Representantforslag om full breibandsdekning og realisering av gigabitsamfunnet innan 2025

Dette dokument

  • Representantforslag 116 S (2021–2022)
  • Fra: Alfred Jens Bjørlo, Guri Melby og André N. Skjelstad
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Digitalisering og digital teknologi har dei siste tiåra endra samfunnet i eit enormt tempo. Rapporten «Ekom-sektorens betydning for norsk økonomi», utarbeidd av Samfunnsøkonomisk analyse (SØA) på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2021, syner at tilgangen på ekomtenester og IKT har bidrege til heile 80 pst. av den årlege gjennomsnittlege produktivitetsveksten i norsk økonomi sidan 2003. Alt tilseier at digitaliseringa sine bidrag til økonomisk vekst og samfunnsnytte vil bli ytterlegare forsterka i åra framover, både i offentleg og privat sektor. Det vil skje gjennom utvikling av heilt nye digitale løysingar og produkt, effektivisering av oppgåver som allereie er digitale, bruk av kjend teknologi på nye område og bruk av digital teknologi på bruksområde ein enno ikkje kjenner i dag.

For å sikre at heile landet kan vere med på denne rivande utviklinga, er ein god digital infrastruktur over heile landet ein føresetnad. Analysar gjord på oppdrag av NHO, Abelia, KS mfl. syner at for å nå ambisjonen om full breibandsdekning i Noreg (gigabitsamfunnet), definert som 95 pst. dekning av breiband med minst 1 Gbit/s (fiber/kabel-TV) og minst 100 Mbit/s for dei resterande 5 pst. av husstandane (mobile løysingar), krevst det samla offentlege og private investeringar på ca. 12 mrd. kroner.

Noreg er kome langt på vegen mot desse måla dei siste åra. Pr. 2021 har 86,5 pst. av alle husstandar tilbod om breiband med nedlastingsfart på minst 1 Gbit/s. Ca. 75 pst. av alle husstandar har eller har moglegheit til å koble seg på fibernett. (Nkom, oktober 2021). Fiberdekninga har auka frå 50 til 75 pst. på berre to år (2019 til 2021).

I åra 2016–2020 vart det investert ca. 50 mrd. kroner i breibandsutbygging i Noreg, kor bidraget frå staten utgjorde ca. 1,4 mrd. kroner. Breibandsutbygginga i Noreg har så langt med andre ord hovudsakleg vore finansiert av marknaden. Det har fungert bra, men ein er no kommen så langt at dei områda der det ligg best til rette for kommersiell utbygging, er bygde ut, og dei områda, husstandane og verksemdene som står att, vil vere meir kostbare å nå. For å auke dekningsgraden opp mot det som skal til for å sikre full breibandsdekning og nå ambisjonen om gigabitsamfunnet, vil det i denne sluttfasen av utbygginga krevjast eit større bidrag frå det offentlege.

Å auke tempoet i breibandsutbygginga i åra fram mot 2025 for å ta raskast mogleg ut dette store auka verdiskapingspotensialet, vil ha høgare samfunnsmessig avkasting enn dei fleste andre investeringar staten gjer.

Ein ny rapport utarbeidd av SØA på oppdrag av NHO, KS, Abelia og Nelfo i februar 2022 (Samfunnsnytten av gigabitsamfunnet), syner at framskynding av full breibandsdekning frå 2035 til 2025 kan utløyse ein meirvekst i verdiskaping i fastlandsøkonomien på heile 75 mrd. kroner, dette på grunn av moglegheitene full breibandsdekning gir for raskare effektivisering og utrulling av digitale løysingar i offentleg sektor, auka potensial for verdiskaping, raskare utrulling av kompetansebygging i heile landet osv..

Full breibandsdekning og digitalisering raskast mogleg vil også vere viktig for å lukkast med klimakutt og omstilling til eit grønare næringsliv over heile landet. Digitalisering kan mellom anna bidra til å redusere trongen for persontransport, effektivisere varetransporten og redusere forbruket av varer og tenester med store klimaavtrykk. Potensialet for databasert verdiskaping kan vere så høgt som 300 mrd. kroner – 7 pst. av BNP – allereie i 2030 (Menon, 2019).

Dersom folk skal ha fridom til å bestemme kvar dei skal busetje seg, ta utdanning og arbeide i framtida, og dersom ein skal ta ut det enorme verdiskapingspotensialet i økonomien som rask digitalisering av Noreg gir, er det no nødvendig å sikte mot full breibandsutbygging i heile landet og realisering av gigabitsamfunnet innan 2025.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein plan for full breibandsdekning innan 2025, definert som 95 pst. dekning av breiband med minst 1 Gbit/s og minst 100 Mbit/s for dei resterande husstandane/bedriftene.

  • 2. Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein plan for å ta ut størst moglege samfunns- og klimagevinstar av full breibandsdekning i Noreg innan 2025 gjennom mellom anna auka effektivisering i offentleg sektor og auka verdiskaping og klimakutt kytte til digitalisering i privat og offentleg sektor.

17. februar 2022

Alfred Jens Bjørlo

Guri Melby

André N. Skjelstad