Representantforslag om tiltak for å styrke ideell sektor i helse- og omsorgstenesta

Dette dokument

  • Representantforslag 118 S (2025–2026)
  • Fra: Kjersti Toppe
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Dei ideelle velferdsaktørane er viktige bidragsytarar til det samla velferdstilbodet. Ideelle organisasjonar har lang tradisjon i Noreg, og er ein integrert del av helse- og omsorgstenesta. Slik ønskjer forslagsstillaren at det også skal vere i framtida, og at ein får til ein vekst i ideell sektor på velferdsområdet.

Det er no gått to år sidan Støstad-utvalet la fram sin første delrapport (NOU 2024:1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører) med forslag til definisjon av ideelle driftsformer, og korleis ideelle aktørar kan registrerast. I dag finst ikkje ein rettsleg definisjon på kva som utgjer ein ideell aktør i skattefinansierte velferdstenester, og heller inga registerløysing for desse.

Forholdet mellom offentlege myndigheiter og ideelle aktørar har på fleire velferdsområde endra seg dei siste åra. Tidlegare var forholdet meir prega av eit tillitsbasert velferdssamarbeid, medan det no er konkurranse i ein tenestemarknad som dominerer forholdet mellom leverandørar. Relasjonen mellom offentlege myndigheiter og private leverandørar har også blitt meir kontraktbasert.

Det har vore brei politisk semje om at ideelle aktørar er ønskte, samstundes som dagens utvikling er utfordrande for mange ideelle aktørar. Moglegheita til å reservere anskaffingar for ideelle organisasjonar i anskaffingsregelverket har fått mykje merksemd. Det er no avklart at det er moglegheit til å reservere kontraktar for ideelle aktørar (jf. dom i Høgsterett i sak om drift av sjukeheim i Oslo kommune).

Støstad-utvalet foreslo ein definisjon og register for ideelle aktørar, for å forenkle oppgåvene til offentlege myndigheiter som ønskjer å prioritere ideelle velferdsaktørar, forenkle rapportering for ideelle velferdsaktørar og samle opplysningar om ideelle velferdsaktørar på éin stad. Rapporten har vore på høyring, høyringsfristen var 27. mai 2024.

Det har gått lang tid, to år, sidan NOU-en blei lagd fram. No risikerer mange ideelle aktørar å tape kampen i anbodskonkurransar med det offentlege. Difor hastar det å få på plass eit regelverk som i større grad legg til rette for at det offentlege kan sikre stabilitet og vekst for ideelle aktørar, og at det offentlege har skjerma anbodskonkurransar for ideelle tilbydarar dersom anbod blir nytta.

Forslagsstillaren er bekymra for at regjeringa ikkje prioriterer saka og ikkje sikrar framdrift. Det blir vist til skriftleg spørsmål frå Kjersti Toppe til digitaliserings- og forvaltningsministeren om når ein kan forvente eit lovforslag om registerløysing og juridisk definisjon av ideelle tilbydarar, med svar 28. november 2025, (Dokument nr. 15:557 (2025–2026)).

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa innan 1. juni 2026 leggje fram lovforslag om registerordning og juridisk definisjon av ideelle tilbydarar for Stortinget.

  2. Stortinget ber regjeringa straks gi føringar til alle helseføretak om å gjennomføre skjerma anbodskonkurransar for ideelle tilbydarar der anbod blir nytta. Avtalane skal vere langsiktige.

11. februar 2026

Kjersti Toppe