Bakgrunn
Etter kvart som veg og bane i Noreg vart bygd
ut, har Statens vegvesen og Bane Nor, og deira forløparar, heilt tilbake
til 1800-talet og fram til i dag bygd ei rekke bruer over vegar
og baner som staten har ansvar for. Mange av desse konstruksjonane
er relativt enkle (gang-/sykkelbruer), men ein del av dei er bruer
der det går kommunale vegar, og der vedlikehaldet over tid kan koste
store beløp. Mange kommunar manglar også kompetanse til å kunne
vedlikehalde t.d. ei jernbanebru.
Det har i seinare tid vore uklart og usemje
om kven som har ansvaret for å vedlikehalde desse konstruksjonane.
Forslagsstillarane vart merksame på problemstillinga etter at Råde
kommune tok kontakt tidlegare i vinter. Staten bygde ei jernbanebru
der på 1800-talet, Burum bru, som kommunen syner til at dei ikkje
har inngått nokon avtale om å ta over. Like fullt hevdar Bane Nor
og Samferdselsdepartementet at brua er kommunen sitt ansvar. Brua
har vore stengd det siste året, som følge av manglande vedlikehald
og den uavklarte situasjonen knytt til ansvar. Bane Nor har samstundes
sagt at dei tek ansvar for vedlikehald der det er privat veg som kryssar
statleg veg og bane.
Då E6 vart bygd ut til firefeltsveg gjennom
Østfold, vart det av staten bygd ei rekke bruer over vegen. Gjennom
Råde er det fleire bruer. Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet
meiner at også desse bruene er kommunen sitt ansvar å vedlikehalde.
Staten har fram til i dag stått for vedlikehald av desse bruene,
noko som Samferdselsdepartementet meiner er ein feil praksis som
dei no vil rette opp i. Dette kan påføre både Råde kommune og ei
rekke kommunar landet rundt store ekstrakostnader og ansvar. Forslagsstillarane
meiner dagens praksis bør vidareførast, slik at kommunar og fylkeskommunar
ikkje vert påførte store ekstrakostnader og ansvar.
Vegdirektoratet sende 13. september 2024 på
oppdrag frå Samferdselsdepartementet på høyring forslag til forskrifter
om ansvarsforhold m.m. når offentlege vegar kryssar kvarandre i
same plan eller ved overgangsbru eller vegundergang.
Ifølge Byggeindustrien 5. desember 2024 skal
det vere snakk om 400 bruer som er omfatta av forskrifta. Ein del
av desse bruene vert ivareteke av kommunar og fylke i dag, men ei
rekke bruer vil, dersom forslaget i høyringsdokumentet vert gjennomført,
verte overførte frå Statens vegvesen til kommunen eller fylket.
Samferdselsministeren skriv i svar på skriftleg spørsmål 21. februar
2025 (Dokument 15:1252 (2024–2025)):
«Per i dag finst det ikkje tilstrekkeleg
underlagsmateriale for å kunne berekne vedlikehaldsetterslepet på den
enkelte bru»
som forskrifta får verknad for. I dette svaret
ligg det ei oversikt over alle bruer som forskrifta gjeld, og kva
for nokre av desse som Statens vegvesen i dag har vedlikehaldsansvaret
for.