Representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge, Gerd Eli Berge og Heidi Greni om etablering av overvakingskamera på alle køyrbare norske grenseovergangar

Til Stortinget

Bakgrunn

Grenseoverskridande kriminalitet er eit stadig større problem. Smugling av varer, dyr, menneske og narkotika aukar i omfang. Verksemda får stadig eit meir profesjonelt preg, og det ligg store pengar i organisert kriminalitet.

Det å drive effektiv grensekontroll er viktig av fleire årsaker. Organisert kriminalitet medfører store kostnader for samfunnet både menneskeleg og økonomisk. Ulovleg innførsel av varer medfører også store avgiftsunndragingar, samstundes som det gir stor økonomisk vinning for organiserte kriminelle nettverk.

Tollvesenet er avhengig av metodar og verktøy som gjer det mogleg å nedkjempe denne type kriminalitet effektivt. Forslagsstillarane meiner såleis at det er sentralt at det blir satsa på teknologiske hjelpemiddel som kan effektivisere dette arbeidet.

Fleire grenseovergangar på det sentrale Austlandet har fått etablert ordningar med såkalla «smarte overvakingskamera» (ANPR). Desse bidreg til skiltgjenkjenning og informasjon om kjøretøyet. Det gjer at Tollvesenet på desse køyrbare grenseovergangane kan arbeide meir effektivt og målretta. Erfaringar viser at kamerabruken fører til at meir kriminell aktivitet blir avdekka. Det blir gjort fleire store narkotikabeslag, og fleire avgiftsunndragingar blir oppdaga. Det har også ført til meir generell kontrollaktivitet.

Når ein etablerer eit slikt system, vil det i framtida vera lettare å utvikle kontrollrutinane, samt drive auka metodebruk. Det er grunn til å tru at Tollvesenet kan gis eit betydeleg potensial for innsamling og analyse av informasjon som kan brukast til utvelging av objekt for kontroll. For eksempel gir kameraovervakinga tollmyndigheitene ei oversikt over kva for køyretøy som kryssar grensa, og til kva tidspunkt.

Forslagsstillarane ser ingen argument mot å etablere slike kamera på alle køyrbare grenseovergangar i Noreg.

Forslagsstillarane meiner difor at regjeringa straks må starte ei utgreiing om å innføre ordninga i heile landet, slik at systemet kan etablerast på alle norske køyrbare grenseovergangar i løpet av 2015.

Forslag

På denne bakgrunn vil forslagstillarane fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om å etablere overvakingskamera (ANPR) ved alle køyrbare grenseovergangar i Noreg, slik at dette kan setjast i verk i 2015.

4. november 2014