Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Heikki Eidsvoll Holmås om vern av Øystesevassdraget

Dette dokument

  • Dokument 8:147 S (2014–2015)
  • Dato: 19.06.2015
  • Sidetall: 2
Til Stortinget

Bakgrunn

Øystesevassdraget ligg sentralt i Hardanger, i Kvam kommune aust for Bergen. Vassdraget er eit fjordvassdrag og har utlaup i Hardangerfjorden. Vassdraget har kort avstand frå høgfjellet til fjorden. Det ligg i eit område med lite vern av heile nedbørsfelt av denne typen, og ligg inn mot ein region med mykje vasskraftproduksjon. Vassdraget er mykje nytta til friluftsliv og rekreasjon.

Då Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) handsama forslag til supplering av verneplan for vassdrag i forkant av St.prp. nr. 53 (2008–2009) Verneplan for vassdrag- avsluttande supplering, vart det gjennomført høyringsrunde om vern av Øystesevassdraget. Kvam kommune, Direktoratet for naturforvaltning (DN), reiselivsorganisasjonar og naturvern- og friluftsorganisasjonar gjekk då inn for vern av heile vassdraget. Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK AS) gjekk imot vern. Grunneigarar langs elva nedanfor Fitjadalsvatnet gjekk inn for å avgrense vernet til den øvre delen, slik at ein kunne realisere planar om å nytte fallet i den nedre delen i eit elvekraftverk. Ei overføring i samsvar med BKK sine planar ville redusere utbyggingspotensialet i den nedre delen. Høyringsfråsegnene synte at det var ulike syn mellom verne- og utbyggingsinteressene, men også motstridande interesser mellom dei ulike utbyggingsinteressene.

NVE vurderte den gongen at Øystesevassdraget har kvalitetar som klart kvalifiserer til å vere ein del av Verneplan for vassdrag, særleg på grunn av kvalitetar knytt til landskap, variasjonsrikdom i naturtypar frå fjell til fjord og friluftsliv. Dei meinte også at det er eit fjordvassdrag i eit område som er lite representert i verneplanen. Det verna vassdraget Fosselvi som ligg like ved, dekker berre øvre delar av denne type vassdrag. NVE gjekk ikkje inn for å avgrense vernet til øvre del, fordi dei meinte at verneplan for vassdrag skal utgjere eit representativt snitt med vekt på å verne heile vassdrag med deira dynamikk frå fjell til fjord. Dei peika også på at nedre del har natur- og opplevingskvalitetar knytta til det varierte elvelaupet i stryk og fossar. NVE tilrådde at heile Øystesevassdraget vart teke inn i verneplanen.

I departementshøyringa som vart gjennomført i forkant av St.prp. nr. 53 (2008–2009) kom det fram følgjande:

«Hordaland fylkeskommune tilrådde at øvre delar av vassdraget vart teke inn i verneplanen. Fylkesmannen i Hordaland støtta innstillinga til NVE. Kvam Herad ønskte prinsipalt delt vern, subsidiært fullt vern. Naturvernforbundet, Kvam Turlag og Vernelaget for vassdrag i Kvam støtta vern av heile vassdraget.»

Øystesevassdraget vart likevel ikkje tatt inn i verneplan for vassdrag i samband med handsaminga av Innst. S. nr. 289 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 53 (2008–2009) 9. juni 2009. Forslagsstillarane gjer framlegg om at Stortinget på nytt handsamar dette spørsmålet, og at ein i samband med handsaminga også avgjer kva eventuelle geografiske avgrensingar eit slikt vern skal ha.

Forslag

På denne bakgrunnen fremjar forslagsstillarane følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa fremje sak for Stortinget om at Øystesevassdraget vert supplert inn i verneplan for vassdrag.

19. juni 2015