Til Stortinget
Utvidinga av EU og ny EØS-avtale med verknad frå 1. mai
2004, inneber i prinsippet fri rørsle av arbeidstakarar
mellom dei ti nye medlemslanda og det øvrige EU/EØS-området.
Ein protokoll i tilslutningsavtalen som bind Noreg til dei nye medlemslanda
i EU, inneheld òg ei plikt for Noreg til å arbeide
aktivt for at det skal verta enklare for arbeidstakarane i dei nye
EU-landa å finne arbeid i Noreg. Overgangsordningar gir
dei opphavlege EU/EØS-landa løyve til å avgrensa
den venta effekten av fri arbeidsvandring i ei viss tid.
Det er uvisst kva konsekvensar denne utvidinga vil få for
Noreg og for andre land i EØS-området. Utrekningar
gjorde i EU, antyder ei årleg innvandring frå nye
til gamle EU/EØS-land på mellom 300 000 og
600 000 innvandrarar. Mellom dei reknar ein at 80 pst.
vil dra til Tyskland og Austerrike. Kva konsekvensar ein open arbeidsmarknad
vil få for Noreg, heng m.a. saman med korleis dei andre
EU/EØS-landa vil forhalde seg til bruk av overgangsordningar. Det
er avklart at verken Finland, Tyskland, Austerrike, Frankrike eller
Italia ynskjer å opne for fri flyt av arbeidstakarar frå 1. mai
2004, og vil nytte overgangsordningar. At ein så stor del
av den vesteuropeiske arbeidsmarknaden blir avgrensa, vil monaleg auke
presset mot dei resterande landa.
Ei interdepartemental arbeidsgruppe under leiing av Kommunal-
og regionaldepartementet (KRD), peikar på at tilstrøyminga
til Noreg, med grunnlag i dei store skilnadene i løns-
og velferdstilbod mellom austeuropeiske land og Skandinavia kan
bli stor. Det er grunn til å rekne med at det særleg
vil gjere seg utslag i yrkesgrupper der kravet til språkkunnskapar ikkje
er avgjerande.
Ein open og fri arbeidsmarknad er i utgangspunktet eit gode,
både for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, men dette forutset
at marknaden er i balanse. Det er naudsynt å sjå på den
nasjonale arbeidsmarknadssituasjonen. Vi har i dag rekordhøgt
tal ledige, - over 100 000 personar er registrerte arbeidsledige.
Dette veit vi svingar over tid. Det særleg grunn til å uroe seg
over den arbeidskraftsressursen vi ikkje greier å mobilisere
verken i dårlege eller gode tider. Dette gjeld til dels
innvandrargrupper som over lang tid har vore kraftig overrepresenterte
på ledigstatistikkane. Statistisk sentralbyrå (SSB)
fortel at 20 000 fleire funksjonshemma er sett utanfor
arbeidslivet siste året. Det gjeld også alle dei
som gjennom ulike utstøytingsmekanismar blir ståande
på utsida av arbeidsmarknaden. På dette området
er det ein stor innsats å gjere.
Samstundes som det er mange utan arbeid, er det òg bransjar
som strevar med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Forslagsstillarane
meiner ein kan løyse dette betre enn i dag ved ein kombinasjon
av incentiv for å nytte fleire av dei som er ledige i Noreg,
samt ei utviding av dei avtalane ein i dag har mellom styresmaktene
og partane i arbeidslivet om årlege kvotar av arbeidstakarar
frå andre land.
Det er positivt med ei viss utveksling av arbeidskraft mellom
land. Det at nordmenn kan reise ut for å ta arbeid og utlendingar
kan kome hit for å ta arbeid, gir folk nyttig kompetanse,
fører til auka kulturforståing, og gjer at dei
kan tilføre nye impulsar og kompetanse når dei
kjem heim. Forslagsstillarane meiner arbeidskraftinnvandring difor
må byggje på likebehandling av personar frå ulike
land. Forslagsstillerne er usamde i at slike ordningar berre skal
gjelde statsborgarar av privilegerte statar innan OECD- og EØS-området.
Det er behov for å praktisere lovverket meir fleksibelt
for arbeidssøkjarar frå land utanfor EØS-området
som alt oppheld seg i landet, slik som utanlandsstudentar, flyktningar
og asylsøkarar.
Arbeidssøkjarar frå andre land vil ha avgrensa rettar
til velferdsordningar så lenge dei leitar etter arbeid.
Samstundes inneber EU-retten at det ikkje kan krevjast mange timar
pr. veke for å bli rekna som arbeidstakar. Ein interdepartemental
arbeidsgruppe nedsett av KRD skriv:
"Selv om jobben ikke er tilstrekkelig til å leve av, kan
man bli regnet som arbeidstaker. På grunnlag av det vil
man kunne få fulle sosiale og økonomiske rettigheter
i det norske samfunnet. (….) De liberale reglene
for familiegjenforening for arbeidstakere fra EU/EØS-land
kan også føre til utilsiktede belastninger på en
del velferdsordninger."
Arbeidsvilkåra i den norske arbeidsmarknaden er prega
av god kontroll og av tariffavtalar, lov- og regelverk som sikrar
arbeidstakarane. Det er ei samfunnsmessig stor utfordring å kunne
vedlikehalde desse ordningane med auka press og konkurranse frå arbeidstakarar
og bedrifter som opererer med heilt andre standardar. Det er òg
god grunn til å tru at ein fri arbeidsmarknad vil auke
aktiviteten frå seriøse og useriøse vikar-
og utleigebyrå, og andre formar for "arbeidsformidling"
som ein i dag er kjent med frå våre austlege naboland.
Det ein truleg kan vente er at mange av desse aktørane
vil utnytte lønsskilnadane til eiga vinnings skuld, noko
som i tillegg til å skapa problem for arbeidssøkjarar,
også skaper press mot dagens løns- og velferdsordningar.
Det er venteleg at dei aller fleste arbeidssøkjarar vil
tilby seg å arbeide på løns- og arbeidsvilkår
som ligg under avtalte løns- og arbeidsvilkår
i mange sektorar i norsk arbeidsliv. Slik sosial dumping er ikkje
til gode for innbyggjarane, verken i Noreg eller i dei nye medlemslanda.
Tiltredingsavtalane med dei nye søkjarlanda opnar for
at det kan setjast overgangsordningar i avgrensa periodar på til
saman inntil sju år, dei siste to åra på nærare
vilkår. Overgangsordningane inneber at dei noverande EU/EØS-landa
kan setje grenser når det gjeld fri rørsle for
arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda. Ei slik overgangsordning
kan regulerast gjennom å nytte nasjonal lovgjeving slik
vi kjenner ho i dag. Dette kan til dømes skje gjennom krav
til arbeidsløyve og vilkår knytt til arbeidstilbod,
løns- og arbeidsforhold.
I fylgje dagens regelverk gir ein ikkje arbeidsløyve
dersom arbeidet skal lønnast dårlegare enn løns- og
arbeidsvilkår som er vanleg for samanliknbart arbeid. Store
deler av fagrørsla, deriblant Landsorganisasjonen i Noreg
(LO) og Fellesforbundet, ynskjer å føre vidare
desse premissane.
Nytting av overgangsordningane vil gjere det mogleg med ei langt
betre førebuing av informasjon, naudsynte presiseringar
i aktuelt lovverk, samt styrking av dagens kontrollregime og eventuell
oppretting av nye samarbeids- og kontrollinstansar. Ein vil samstundes
ha høve til ei gradvis tilpassing til ein ny situasjon,
endringane vil dessutan såleis komme samstundes i Noreg
som i dei landa som representerer dei største arbeidsmarknadene
i Europa. Ei slik ordning vil òg førebygge at
utvidinga svekkar tilhøva og arbeidet med å skape
meir ordna høve i dei mest utsette delane av arbeidslivet.
I løpet av denne perioden kan vi òg vente oss
ei positiv utvikling i dei nye medlemslanda, noko som også vil
redusere migrasjonspresset.
Forslagsstillarane meiner at Noreg må førebu
og innføre nasjonale overgangsordningar, og ikkje opne for
fri rørsle av arbeidskraft frå dei nye medlemslanda
frå 1. mai 2004. Trongen for lengda av overgangsordningane
må vurderast i samsvar med dei erfaringar som vert gjort
med arbeidskraftsmigrasjon i EØS-området frå 1. mai
2004.
Desse nasjonale ordningane må ikkje vere til hinder
for at norsk næringsliv kan rekruttere arbeidskraft som
det er mangel på innanlands, på eit fleksibelt
vis som i dag.
På denne bakgrunn vert det fremja følgjande
forslag:
1. Stortinget ber Regjeringa leggje
fram for Stortinget forslag til naudsynte endringar i utlendingslovgjevinga
slik at Noreg kan nytte overgangsordningar frå 1. mai 2004
for å avgrense fri rørsle av arbeidskraft frå nye
EU-land.
2. Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for kvotar
for arbeidskraft frå andre land etter nærare avtale
mellom partane i arbeidslivet.
26. november 2003