Representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge og Heidi Greni om fjerning av foreldingsfristen for brot på straffelova § 148 første ledd første punktum andre straffalternativ (mordbrannparagrafen)

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Foreldingsreglane i strafferetten er knytt til adgangen til å reise straffesak for domstolane. Når eit forhold er forelda, er det ikkje lenger mogleg å bringe forholdet inn for domstolane. Moment som talar for å ha ein foreldingsfrist, er at bevisa avtek over tid. Etter som åra går, blir det vanskelegare å stille eventuelle gjerningspersonar til ansvar for dei straffbare handlingane. Samtidig er foreldingsreglane eit insitament for at strek må setjast på eit eller anna tidspunkt.

Foreldingsinstituttet er viktig, og skal framleis gjelde for dei aller fleste straffbare handlingar. Stortinget har vedteke å fjerne foreldingsfristane på nokre typar alvorleg kriminalitet, som drap, incest og valdtekt. Vedtaket tok sikte på å gjera det mogleg å etterforske og straffeforfølgje somme av dei mest alvorlege, straffbare handlingane uavhengig av om det har gått lang tid sidan lovbrotet vart gjennomført.

I kjølvatnet av denne endringa meiner forslagsstillarane at det er uheldig at ein ikkje også fjerna foreldingsfristen for handlingar som blir ramma av straffelova § 148 første ledd første punktum andre straffalternativ, tilfelle som gjeld mordbrann.

Straffelova § 148, den såkalla mordbrannparagrafen, har ei øvre strafferamme på 21 år.

Ved denne type handlingar tar ein gjerningsperson livet av ein eller fleire personar, i tillegg til at det blir påført store materielle og menneskelege skadar. I slike saker kan det liggje både økonomiske motiv og drapsmotiv bak handlinga. Svært mange menneskeliv kan også gå tapt. Det kan støyte den allmenne rettskjensla om drap utført etter straffelova § 148 kan foreldast, når andre drap ikkje blir forelda.

Det har vore fleire døme på saker som er kompliserte og krevjande å etterforske. I ein del saker kan dei økonomiske motiva for å motarbeide etterforskinga vera så sterke at ein foreldingsfrist i desse sakene er uheldig.

Forslagsstillarane vil understreke at det er viktig at foreldingsinstituttet ikkje blir uthula. Samtidig vil forslagsstillarane peike på at når nokon har begått alvorleg kriminalitet kor menneskeliv har gått tapt som ei følgje av handlinga, bør ein ikkje føle seg trygg på at ein ikkje blir stilt til ansvar.

Forslagstillarane meiner derfor at dette forslaget er ein naturleg konsekvens av tidlegare vedtak i Stortinget. Intensjonen til forslagsstillarane er at lovendringa skal gjelde dei tilfella kor brannen har dødsfall som følgje, og at slike saker såleis ikkje lenger skal kunne foreldast.

Forslag

På denne bakgrunn fremjar forslagsstillarane følgjande

forslag:

Vedtak til lov

om endring i straffeloven (fjerning av foreldesesfristen for brudd på straffeloven § 148)

I

I lov 22. mai 1902 nr. 10 om Almindelig borgerlig Straffelov (Straffeloven) skal § 66 tredje ledd nytt tredje punktum lyde:

Det samme gjelder overtredelser av straffeloven § 148 første ledd første punktum annet straffalternativ når noen på grunn av forbrytelsen omkommer.

II

Denne lov trer i kraft straks.

6. oktober 2014