Bakgrunn
Valdsbruken i verda er aukande. 59 stader i
verda opplevde væpna konflikt i 2023, nær ei dobling av talet på
konfliktar samanlikna med starten av 2000-talet. Krigane påfører
sivile enorme lidingar, øydeleggingane av bustader og sivil infrastruktur
er massive, og historisk mange har lagt på flukt. Nokre av dei pågåande
krigane dominerer nyheitsbiletet, det offentlege ordskiftet, pengebruk
og politiske prioriteringar både i Noreg og andre land som ikkje
sjølve er direkte ramma. Andre store krigar, som dei i Sudan, Jemen
og Kongo, taper kampen om merksemda.
Frå ei tid med internasjonal nedrusting ser
me no aukande opprusting og tillitskrise mellom land i FN. Russland
har gjort atomvåpentrusselen meir reell, og framveksten i bruk av
kunstig intelligens og autonome våpen flyttar dei moralske grensene
i krig. Dei internasjonale reglane for å hindra krig og krigsbrotsverk
er under sterkt press, ettersom stormakter tar seg til rette i staden
for å respektera folkeretten.
Den nye sikkerheitspolitiske situasjonen har
ført til at eit samla storting ser behov for å styrka den nasjonale forsvarsevna.
Men førebygging og handtering av krig krev innsats på langt fleire
felt. Satsinga på militært forsvar har overskygga det nitide, men
heilt sentrale internasjonale fredsarbeidet. Slik treng det ikkje
vera, og slik kan det ikkje vera dersom målet er å hindra meir krig
og væpna konflikt og unngå at dei spreier seg til Noreg.
Noreg har ei lang historie for å drive freds-
og forsoningsarbeid internasjonalt. No er det på tide å igjen styrka
dette arbeidet og utvida Noregs innsats for fred. Fredsarbeid er
tidkrevjande og blir ikkje alltid vellykka, men når ein lukkast,
er gevinsten stor.
Forslaga i dette representantforslaget handlar
om internasjonal nedrusting, fredsbygging, diplomati og forsvar
av folkeretten. Dei spenner frå arbeid mellom statar i og utanfor
FN til arbeid på bakken i konkrete konfliktar, via sivilsamfunn,
forsking og folk til folk-samarbeid. Det er i samspelet mellom ulike
former for arbeid ein kan legga til rette for ei fredelegare verd
og hindra at krigar oppstår på nytt.