Vedtak til lov om endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking)

I Stortingets møte 9. desember 2013 ble det gjort slikt

vedtak til lov om endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking)

I

I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar blir det gjort følgjande endringar:

§ 55 skal lyde:

§ 55 Kontrollavgift og avgift til fiskeriforsking og overvaking

Departementet kan fastsetje forskrifter om kontrollavgift og avgift til fiskeriforsking og overvaking.

Slike forskrifter kan innehalde føresegner om plikt til å svare avgift, korleis ho skal krevjast inn og om opplysningsplikt for den som leverer og den som tek imot fangst når dette er avgjerande for omfanget av avgiftsplikta.

Skuldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Olemic Thommessen
president