Representantforslag om at det ikkje skal innførast normprissystem ved grunnrenteskatt på havbruk

Dette dokument

  • Representantforslag 38 S (2022–2023)
  • Fra: Olve Grotle, Linda Hofstad Helleland, Erlend Svardal Bøe, Bård Ludvig Thorheim, Helge Orten og Ove Trellevik
  • Sidetall: 2

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på havbruk har eit så sterkt skattepress og har skapt så stor uvisse kring grunnleggande rammevilkår at det dagleg kjem meldingar om bortfall av milliardinvesteringar, permitteringar og andre bekymringsfulle forhold.

Ein del av skatteforslaget er at det skal leggast til grunn ein såkalla normpris for utrekning av den skattepliktige grunnrenteinntekta. Normprisen er basert på ein rapportert pris for spotsal i ein avgrensa del av laksemarknaden (NASDAQ-prisen). Denne gjeld derimot berre eit avgrensa geografisk område og eit avgrensa tal selskap. Ein risikerer derfor at prisen næringa oppnår, ligg godt over den reelle prisen oppdrettar får, då det ikkje er tatt omsyn til kvalitet, logistikkkostnader m.m.

Når det gjeld (fastpris)kontrakter, vil forskjellane mellom den avtalte prisen og normprisen kunne bli svært høge, og oppdrettar vil derfor risikere at skattegrunnlaget blir liggande vesentleg over reell oppnådd pris.

Ein vesentleg del av laksen blir selt som tilarbeidde produkt i daglegvarehandelen (ca. 40–50 pst.), og dette krev kontraktar. Grunnrenteskatteforslaget har nå gjort at kontraktsmarknaden for neste år er borte. Svært få torer å inngå slike kontraktar. Dette er ikkje berre øydeleggande for etterspørselen etter laks neste år, men riv òg grunnen under arbeidsplassar som er knytte til tilarbeidingsindustrien langs kysten. Ein har derfor dei siste vekene sett fleire bedrifter sende ut varsel om permitteringar til sine tilsette.

Det er nå i ferd med å utvikle seg ei krise i denne delen av sjømatnæringa, og det er avgjerande at det blir lagt til rette for at ein igjen kan inngå slike kontraktar. Og dette må skje så raskt som råd. Det er i 4. kvartal næringa vil inngå kontraktar for neste år.

Både statsminister Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum har i ulike intervju opplyst at framlegget til grunnrenteskatt er tenkt behandla til neste år, og vidare at regjeringa ønsker ei skatteordning som eit breitt fleirtal på Stortinget kan stille seg bak.

Forslagsstillarane meiner at regjeringa nå bør utsette iverksettinga av ei ny skatteordning til denne er ferdigbehandla av Stortinget i 2023. Det vil gi næringa nødvendig ro og stabilitet og vil kunne legge grunnlaget for ei skikkeleg og forsvarleg behandling. Dette vil òg bli foreslått av Høgre i årets budsjettbehandling.

Uavhengig av om regjeringa utsett iverksettinga av skatteordninga, er det heilt avgjerande at det omgåande blir gjort klart at normprissystemet ikkje vil bli innført slik det er foreslått.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa om at det ikkje blir lagt til grunn at det skal innførast eit normprissystem for rekneskapsåret 2023 i det forslaget til grunnrenteskatt på havbruk som det er tillyst skal kome til Stortinget.

15. november 2022

Olve Grotle

Linda Hofstad Helleland

Erlend Svardal Bøe

Bård Ludvig Thorheim

Helge Orten

Ove Trellevik