Bakgrunn
Helse Førde HF styrer mot eit underskot på 150
mill. kroner og vurderer å kutte fleire tilbod ved sjukehusa i Lærdal
og Nordfjord. Styret i Helse Førde har i haust vedtatt å greie ut
endringar og kuttforslag i helseføretaket sitt tenestetilbod. Forslag
som ligg på bordet og som skal greiast ut vidare, er å sentralisere
skadepoliklinikk og ortopedi til sjukehuset i Førde, legge ned barseltilbodet
på Nordfjordeid og i Lærdal og gå gjennom tilbodet innan psykisk
helsevern, ambulanse og andre desentraliserte tilbod (hudpoliklinikk
m.m.) med tanke på innsparingar. Helseføretaket må spare om lag
100 mill. kroner, og mykje av dette skuldast handtering av kapitalkostnader
knytte til nytt sjukehusbygg i Førde. Forslagsstillarane viser til
at Senterpartiet vil avvikle føretaksmodellen og ha ein annan finansieringsmodell for
sjukehus, der ein skil mellom investering og drift og fullfinansierer
store sjukehusinvesteringar over statsbudsjettet, på linje med andre
statlege bygg. Dette er nettopp for å unngå slike situasjonar som
Helse Førde HF no har komme opp i, der bygging av nybygg i Førde fører
til kutt i pasienttilbod i distrikta.
Kuttforslaga har fått sterke reaksjonar frå
både innbyggjarar og tilsette. Det er store avstandar i regionen, og
nokre kommunar har endå til ytra ønske om å få endre si tilknyting
til føretaket dersom dette blir gjennomført. At engasjementet mot
kuttforslaga er stort, viste seg ved at det var om lag 1 500 personar
som deltok på folkemøte i Lærdal for å vise si misnøye då helseministeren var
på besøk der den 29. oktober 2025.
Det er eit mål i helsepolitikken at det skal
vere likeverdige helsetenester i heile landet, og at ein skal legge til
rette for desentraliserte spesialisthelsetenester, som på lokalsjukehus,
for å sikre tenester nær folk. Det som no kan skje i Helse Førde
HF, står i motstrid til desse overordna måla. 50 arbeidsplassar
kan ryke om denne omstillinga blir gjennomført, og pasientar vil
oppleve at viktige helsetenester blir sentraliserte. At endringane først
og fremst er eit resultat av den økonomiske situasjonen i helseføretaket,
og ikkje grunna ei ønska fagleg utvikling, gjer dette enda verre.
Barseltilboda på Nordfjord og Lærdal sjukehus er svært viktige,
og det bør vere eit mål å få innført barseltilbod andre stader,
og sjølvsagt ikkje avvikle dei. Det same gjeld skadepoliklinikk og
andre tenester som no står i fare for å bli sentraliserte, slik
som hudpoliklinikk. Strukturen for distriktspsykiatriske senter
(DPS) skal også gås gjennom av helseføretaket. Også her kan det
kome sentraliseringsvedtak. Forslagsstillarane viser her til Dokument
8:18 S (2025–2026) Representantforslag om ein konkret og tidfesta opptrappingsplan
for utvikling av distriktspsykiatriske senter (DPS), og forslaget
i dette om å stoppe nedbygging av eksisterande DPS i Norge. Helse
Førde HF skal ifølgje styrevedtaket også vurdere å slå saman ambulansestasjonar.
Det er svært uheldig i eit område der responstidmåla ikkje blir
innfridde i dagens situasjon.
Då Stortinget behandla trontalen i haust, vedtok Stortinget
følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa sikre at endringar
i tenestetilbodet ved Lærdal og Nordfjord sjukehus vil gje eit minst
like godt fagleg tilbod på tenestestadane i Sogn og Nordfjord som
i dag.»
Det er diverre ingen ting i dette forslaget
som sikrar at sjukehustenester i området skal gis nær folk, eller
at ein skal utvikle Lærdal og Nordfjord sjukehus, og ikkje gradvis
avvikle dei.
Helseministeren har i fleire intervju skyvd
ansvaret for vidare avgjerder over på Helse Førde HF, og ikkje gitt nokon
signal om at kuttforslaga vil bli stoppa av statsråden i føretaksmøte
om dei blir vedtatt av helseføretaket.
Forslagsstillarane meiner at kuttforslaga er
av ein slik karakter og eit slikt omfang at det vil ha samfunnsmessige
konsekvensar og har vesentleg verdi. Difor har ikkje føretaksstyret
«kompetanse» til å fatte vedtak i desse sakene sjølv, jf. helseforetaksloven
§ 30, saker av vesentleg betydning. Då er det føretaksmøte (statsråden)
som skal fatte vedtak.
Difor må no Stortinget gripe inn, og helse-
og omsorgsministeren må nytte § 30 i helseforetaksloven for å stoppe
sentralisering av helsetenester i Helse Førde HF.