Representantforslag om helserisiko ved bustadbygging på gamle avfallsdeponi

Dette dokument

  • Representantforslag 246 S (2017–2018)
  • Fra: Sigbjørn Gjelsvik og Kjersti Toppe
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Det finst to tusen nedlagde avfallsdeponi i Noreg. Mange av dei ligg i nærleiken av tettbygde strok. Over 1 600 av deponia har forureiningsgrad gul eller raud. No åtvarar ekspertar mot å ignorere problema som kan oppstå: setningsskadar på bygg, infrastruktur og ute-opphaldsareal, forureina grunn og vatn og eksplosiv deponigass.

Det finst i dag ikkje offisielle nasjonale tal på kor mange som bur på eller ved nedlagde deponi. Ifølgje Miljødirektoratet har ikkje nasjonale styresmakter oversikt over kor mange som bur i nærleiken av nedlagde søppeldeponi eller annan type forureina grunn. NRK har ved å kople kart frå Miljødirektoratet med tal frå Statistisk sentralbyrå kome fram til at meir enn 185 000 personar, fordelt på over 90 000 bustader, bur på eller ved eit nedlagt deponi.

Korleis denne oversikta og desse tala skal tolkast, kjem an på kor nær bustadene ligg avfallsdeponia, kor store deponia er og kva avfall som er deponert der. Ofte kjem det også fram at deponigrensene er unøyaktige eller ukjente.

Forslagsstillarane viser til at det har vore ei rekke ulykker med deponigass dei siste tiåra i Noreg. I 1970 omkom to vegarbeidarar på Sluppen i Trondheim då dei blei kvelte av deponigass i ein kum. I 1987 eksploderte deponigass i eit arkivrom hos Sluppen Autoservice i Trondheim. Ein mann var nær ved å miste livet. I 1992 blei ein tilsett ved Isi avfallsanlegg i Bærum brannskada då bygget han var i, eksploderte. I 1993 blei ein ti år gamal gut brannskada på Rommensletta i Oslo då han leika med fyrstikker ved ein kum som var full av deponigass. I 2005 blei det funne eksplosive nivå av deponigass i næringsbygg ved Lade-fyllinga i Trondheim, og dei tilsette blei evakuerte. I 2016 byrja ein bustad i Skedsmo å brenne då gass frå det gamle deponiet tok fyr inne i veggen.

Nedlagde deponi kan produsere gass i opptil 100 år. I Danmark vart det på 1990-talet gjennomført ein omfattande studie av deponi og risiko etter at to personar døydde då bustaden deira, som låg ved ei gammal fylling, eksploderte. Studien viste til at deponigass kan bevege seg opptil 500 meter bortover under bakken. NRK si undersøking inkluderer bustader som ligg opptil 350 meter frå eit deponi.

Forslagsstillarane viser til at Noreg har dårleg oversikt over forureina grunn, samanlikna med våre naboland. Sverige har registert 85 000 forureina stader, Danmark 30 000, medan talet i Noreg er 5 600. Det er truleg store mørketal i Noreg. Sjølv for dei registrerte fyllingane er det svært lite informasjon om kva type avfall som er kasta.

Forslagsstillarane viser til at Folkehelseinstituttet har vurdert helserisikoen ved å bygge nær eller på gamle avfallsdeponi. Folkehelseinstituttet vurderer no å endre sine generelle nasjonale helseråd angåande avfallsdeponi på bakgrunn av hendingane i Skedsmo. Blant anna skal det undersøkast om den kreftframkallande gassen benzen finst i bustader der. Det er også påvist unormalt høge nivå av metan og karbondioksid i 21 bustader. Forslagsstillarane viser til at forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) og Miljødirektoratets veileder «Helsebaserte tilstandsklasser for forurenset grunn», og Byggteknisk forskrift, TEK 10, er eksisterande aktuelle regelverk, men som etter forslagsstillarane sitt syn ikkje gir tilstrekkelege råd og kunnskap om helsefarane ved bygging på gamle avfallsdeponi.

Ifølgje folkehelseloven har kommunar og fylkeskommunar ei lovfesta plikt til å setje i verk tiltak og samordne si verksemd i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte. Lova skal legge til rette for langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. Formålet er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og utjamnar sosiale helseskilnader. Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningas helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skadar og lidingar. Ifølgje lovas § 9 har kommunar plikt til å føre tilsyn med dei faktorane og forholda i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa.

Forslagsstillarane viser til at det er ulik praksis i kommunar med omsyn til det å tillate bygging på gamle avfallsdeponi, og det er usikkerheit om faktagrunnlaget. I Sandnes er planane om 1 000 bustader på den gamle søppelplassen på Varatun sette på vent fordi ein ny rapport konkluderte med at det er fare for liv og helse dersom det blir bygd bustader der. Nabokommunen Stavanger har vedtatt forbod mot bustadbygging på søppeldeponi, på grunn av risiko knytt til deponigass, miljøgifter og ustabile grunnforhold.

Forslag

På denne bakgrunn vert det fremma følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa gjennomføre ei kartlegging av gamle avfallsdeponi i Noreg, med ei oppdatert vurdering av helserisiko, og på denne bakgrunnen vurdere behovet for nye nasjonale tilrådingar og tiltak.

15. juni 2018

Sigbjørn Gjelsvik

Kjersti Toppe