingsområde for ulv

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Då Stortinget handsama St.meld. nr. 35 (1996-1997), som omhandla hovudliner og prinsipp for rovdyrpolitikken, var bestanden av ulv i Sør-Skandinavia relativt liten. Av den samla bestanden hadde 5-7 ulvar vinteren 1995-1996 og 1996-1997 til tider tilhald på den norske sida av grensa i Hedmark, Østfold og Akershus. Sidan den gongen har ulvebestanden auka kraftig.

Regjeringa la i mai 2000 fram eit nytt forslag til forvaltingsområde for ulv. Forslaget medfører at det kan bli etablert eit område som omfattar Østfold, Oslo,Vestfold, Telemark og Aust-Agder, deler av Hedmark, Oppland og Akershus og store deler av Buskerud. Ved at par og familiegrupper av ulv i tilfelle får tilhaldsstad i store deler av det sør-austlege Norge vil konfliktnivået kunne stige kraftig, til skade for så vel rovdyr som menneske.

Det kan med rette reisast tvil om forslag til forvaltingsområde for ulv er i tråd med dei oppfatningar og forestillingar som rådde i Stortinget då hovudlinene for rovdyrpolitikken vart drøfta.

Det har også så langt vist seg uråd å fylgja opp viktige prinsipp i rovdyrmeldinga. Mellom anna har det ikkje vore mogeleg å nå det todelte målet om aktive utmarksnæringar og reproduserande rovdyrbestandar, jf. Dokument nr. 8:92 (1999-2000).

På denne bakgrunnen er det ekstra viktig at Stortinget får kjennskap til kva kostnader praktiseringa av ein forvaltingsplan vil måtte få, og også til spørsmålet om omfanget av framtidige erstatningar. Dessutan vil fylgjene av ei iverksetjing av forslag til forvaltingsområde få fylgjer for utmarksnæringar, ressursutnytting, økologi, dyrevern og trivselen i mange lokalsamfunn, alt i alt viktige spørsmål som i lys av nye erfaringar bør drøftast i Stortinget.

Forslag

På denne bakgrunnen set underskrivar fram fylgjande

forslag:

Stortinget ber Regjeringa om å leggja fram for Stortinget forslag til nytt forvaltingsområde for ulv.

18. oktober 2000