I Stortingets møte 31. mai 2011 ble det gjort slikt
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort desse endringane:
§ 1-2 andre ledd skal lyde:
Lova gjeld også for grunnskoleopplæring i private grunnskolar
som ikkje får statstilskott etter privatskolelova, og for privat
heimeopplæring i grunnskolen.
§ 1-2 nytt fjerde ledd skal lyde:
Etter søknad frå fylkeskommunen kan departementet
gi løyve til at fylkeskommunen kan stå ansvarleg for vidaregåande
opplæring i utlandet som har som formål at elevane skal få norsk
vitnemål ved fullført og bestått opplæring. Opplæringslova gjeld
for opplæringa. Så langt det er forsvarleg og nødvendig, kan departementet
likevel gjere unntak frå føresegner i lova og forskrifter til lova.
Departementet kan endre vilkåra når tilhøva tilseier det, og kan
om nødvendig også kalle tilbake det løyvet som er gitt.
Kapittel 10 overskrifta skal lyde:
Kapittel 10 Personalet i skolen m.m.
§ 10-9 skal lyde:
§ 10-9 Politiattest
Den som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen
eller i vidaregåande skole, i musikk- og kulturskolen etter
§ 13-6, i skolefritidsordninga etter § 13-7 eller for å gi leksehjelp
etter § 13-7 a, må leggje fram politiattest med
tilsvarande innhald som er nemnd i politiregisterlova § 39 første
ledd. Kravet gjeld også for personar som skal
tilsetjast fast eller mellombels i skoleliknande aktivitetstilbod.
Skoleliknande aktivitetstilbod vil seie aktivitetstilbod i regi
av skoleeigaren med tilknyting til skolen, og som har karakter av
opplæring.
Skoleeigaren kan også krevje politiattest som nemnd
i politiregisterlova § 39 første ledd av andre personar
som regelmessig oppheld seg i grunnskolen, i vidaregåande
skole eller i tilbod som nemnd i første ledd.
Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige,
kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i
grunnskolen eller i musikk- og kulturskolen, i skolefritidsordninga,
for å gi leksehjelp eller i skoleliknande aktivitetstilbod som nemnd
i første ledd. I andre tilfelle må konsekvensane av merknader på
politiattesten vurderast konkret.
Departementet gir nærmare forskrifter.
§ 13-6 andre ledd skal lyde:
For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.
§ 13-7 sjette ledd skal lyde:
For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.
§ 13-7 a tredje ledd skal lyde:
For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.
Kapittel 14 skal lyde:
Kapittel 14 Tilsyn m.m.
§ 14-1 Statleg tilsyn
Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane
oppfyller dei pliktene dei er pålagde i eller i medhald av opplæringslova
kapittel 1-16 (kommunepliktene). Reglane i kommunelova kapittel 10
A gjeld for denne tilsynsverksemda.
Departementet fører tilsyn med at andre plikter
i eller i medhald av opplæringslova enn kommunepliktene blir oppfylte.
Reglane i kommunelova §§ 60 c og 60 d gjeld tilsvarande for tilsynsverksemd
etter dette leddet.
§ 14-2 Statleg råd og rettleiing
Departementet gir råd og rettleiing i spørsmål som
gjeld verksemder etter denne lova, og skal elles samarbeide med
kommunar, fylkeskommunar og eigarar av private skolar for å sikre
eit godt og likeverdig opplæringstilbod i samsvar med lov og forskrifter.
§ 14-3 Kommunalt tilsyn med heimeopplæring
Kommunen fører tilsyn med den pliktige opplæringa
for barn og unge som ikkje går på skole, og kan òg kalle dei inn
til særskilde prøver. Kommunen skal krevje at barnet eller den unge
skal gå i skole dersom dei krava lova her med forskrifter stiller
til heimeopplæringa, ikkje er oppfylte.
§ 14-4 Informasjonsinnhenting og evaluering
Departementet kan gi forskrifter som pålegg dei ansvarlege
for opplæringsverksemd etter denne lova og dei som mottar slik opplæring,
å gi opplysningar og delta i evalueringar og rapportere om forhold
som er av betydning for evaluering av opplæringsverksemda som er
omfatta av denne lova.
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til
statstilskot blir det gjort desse endringane:
§ 3-3 fjerde ledd skal lyde:
Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om omval og § 3-1
femte ledd om opplæring i inntil to år ekstra gjeld tilsvarande så
langt dei passar for elevar i vidaregåande skolar som
er godkjende etter denne lova. Heimfylket gjer vedtak.
Kapittel 4 overskrifta skal lyde:
Kapittel 4 Personalet i skolen m.m.
§ 4-3 skal lyde:
§ 4-3 Politiattest
Den som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen
eller i vidaregåande skole eller for å gi leksehjelp etter
§ 7-1 e, må leggje fram politiattest med tilsvarande
innhald som er nemnd i politiregisterlova § 39 første ledd. Kravet
gjeld også for personar som skal tilsetjast fast eller mellombels
i skoleliknande aktivitetstilbod. Skoleliknande aktivitetstilbod
vil seie aktivitetstilbod i regi av skoleeigaren med tilknyting
til skolen, og som har karakter av opplæring.
Skolen kan også krevje politiattest som
nemnd i politiregisterlova § 39 første ledd av andre personar som
regelmessig oppheld seg i grunnskolen, i vidaregåande skole
eller i tilbod etter første ledd.
Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige,
kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i
grunnskolen eller i skoleliknande aktivitetstilbod eller
for å gi leksehjelp etter § 7-1 e. I andre tilfelle må konsekvensane
av merknader på politiattesten vurderast konkret.
Departementet gir nærmare forskrifter.
§ 7-1 e nytt tredje ledd skal lyde:
For krav om politiattest gjeld reglane i § 4-3.
Lova blir sett i verk på det tidspunkt Kongen bestemmer. Dei
enkelte føresegnene kan setjast i verk på ulike tidspunkt.
Dag Terje Andersen |
president |