vedtak til lov om endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven

I Stortingets møte 4. juni 2012 ble det gjort slikt

vedtak til lov om endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven

I

I lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst vert det gjort følgjande endringar:

Ny § 1 a skal lyde:

§ 1 a Forholdet til folkeretten

Loven skal anvendes i samsvar med folkerettens regler om urfolk og minoriteter.

§ 21 nytt tredje ledd skal lyde:

Uten hinder av bestemmelser fastsatt i medhold av første ledd har personer som er bosatt i Finnmark, kommunene Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy, Lyngen og Storfjord og de områder med sjøsamisk innslag i resten av Troms og Nordland som Kongen fastsetter, rett til å fiske torsk, hyse og sei med konvensjonelle redskaper. Retten etter første punktum gjelder bare for den som står i fiskermanntallet og eier et merkeregistrert fartøy under 11 meter. Kongen kan ved forskrift fastsette at bestemmelsen i første punktum også gjelder andre fiskerier.

II

I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar vert det gjort følgjande endringar:

Ny § 8 b skal lyde:

§ 8 b Fjordfiskenemnd

Departementet kan opprette ei fjordfiskenemnd for Finnmark, Troms og Nordland. Sametinget og dei tre fylkeskommunane skal ha rett til å nemne opp medlemmer til nemnda. Departementet kan gje nærare reglar om samansetjinga av fjordfiskenemnda og kva for oppgåver ho skal ha.

§ 11 nytt sjette ledd skal lyde:

I område som er omfatta av deltakerloven § 21 tredje ledd, skal det ved tildeling av kvotar av viltlevande marine ressursar, og ved andre former for regulering av desse ressursane, leggjast vesentleg vekt på samisk bruk og kva denne bruken har å seie for samiske lokalsamfunn.

III

I lov 17. juni 2005 nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke vert det gjort følgjande endring:

§ 29 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

Kommisjonen skal også utrede krav om kollektive eller individuelle rettigheter til fiskeplasser i sjø- og fjordområder i Finnmark dersom noen med rettslig interesse i en avklaring krever det.

IV

Lova gjeld frå den tid Kongen bestemmer. Kongen kan setje i kraft dei enkelte føresegnene til ulik tid.

Dag Terje Andersen
president