Til Stortinget
Statnett SF har for tida omfattande planar for å forsterke så
vel det nasjonale sentralnettet som kraftoverføringa til utlandet.
Statnett SF ser i sin nye nettutviklingsplan behov for investeringar
i sentralnettet i storleiken 20–45 mrd. kroner i kommande tiårsperiode.
Det er eit klart behov for dette, både for å styrkje forsyningssikkerheita
innanlands, for å leggje til rette for utbygging av ny kraftproduksjon
frå fornybare energikjelder, for å auka verdiskapinga basert på
utnytting av fornybare energikjelder, for å bidra til å styrkje
forsyningssikkerheita for energi i våre europeiske naboland og for
å redusere klimagassutslepp i Europa. På same tid skapar utbygginga
av sentralnettet store konfliktar i delar av landet der ein fryktar
at store skjemmande kraftlinjer og høgspentmaster vil øydeleggje
verdifulle naturlandskap. Dette gjeld ikkje minst i fjordlandskapet
på Vestlandet der det er planlagt nye 420 kV linjer som kjem i konflikt
med viktige nasjonale og internasjonale landskapsområder, reisemål
og nær inn mot UNESCO sine verdsarvområder.
Ein bør ved forsterkinga av sentralnettet også ha sterkare fokus
på estetiske omsyn og konsekvensar for miljø og nærføring til busetnad.
Mange stader kan kraftlinjer i luftspenn også skape frykt for stråling
og redusert livkvalitet. Det er mogleg med ei meir skånsam utbyggjing
i høve til desse omsyna ved at delar av nettet kan leggjast i kabel
i sjøbotnen eller i jordkabel. Ein bør derfor nytte den planlagde
utbygginga av sentralnettet til å utvikle og prøve ut ny teknologi som
kan gje ein meir skånsam kraftoverføring gjennom sårbare naturområde,
på same tid som forsyningssikkerheita blir teken vare på. Slik teknologi
er i dag tilgjengeleg eller er i ferd med å bli det. Eit døme på
dette er den såkalla VSC-teknologien. Det føregår også mykje spennande
teknologiutvikling på dette området, både når det gjeld kapasitet
og pris, og det er viktig å sende klare signal til desse miljøa/bedriftene
om at det vil bli stort behov for betre kabelteknologi raskt.
Det bør derfor opprettast eit fagleg utval som er samansett av
mellom anna representantar for kabelprodusentar, forskingsmiljø
og Statnett SF for å gå gjennom nye teknologiske løysingar som kan
takast i bruk i framtidas kraftnett. Det blir understreka at oppretting
av eit slikt utval ikkje skal gå på kostnad av nødvendig utbygging
av sentralnettet for mellom anna å sikre forsyningstryggleiken for
elektrisk straum.
På denne bakgrunn fremmar forslagsstillarane følgjande
framlegg:
Stortinget ber Regjeringa oppnemne eit fagleg utval som skal
gå gjennom ulike teknologiske løysingar som kan gje ei sikker og
meir skånsam kraftoverføring gjennom sårbare naturområder i framtida,
herunder bruk av jord- og sjøkabel, og leggje fram sine tilrådingar
for Stortinget innan utgangen av 2011.
4. desember 2009