Forslag frå stortingsrepresentantane Magnhild Meltveit Kleppa og Rune J. Skjælaaen om betre prosessar ved etablering av flyktningmottak

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Mottak av flyktningar og asylsøkjarar er ei nasjonal oppgåve. Det krevst ekstra innsats, engasjement og fleksibilitet på mange område. Forslagsstillarane er kjende med at ei rekkje kommunar har opplevd noko vanskelege prosessar i forhold til Utlendingsdirektoratet (UDI). Det krevst i dag inga godkjenning frå kommunen ved oppretting av eit privat mottak. Det inneber at ein kommune utan å vere førebudd kan oppleva utfordringar som t.d. klassedeling i grunnskulen midt i eit skuleår, større behov for helsetenester, barneverntiltak, tolketenester og eventuell norskundervisning for vaksne i eit nyoppretta mottak. Kommunane har plikt til å stille med tenester for bebuarar i asylmottak.

UDI gav t.d. Sokndal kommune 21. januar 2002 melding om etablering av eit flyktningmottak i kommunen frå 1. februar. Dette vart gjort sjølv om UDI var kjend med at eit samrøystes formannskap hadde vedteke at kommunen ikkje for tida såg seg i stand til å tilretteleggja for mottak. Det er ingen tvil om at UDI har ekstra utfordringar i ei tid med stor tilstrøyming av asylsøkjarar. Utfordringane vert ikkje mindre dersom det ikkje vert lagt opp til optimal informasjon og dialog undervegs. Etter Kommunenes Sentralforbund (KS) si meining har fleire kommunar hatt same oppleving som Sokndal. Dette er ein praksis som i mange tilfelle ikkje nødvendigvis er eit godt utgangspunkt for den dialogen som bør etablerast mellom lokalsamfunn og mottak.

Ei viktig side i forhold til kommunane sine oppgåver og som medfører at fleire kommunar ikkje ser seg høve til positive vedtak, er praktiske og økonomiske løysingar på ei rekkje område. Det kan t.d. vere underkapasitet innanfor barneverntenester, manglande bemanningsmessig og bygningsmessig kapasitet i skule og barnehage eller vanskar med å rekruttere aktuelt fagpersonell. Det høyrer også med at ein frå før stram kommuneøkonomi tel i ei slik vurdering.

Ei anna side er erfaringar kommunar med nedlagde mottak har gjort seg. Suldal er eitt av fleire døme på ein tilrettelagt kapasitet på fleire område som plutseleg ikkje lenger vert kompensert fordi eit mottak på kort varsel vert stengt.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande

forslag:

  • 1. Stortinget ber Regjeringa gjennomgå etablert praksis for etablering av flyktningmottak med sikte på betre førebuande prosessar mellom Utlendingsdirektoratet (UDI) og aktuelle kommunar.

  • 2. Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag som sikrar kommunane full økonomisk kompensasjon for meirkostnader ved slik etablering, her medrekna også overgangsordningar som sikrar kompensasjon den første tida etter ei eventuell nedlegging.

28. februar 2002