I Stortingets møte 5. desember 2012 ble det gjort slikt
§ 1
EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011)
om fri rørsle av arbeidstakarar gjeld som lov med dei tilpassingane
som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles.
Lova gjeld bare for dei statane som til eikvar tid er tilslutta
EØS-avtalen.
§ 2
Kongen kan ved forskrift gi nærmare reglar om gjennomføringa
av føresegnene i lova.
§ 3
Lova gjeld ikkje for Svalbard.
§ 4
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid som
lova trer i kraft, blir lov 27. november 1992 nr. 112 om gjennomføring
i norsk rett av EØS-avtalens vedlegg V punkt 2 (rådsforordning (EØF)
nr. 1612/68) om fri bevegelighet for arbeidstakere mv. innenfor EØS
oppheva.
Dag Terje Andersen |
president |