Representantforslag om å leggje til rette for auka grunnbemanning og lågare vikarbruk i den kommunale helse- og omsorgstenesta

Dette dokument

  • Representantforslag 73 S (2019–2020)
  • Fra: Kjersti Toppe, Bengt Fasteraune og Per Olaf Lundteigen
  • Sidetall: 3

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Den kommunale helse- og omsorgstenesta står overfor store utfordringar. Det er høgt press på dei tilsette i tenesta. Helse- og omsorgssektoren toppar statistikkane over sjukefråvær i det norske arbeidslivet, og ifølgje Norsk Sykepleierforbund (NSF) er problemet størst i kommunane, der sjukefråværet for sjukepleiarar ligg på 18 prosent.

Samstundes har kommunane problem med å rekruttere tilsette til helse- og omsorgstenesta. I KS sin arbeidsgjevarmonitor 2019 oppgjev tre av fire kommunar at det er «ganske» eller «meget» utfordrande å rekruttere sjukepleiarar. Eit sentralt krav frå fagorganisasjonane har vore retten til heile og faste stillingar. KS sin arbeidsgjevarmonitor 2019 viser at den gjennomsnittlege stillingsstørrelsen innan kommunale helse- og omsorgstenester ligg lågast blant dei kommunale sektorane, på 71,5 pst. Ifølgje NSF sitt heiltidsbarometer var 42 pst. av alle utlyste stillingar i 2019 deltidsstillingar. I tillegg kan høg vaktbelasting på ulempelege arbeidstider for dei tilsette i helse- og omsorgstenesta gjere det vanskelegare å rekruttere. Samstundes har vikarbruken i kommunane auka kraftig dei seinaste åra. Ei undersøking viser at kommunane totalt brukte 1,2 mrd. kroner på å leige inn vikarar i 2018 (Aftenposten, 2. juli 2019). Det er nesten ei dobling frå 2012, då talet var 625 mill. kroner.

Låg og ustabil bemanning går dessutan ut over kvaliteten i tenesta. I årsmeldinga til pasient- og brukaromboda for 2018 peikar omboda på at dei ofte vert kontakta av eldre og deira pårørande om mellom anna

«for få timer og for lavt kvalifisert personell i hjemmetjenestene, et stort antall personer å forholde seg til og demente som er overlatt til seg selv store deler av døgnet»

[(Meld. St. 9 (2019–2020) Kvalitet og pasientsikkerhet 2018).]

Det er dessutan påvist vald, overgrep og andre menneskerettslege utfordringar i omsorgstenesta. Aftenposten har avdekka at rundt ti prosent av 128 000 kartlagde avvik i sjukeheimar skyldast vald, truslar og utagering. I sin temarapport frå 2019 om menneskerettane til eldre peika Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) mellom anna på vald og overgrep, tvangsbruk, underernæring og uheldig legemiddelbruk som menneskerettslege utfordringar for brukarar av omsorgstenestene. Ein del av desse problema kunne truleg ha vore løyste med auka bemanning og kompetanse og lågare vikarbruk. Ei spørjeundersøking gjennomført av Sykepleien.no i 2018 dokumenterer til dømes at tidsnød og ressursmangel fører til omfattande bruk av vanedannande legemiddel til urolege pasientar og brukarar, som kunne ha vore unngått dersom ein hadde kapasitet til å følgje opp brukarane på andre måtar.

Auka grunnbemanning – lågare vikarbruk

Mange kommunar har leitt etter løysingar på problema som følgjer av låg og ustabil bemanning i helse- og omsorgstenesta. I nokre kommunar er det gjennomført prosjekt der ein har overført pengar frå vikarbudsjetta for å auke grunnbemanninga. Dette inneber at grunnbemanninga ligg høgare enn minimumsnivået som trengst for å yte ei forsvarleg teneste, og det vert dermed ikkje alltid naudsynt å setje inn vikarar ved fråvær. Auka grunnbemanning kan gjere det enklare å tilby heile og faste stillingar, og dermed vere ein del av løysinga på utfordringane med å rekruttere i kommunane. Auka grunnbemanning reduserer dessutan arbeidspresset på dei tilsette, og kan dermed gje lågare sjukefråvær.

Redusert vikarbruk betyr mellom anna at brukarane slepp å sjå stadig nye fjes. Sidan det er eit kjent problem i helse- og omsorgstenesta at vikarar ofte har lågare formelle og praktiske kvalifikasjonar enn personane dei skal erstatte, bidreg auka grunnbemanning også til auka fagkompetanse. Dersom leiarar kan bruke mindre tid på administrasjon, innleie av vikarar og å få vaktplanane til å gå opp, frigjer ein dessutan tid til å utvikle den faglege kvaliteten i tenesta. Ettersom timeprisen på innleigde vikarar er relativt høg, er det mogleg å gjennomføre slike endringar utan at kostnadane til kommunen aukar.

Erfaringar frå Sveio og Sauherad

I 2016 starta Sauherad kommune eit prosjekt for å auke heiltidskulturen i einingane for pleie og omsorg. Det gjorde ein mellom anna ved å utvide mindre vikarstillingar til større såkalla ressursstillingar som kunne nyttast ved fleire enn ei avdeling. Ein innførte dessutan turnusar med lengre helgevakter. Endringane vart gjennomførte etter ein lang periode med informasjon og involvering av dei tilsette. Erfaringane frå prosjektet viser mellom anna at gjennomsnittleg stillingsprosent auka frå 60 pst. då prosjektet starta i 2016, til 81 pst. hausten 2018. Dessutan rapporterer kommunen om lågare sjukefråvær, auka fagkompetanse blant dei tilsette og meir kjende fjes for brukarane. Desse resultata har ein oppnådd utan å auke dei økonomiske rammene til pleie- og omsorgstenesta.

I Sveio kommune sette ein våren 2018 i gang eit toårig prosjekt for å auke grunnbemanninga i einingane for pleie og omsorg ved å tilsetje faste vikarar. Målsettingane for prosjektet var mellom anna å auke kvaliteten på tenesta, redusere utgiftene til innleigde vikarar, gå bort frå bemanningsbyrå, redusere sjukefråværet og redusere ufrivillige deltidsstillingar. Dei førebelse erfaringane tyder mellom anna på at kommunen har oppnådd fleire fagutdanna tilsette, færre tilfeldige vikarar, betre rekruttering og leiarar som får meir tid til å konsentrere seg om faglege oppgåver framfor administrasjon. Evalueringa viser dessutan at kommunen har hatt ein reduksjon i kostnadane innan pleie og omsorg sidan 2017, når ein tek høgde for løns- og prisvekst, til tross for at pleiemengda og pleietyngda har auka i perioden.

Også andre kommunar har gode resultat med tilsvarande prosjekt baserte på lokalt samarbeid, til dømes Dovre og Songdalen.

Tilrettelegging for lokalt forankra initiativ

Forslagssttillarane meiner auka grunnbemanning og mindre vikarbruk kan løyse fleire av problema i den kommunale helse- og omsorgstenesta, utan at det krev større økonomiske ressursar. Dersom ein slik kan oppnå betre kvalitet på tenestene utan at det kostar meir, bør prosjekt for å auke grunnbemanninga i helse- og omsorgstenesta vere attraktivt for mange kommunar. Samstundes kan det liggje ein kortsiktig økonomisk og praktisk utfordring i å setje i gang slike prosjekt. Det kan til dømes vere at ein må tilsetje ein prosjektkoordinator, kjøpe fri tilsette eller liknande for å planlegge og gjennomføre eit slikt prosjekt. I tillegg kan det vere ein terskel for kommunane at det ligg ein økonomisk risiko i å auke grunnbemanninga utan å vite i forkant om prosjektet vert vellykka med tanke på kvalitet og kostnadar.

Erfaringar frå Sauherad og Sveio tilseier at slike prosjekt må ha sterk lokal forankring for å lykkast, og for å svare til behovet i dei einskilde kommunane. Til dømes talar behovet for lengre helgevakter, årsturnus eller andre modellar for å leggje opp vaktplanane, for at dei tilsette i tenesta bør vere sterkt involverte når kommunane gjer slike endringar. Difor er det avgjerande at slike prosjekt spring ut av lokale initiativ, og det er ikkje tenleg med ein standardisert statleg modell.

Forslagsstillarane meiner samstundes at staten bør leggje best mogleg til rette for at dei gode erfaringane ein har sett i nokre kommunar, vert breidde ut, slik at gode lokale initiativ kan oppstå i andre kommunar. Difor vert det foreslått eit nasjonalt program for å stimulere til lokalt forankra prosjekt for å auke grunnbemanninga og redusere bruken av vikarar. Programmet må gjennomførast gjennom eit samarbeid med KS og dei aktuelle arbeidstakarorganisasjonane. I programmet må ein mellom anna fremje tiltak mot tersklane som kan stå i vegen for at kommunane aukar grunnbemanninga. Det kan til dømes vere tilskot til kommunar som ynskjer å setje i gang slike prosjekt. Programmet må dessutan samle og spreie kunnskap frå kommunar som har auka grunnbemanninga med gode resultat.

Forslag

På denne bakgrunnen fremjar forslagsstillarane følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa, gjennom eit samarbeid med KS og arbeidstakarorganisasjonane, om å opprette eit nasjonalt program for auka grunnbemanning og rekruttering til den kommunale helse- og omsorgstenesta. Programmet må innehalde konkrete tiltak for å leggje til rette for lokalt forankra prosjekt for auka grunnbemanning og mindre vikarbruk i helse- og omsorgstenesta.

13. februar 2020

Kjersti Toppe

Bengt Fasteraune

Per Olaf Lundteigen