Forslag frå stortingsrepresentantane Ola D. Gløtvold, Magnhild Meltveit Kleppa og Eli Sollied Øveraas om ein betre praksis i forholdet mellom personvern og varslingsplikt på rusfeltet

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Både lærarar, helsepersonell, politi og andre som arbeider mellom ungdom står ofte overfor vanskelege avvegingar i forholdet mellom personvern, taushetsplikt og varslingsplikt. Forslagsstillarane tek i forslaget opp behovet for ei klargjering på rusfeltet.

Samtykke til å bli løyst frå taushetsplikta kan i konkrete tilfelle medføre at tiltak for å berge einskildpersonar som ikkje er i stand til å vurdere eigen situasjon, kan setjast inn ved overhengande fare. Bekymringssamtalar på eit tidleg tidspunkt kan avverje potensielle ruskarrierar. Foreldre som gjerne vil bli trekt inn, anten det gjeld ein ungdom som er i ferd med å mista fotfestet eller det handlar om ein som er på veg ut frå eit behandlingstilbud, opplever at taushetsplikta hindrar utveksling av informasjon.

Ei rekkje konkrete døme gjer at forslagsstillarane meiner det er behov for ein gjennomgang av aktuelt lovverk. Det gjeld t.d. helsepersonell-lova, barnelova, opplæringslova, politilova og lovene om helse- og sosialtenester. Skilnaden i handtering av einskildsaker der personen det gjeld er under eller over 18 år må klargjerast. Det er også viktig å få fram ei vurdering av følgjene av ei eventuell oppmjuking av aktuelt lovverk.

Forslag

På denne bakgrunn vert fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber Regjeringa føreta ein gjennomgang av aktuelt lovverk for å sikre ein betre praksis enn i dag på rusfeltet når det gjeld forholdet mellom personvern, taushetsplikt og varslingsplikt.

21. juni 2002