Interpellasjon fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

Interpellasjon nr. 9 (2001-2002)
Om tiltak for å nå måla i fiskeripolitikken om berekraft, arbeidsplassar, lønnsemd og busetjing
Datert: 24.01.2002
Besvart: 28.02.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Åsa Elvik (SV)

Spørsmål

Åsa Elvik (SV): Stortinget har bestemt at berekraft, arbeidsplassar, lønnsemd og busetjing er måla for fiskeripolitikken. Utan at konsekvensane for desse måla har blitt utgreidde, har det no komme forslag om stenging av torskeallmenningen og om eit lausare regelverk i forhold til leveringsforpliktingane for trålarane. Samtidig har havfiskeflåten auka sin andel av ressursane på kostnad av kystflåten. Stortingsvedtak om at allmenningen skal vere open, og om at kvotar ikkje skal kunne omsetjast, blir heller ikkje følgde opp: Kvotar blir omsette og retten til å fiske har blitt ein rett for dei få. Årsaka er at Stortinget, som bestemmer måla for fiskeripolitikken, er fråteke verkemidla til å nå desse måla. Stortinget er i fiskeripolitikken redusert til ein høyringsinstans som skal bidra med retorikk og fine ord.

Kva tiltak vil statsråden iverksetje for å nå alle dei fire måla i fiskeripolitikken?

Les hele debatten