Representantforslag frå stortingsrepresentantane Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt om å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie

Dette dokument

  • Dokument nr. 8:29 (2007-2008)
  • Dato: 28.11.2007
  • Sidetall: 2
Til Stortinget

Bakgrunn

I Noreg har vi to skriftspråk; nynorsk og bokmål. Dei to skriftspråka har lange tradisjonar og er formelt sett jamstelte etter det såkalla "Jamstillingsvedtaket" som vart gjort i 1885. At dei to skriftspråka er jamstelte, inneber at alle skal sikrast eit fritt val mellom dei to offisielle skriftspråka. Noreg er eineståande i verda i å ha to skriftspråk, og både bokmål og nynorsk er difor ein viktig del av norsk kulturarv.

24. mai 2007 i år feira sidemålsundervisninga sitt 100-årsjubileum. Forslagsstillarane er av den meining at ein på nytt bør vurdere verdien av obligatorisk skriftleg undervisning i sidemål, og obligatorisk skriftleg avgangseksamen i faget. Nedanfor vil forslagsstillarane kome inn på trekk ved norsk språkhistorie som gjer at ein har kome fram til denne konklusjonen.

Norsk språkhistorie

Norsk språk har utvikla seg frå det felles skandinaviske språket urnordisk og om norrønt og gamalnorsk. Den gamalnorske perioden varde fram til siste halvdel av 1300-talet då han vart avløyst av det som vert kalla mellomnorsk. Rundt desse tider får Sverige, og seinare Danmark, ei meir dominerande stilling i Norden, og dette fører til at norsk vert skrive i ein meir utblanda stil enn tidlegare, og denne mellomforma vert kalla "mellomnorsk". Med unionen med Danmark vart dansk det dominerande skriftspråket i Noreg. Frå om lag år 1500 til om lag år 1850 var dansk det einaste skriftspråket i Noreg, medan berre eit par prosent av innbyggjarane i Noreg snakka dansk.www.sprakrad.no/fakta Med utbygginga av den obligatoriske skulegongen på 1800-talet kan ein seie at dansk styrka si stilling som skriftspråk i Noreg fordi skule for alle innebar at lese- og skriveopplæringa også vart betre, og dansk var det einaste skriftspråket Noreg hadde å bruke.

Med oppløysinga av unionen med Danmark vart det som kjend ei fornya merksemd omkring bygging av nasjonen, og ein leita etter det som var grunnleggjande norsk og som kunne binde nasjonen og folket saman. I samanheng med dette byrja ein i Noreg å diskutere om vi ikkje også burde ha vårt eige skriftspråk. I denne debatten stod to retningar mot kvarandre; dei som ville lage eit heilt nytt norsk språk forma på norske dialektar, og dei som ville byggje vidare på og utvikle dansk skriftspråk.

For den retninga som ville byggje opp eit heilt sjølvstendig norsk skriftspråk, stod Ivar Aasen (1813-1896) i spissen. Han reiste rundt i landet og samla inn grammatikk og ord i dialektane, og på bakgrunn av dette laga han ein større grammatikk i 1864 og ei omfattande ordbok i 1873. Norma, som han kalla landsmål, vart tatt i bruk av folk allereie på 1850-talet, og i 1885 vart landsmål jamstelt med dansk og godkjend som undervisningsspråk i 1892. I 1929 fekk språket offisielt namnet nynorsk etter eit stortingsvedtak.

Den andre retninga, som gjekk ut på å fornorske det danske språket, vart leia av Knud Knudsen (1812-1895). Han arbeidde mellom anna for at norsk uttale skulle verte godkjend, og han ville ha harde konsonantar i ord som var vanlege i daglegtala. I 1887 vedtok regjeringa at leseuttalen i norske skular skulle vere fonetisk norsk, og i 1907 vart dansken i Noreg reformert slik at sentrale norske trekk vart gjort obligatoriske, og han fekk no namnet riksmål. Språket vart, av Stortinget, omdøypt til bokmål i 1929.

Tidleg på 1900-talet og fram til om lag 1970 har norsk språkdebatt vore prega av forsøk på å tilnærme dei to skriftspråka slik at dei kunne smelte saman til eit felles skriftspråk. Sjølv om det har vore mange språkreformer som har ført til at dei to skriftspråka har teke trekk frå kvarandre, kan ein i dag seie at dei to språkformene har vorte konsoliderte. I dag er det difor ikkje mange som pratar om samnorsk, men ein har innsett at dei to skriftspråka er ein viktig del av norsk historie og kulturarv. Offisiell språkpolitikk i dag er difor å ha to ulike skriftformer av norsk.

Sidemålet si historie

Sidemålet er heimla i lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2. I § 2-5 heiter det seg at elevane i grunnskulen skal ha opplæring i båe målformer dei to siste åra i grunnskulen. Departementet kan gje føresegner om fritak frå opplæring i sidemål for elevar som får særleg språkopplæring. Dette gjeld mellom anna elevar med opplæring i samisk, elevar med opplæring i finsk som fra­mandspråk, elevar med teiknspråk som fyrstespråk og elevar med anna morsmål enn norsk.

Ordninga med hovudmål og sidemål vart innført i 1892, og frå då av skulle skulestyret avgjere kva for skriftspråk som skulle vere hovudmål for elevane ved kvar einskild skule. Leseundervisning skulle verte utført på båe målformer, medan dei berre skulle ha skriftleg undervisning i hovudmålet.Grepstad, Otto (2004): Den språklige lekkasjen. Årstale nr. 4 om tilstanden for nynorsk skriftkultur. Ørsta. Den obligatoriske stilen i sidemål vart innført i 1907.

Frå og med 1985 vart det innført ein rett for elevar til sjølve å velje målform frå og med fyrste året på ungdomsskulen. På barneskulen er målforma til den einskilde elev bestemt av kva kommunen har bestemt skal vere hovudmål ved den einskilde skulen.

Kvifor valfritt sidemål

I dag opplever mange elevar sidemålsundervisninga som unyttig. Grunngjevinga frå forslagsstillarane for å fjerne obligatorisk undervisning og eksamen i sidemål er at ein meiner at dei to skriftspråka er så like at ein ikkje treng ein skriftleg eksamen for å forstå kvarandre.

Norsk språkråd peika i ei høyringsfråsegn i 2004 på at:

"Statsinstitusjonane har vanskeleg for å etterleve mållova, og mange av dei grunngjev dette med at nynorskkompetansen hjå dei tilsette er for dårleg".

Dei meiner difor at sidemålsopplæringa, og då spesielt på nynorsk, bør styrkjast. For forslagsstillarane er høyringsfråsegna frå Språkrådet eit argument for å gjere sidemål valfritt. Ved å gjere sidemål valfritt kan ein oppmuntre studentane som ynskjer seg ei karriere i til dømes statsadministrasjonen, til å velje nynorsk som valfag fordi dei veit dei er nøydde til å kunne nynorsk for å gjere karriere. Så om det er slik som Språkrådet hevdar, at nynorsken vil tape på å gjere sidemålet valfritt, så vil då dei som vel nynorsk frivillig kunne ha eit konkurransefortrinn når dei skal søkje jobb. Dette vil, trur forslagsstillarane, føre til at fleire ser nytten av nynorsk og ikkje opplever sidemål som eit unyttig fag.

Det er allereie ein del grupper som i dag har fritak frå vurdering i sidemålet. Dette gjeld mellom anna elevar med opplæring i samisk, elevar med opplæring i finsk som framandspråk, elevar med teiknspråk som fyrstespråk og elevar med anna morsmål enn norsk. Dette syner, etter forslagsstillarane si meining, at det er erkjent at sidemål ikkje er eit naudsynt fag for å klare seg i det norske samfunnet. Slike fritak er til dømes ikkje gjeldande for undervisning i andre obligatoriske fag som matematikk, naturfag eller engelsk.

Språkprofessor Finn Erik Vinje gjev full støtte til eit slikt syn, og seier mellom anna til NRK at han meiner den skriftlege undervisninga i sidemål er overmogen for utskifting:

"Den har snart eksistert i 100 år og har utspilt sin rolle. Det ligger noe nesten naturstridig i at man skal uttrykke sine tanker, stemninger og meninger på to variantar av norsk skriftspråk, som i tillegg er til forveksling like".http://www.nrk.no/nyheter/kultur/3398696.html

Dette syner at det ikkje finst store faglege argument til å oppretthalde obligatorisk undervisning i sidemål, men at ein tvert om kan ha mykje å hente på å gjere det valfritt, slik at dei som verkeleg ynskjer å lære sidemål, får gjere det på ein skikkeleg måte.

forslag

På denne bakgrunn vert det fremja følgjande

forslag:

Stortinget bed Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar for å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie.

28. november 2007