Bakgrunn
Pasientreiseordninga er ein viktig del av helsetenesta og avgjerande
for at pasientar i heile landet kan få naudsynt behandling på ein
trygg og verdig måte, og sikre retten til likeverdige helsetenester
uansett kor du bur eller din bakgrunn. Pasientreiseordninga må fungere
godt for pasientane og ikkje ha manglar eller ein praksis som gjer
det problematisk eller utrygt for pasientane å bruke. Forslagsstillarane
viser til representantforslag frå Senterpartiet, Dokument 8:98 S
(2017–2018), jf. Innst. 196 S (2017–2018), om tiltak for å forbetre
og forenkle pasientreiseordninga og sikre forsvarleg drosjetransport
for pasientar i regi av helseføretaka, og vedtak 615 L (2017–2018):
«Stortinget ber regjeringen foreta en bred gjennomgang
av regelverket for pasientreiser og fremme en sak for Stortinget
med tiltak for å forenkle og forbedre ordningen.»
Forslag til endring av pasientreiseforskriften vart sendt på
høyring i 2024, og ny forskrift er gjeldande frå 3. mars 2025. Dei
endringane som er gjort, er gode. Men som fleire høyringsinstansar
tok til ordet for i høyringa, så svarar ikkje desse endringane opp
vedtak 615 og forslagsstillarane meiner at det er behov for fleire endringar
og forbetringar i organiseringa av pasientreiseordninga enn det
som no er innført.
I store delar av Noreg, og særleg i distrikta, er drosjenæringa
sjølve bærebjelken i pasientreiseordninga. Dersom rammevilkåra for
drosjenæringa blir svekt, har dette direkte konsekvensar for pasientar,
pårørande, lokalsamfunna og helseføretaka sjølve.
Forslagsstillarane er bekymra for at dagens pasientreiseordning
ikkje er godt nok tilpassa pasientane sine behov og framleis blir
oppfatta som lite brukarvenleg. Eldre pasientar med svekka helsetilstand
kan ofte oppleve pasientreiseordninga som ei ekstra byrde i møte med
helsetenesta. Det blir klaga på kompliserte refusjonsskjema, uklare
vurderingar av kva reiser som blir dekka og lange ventetider. Samkøyring
gjer at korte reiser kan bli mange gonger så lange, og belastninga
for pasientar som bur lengst vekk blir uforholdsmessig stor.
Utviklinga heng også saman med frisleppet av drosjenæringa i
2020, som Drosjeutvalgets NOU-ar (2023:22 På vet mot en bedre regulert
drosjenæring og 2024:15 En bedre regulert drosjenæring) dokumenterer tydeleg.
Dereguleringa har skapt overetablering i byar, redusert tilbod i
distrikta, arbeidsvilkår som undergrev seriøsitet og ein marknad
som er dårlegare i stand til å ivareta samfunnskritiske transportbehov.
Når helseføretaka sitt anbodsregime samtidig legg sterkt vekt på
låg pris, blir seriøse aktørar pressa ytterlegare ut.
Erfaringar frå heile landet viser at prisnivået i anboda gjerne
er sett så lågt at at fleire lokale drosjesentralar i distrikta
no vel å ikkje levere tilbod. Dette rammar særleg dei mest sårbare
pasientgruppene, som er avhengige av drosjetransport for å komme
til behandling eller kontroll.
Konsekvensane av for stramme anbodskrav kjem også til syne i
konkrete hendingar, slik som episoden der ein pasienttransport gikk
tom for strøm i Finnmark midtvinters. Dette er eit direkte resultat
av transportører blir møtt med krav som ikkje tar nok høgde for
lokale forhold .
Ein ytterligere utfordring er at krav om nullutslippskjøretøy
i dag blir stilt både av fylkeskommunene som løyvemyndighet og av
Pasientreiser i eigne anbod. Eit tydeleg og samla ansvar hos løyvemyndigheten
kunne gitt ryddigare rammeverk og sikre at klimakrav ikkje går på
bekostning av pasienttryggleik eller tilgjengeligheit.
Mange av svakheitene i pasientreiseordninga gjeld også det administrative
systemet, som framleis kan opplevast som lite brukarvennleg og som
kan legge større byrde på sjuke og eldre enn det som er rimeleg.
Pasientar kan miste retten til dekning av reiseutgifter, eller måtte
legge ut store beløp før refusjon, noko som særleg blir vanskeleg
for personar med låg inntekt eller dårlig økonomi. I distrikta kan
manglande rutetilbod og høge minimumsavstandar i regelverket gjere
at reiser som burde vore dekka, fell utanfor.
Drosjeutvalets arbeid og mindretallets forslag understøttar behovet
for ein ny, gjennomgang. Mindretalet tilrår blant anna ein eigenandelsmodell
for pasientar i område utan kontrakt, tydelegare og meir treffsikre
reguleringar og betre offentleg styring av drosjemarknaden slik
at pasientar kan vere trygge på at pasienttransporten faktisk er
tilgjengeleg når dei treng det og at transporten skjer på ein trygg
måte.
Samla sett er vurderinga at dagens pasientreiseordning treng
å forbetrast av omsyn til pasientar som er avhengig av slik transport.
Systemet er lite brukarvennleg og dagens anbodsregime pressar prisane
men også kvaliteten ned, kapasiteten er for låg i distrikta og ansvarslinene
rundt klimakrav og kjøretøyregulering er uklare. Det er difor nødvendig
med ein ny og heilskapleg gjennomgang av ordninga, slik at pasienttryggleik,
reisetid, beredskap, forutsigbarhet og seriøsitet blir styrande
for pasienttransporten i framtida. Det skal opplevast trygt og enkelt
å nytte seg av pasientreiseordninga for alle pasientar, i heile
landet.