Bakgrunn
Det har vore ei stor
utvikling i korleis ein handlar med brukte klede og utstyr dei siste
åra. Også aksept for å handle brukte klede breier om seg. Ideelle
aktørar har til no vore dominerande for omsetning av varer i fysiske brukthandelforretningar,
spesielt for klede. Men ein har i større grad sett at alternative
nettportalar veks fram, og at denne typen handel i dag i større
grad skjer i privat regi. Gjennom nettportalar som Finn.no, QXL.no, Nettauksjon.no
og mobilapplikasjonar som Letgo, Shpock og Tise legg privatpersonar
ut klede, møblar, interiørartiklar og anna for sal.
Forslagsstillarane
ønskjer eit meir sirkulært samfunn. Det betyr at det også må lønne
seg å tenke og handle sirkulært i staden for å kjøpe nytt og ta
nye materiale i bruk. Seinast vart sirkulærøkonomi grundig omtala
i Meld. St. 13 (2020–2021).
Men skal ein legge
betre til rette, må også regelverket tilpasse seg nye forretningsmodellar,
nye forretningskonsept og nye handlemåtar. Brukthandellova (lov
22. desember 1999 om handelsverksemd med brukte og kasserte ting)
sine paragrafar er utforma med utgangspunkt i at handel med brukte
gjenstandar skjer i ein fysisk butikk, noko som kan innebere at
lova kan vere til hinder for utviklinga av nye forretningsmodellar.
Brukthandellova sitt formål er å hindre ulovleg omsetning av stolne
gjenstandar. Brukthandellova og -forskrifta er meint å gje politiet
eit utvida etterforskingsverktøy for å førebygge omsetning av stolne
eller ulovleg mottatte gjenstandar og lette arbeidet med å spore opp
slike gjenstandar. Auka grad av bruk av digitale verktøy og utviklinga
i handlemønster gjev grunn til å vurdere om paragrafane i brukthandellova
er relevante for å bidra i politiet sitt arbeid med å forhindre
omsetning av stolne gjenstandar, og om dei er til hinder for å auke
graden av sirkulære konsept.