Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Mangel på kvalifiserte lærarar er ei av dei største utfordringane for norsk skule framover. Allereie i dag ser ein store rekrutteringsproblem, særleg i distrikta, der ein betydeleg del av lærarane underviser utan godkjend utdanning. I enkelte fylke manglar kvar tredje lærar som underviser i norskfaget, formell kompetanse, og for matematikk gjeld det kvar fjerde. Dette påverkar kvaliteten på undervisninga og elevane si læring. Når fleire elevar slit med trivsel og meistring, blir behovet for fleire kvalifiserte lærarar endå meir presserande.
Utviklinga i rekrutteringa til lærarutdanningane har gått i feil retning etter omlegginga til femårige masterløp og innføringa av strenge karakterkrav i matematikk under Solberg-regjeringa. Sjølv om desse krava seinare blei fjerna og lokale opptak opna etter 2021, har tiltaka ikkje vore nok til å snu trenden. NOKUT si evaluering i 2024 peikar på at masteroppgåva blir opplevd som lite praksisnær og for akademisk, og at lærarutdanninga skil seg frå andre utdanningar ved at studentane ikkje får ein grad etter tre år.
Ei treårig lærarutdanning med rom for to års påbygging til mastergrad kan vere eit viktig supplement til den integrerte femårige lærarutdanninga. Eit slikt alternativ kan kvalifisere fleire som i dag underviser utan formell kompetanse, og styrkje rekrutteringa særleg der behova for kvalifiserte lærarar er størst. Ei komprimert lærarutdanning, som liknar ein bachelorgrad og kvalifiserer til arbeid, kan bidra til å styrkje norsk skule med fleire kvalifiserte lærarar. For kommunane kan dette vere eit viktig alternativ til vedvarande vikarbruk og mellombelse tilsetjingar.
På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande:
Stortinget ber regjeringa etablere eit studietilbod med treårig lærarutdanning i samarbeid med kommunesektoren og universitet- og høgskulesektoren.
Stortinget ber regjeringa leggje til rette for at ei treårig lærarutdanning blir tilbydd desentralisert og fleksibelt, slik at vaksne med erfaring frå skule og lokalsamfunn i heile landet kan ta utdanninga ved sida av arbeid.
Stortinget ber regjeringa sørgje for at ei treårig lærarutdanning kan byggjast på ved hjelp av ei modulbasert ordning fram til mastergrad.
|
Erling Sande |
Bengt Fasteraune |
Ole Herman Sveian |