I Stortingets møte 9. april 2015 ble det gjort
slikt
I lov 5. desember 2003 nr. 100 om humanmedisinsk
bruk av bioteknologi m.m. skal § 1-2 tredje ledd lyde:
Loven gjelder ikke for obduksjon som
faller inn under lov ... om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning
og forsking eller lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i
straffesaker § 228 om sakkyndig likundersøkelse.
I lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon
og gravferd skal § 13 første ledd lyde:
Fristene i § 10 annet ledd og § 12 gjelder
ikke når avdødes legeme skal nyttes i samsvar med bestemmelsene
i obduksjonslova eller det er besluttet sakkyndig likundersøkelse
i medhold av straffeprosessloven § 228.
I lov 20. juni 2008 nr. 44 om medisinsk og helsefaglig
forskning skal § 21 lyde:
§ 21 Forskning på humant biologisk materiale
fra døde
For forskning på biologisk materiale som tas ut fra avdøde
gjelder obduksjonslova § 7 første til tredje ledd om informasjon
og nærmeste pårørendes rett til å nekte donasjon mv.
Lov 4. juni 1898 indeholdende visse Bestemmelser
om Behandlingen af Lig opphevast.
§ 18 Iverksetjing
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i verk
dei einskilde føresegnene til ulik tid.
§ 1 Formål
Formålet med lova er å:
a) bidra til at obduksjonar og anna behandling
av lik blir utført på ein verdig måte med respekt for den døde og
dei pårørande til den døde,
b) gi kunnskap om dødsprosessar og dødsårsaker, og bidra
til ein påliteleg dødsårsaksstatistikk, og
c) legge til rette for kvalitetssikring i helse- og omsorgstenesta
og for undervisning og tileigning av kunnskap.
§ 2 Verkeområde
Lova gjeld for medisinsk obduksjon og donasjon av lekam
til undervisning og forsking og anna behandling av lik. Reglane
i § 7 gjeld tilsvarande for forsking på biologisk materiale som
er tatt ut i samband med ein rettsmedisinsk obduksjon.
Kongen kan gi forskrift om at lova og forskrifter med heimel
i lova heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard og Jan Mayen
og kan fastsette særlege reglar under omsyn til forholda på staden.
§ 3 Definisjonar
I denne lova meines med:
a) obduksjon: ei systematisk utvendig og innvendig medisinsk
undersøking av ein død person der formålet er å påvise eller utelukke
forandringar som er forårsaka av sjukdom eller skade
b) medisinsk obduksjon: obduksjon som ein lege har kravd
c) rettsmedisinsk obduksjon: obduksjon som er kravd etter
straffeprosessloven § 228 om sakkyndig likundersøkelse
d) næraste pårørande: næraste pårørande etter pasient- og
brukerrettighetsloven § 1-3 bokstav b.
§ 4 Dei regionale helseføretaka sitt ansvar for obduksjonsverksemdene
Dei regionale helseføretaka skal sørge for nødvendig kompetanse
og kapasitet til å gjennomføre medisinske obduksjonar.
§ 5 Krav om medisinsk obduksjon
Krav om medisinsk obduksjon må setjast fram av ein lege.
Legen som konstaterer at døden har inntreft skal, så langt
det er mogeleg, vurdere om det bør gjennomførast ein medisinsk obduksjon
og dokumentere at vurderinga er gjort.
Sjukehuset som mottek krav om obduksjon, jf. første ledd,
avgjer om obduksjonen skal gjennomførast.
Departementet kan gi forskrift om framsetting av krav om
obduksjon.
§ 6 Forholdet til rettsmedisinsk obduksjon
Dersom legen etter helsepersonelloven § 36 tredje ledd
har plikt til å melde frå til politiet fordi det er grunn til å
tru at dødsfallet er unaturleg, kan medisinsk obduksjon ikkje setjast
i gang før politiet har avgjort at det ikkje skal gjennomførast
ein rettsmedisinsk obduksjon.
Dersom det under ein medisinsk obduksjon blir avdekt forhold
som tydar på unaturleg død, skal obduksjonen avbrytast og politiet
underrettast utan opphald.
§ 7 Vilkår for gjennomføring av medisinsk obduksjon
og rett for pårørande til å nekte obduksjon
Medisinsk obduksjon kan berre gjennomførast når det ikkje
er grunn til å tru at den døde ville ha motsett seg ei slik undersøking.
Dei pårørande skal, så sant det er mogeleg, spørjast om det ligg
føre forhold som tilseier at den døde ville ha motsett seg obduksjon.
Medisinsk obduksjon kan ikkje gjennomførast dersom ein
av dei næraste pårørande til den døde, jf. § 3 bokstav d, nektar
obduksjon. Næraste pårørande til den døde skal, så sant det er mogeleg,
informerast om at det er ønskeleg med obduksjon, kva den inneber
og om mogelegheita for å nekte obduksjon.
Reglane i første og andre ledd gjeld tilsvarande for uttak
av biologisk materiale frå avdøde til bruk i undervisning eller
forsking.
Dersom det ligg føre særlege grunnar til at den døde bør
obduserast, kan fylkesmannen tillate at obduksjon blir gjennomført
sjølv om vilkåra i første og andre ledd ikkje er oppfylt.
§ 8 Gjennomføringa av obduksjonen
Organ og anna biologisk materiale kan takast ut av kroppen
for nærare undersøking og prøvetaking. Organ skal leggjast tilbake
i kroppen når undersøkinga og prøvetakinga er avslutta, med mindre
formålet med obduksjonen krev at organet må behaldast for å sluttføre
undersøkinga eller organet skal brukast til undervisning.
Det kan gjevast undervisning i samband med medisinske obduksjonar.
Departementet kan gi forskrift om korleis obduksjonar skal
gjennomførast og om avgjeving og bruk av obduksjonsmateriale.
§ 9 Samtykke til bruk av lik i undervisning og forsking
Personar som har fylt 18 år kan samtykke til at kroppen
deira kan brukast i undervisning og forsking etter at dei er døde.
Dersom det kan godtgjerast at det er i tråd med ønsket
til ein avdød som hadde fylt 18 år, kan næraste pårørande, jf. §
3 bokstav d, samtykke til at kroppen kan brukast i undervisning
og forsking.
Samtykke til bruk av lik til undervisning og forsking skal
vere skriftlege.
Departementet kan gi forskrift om registrering og anna
behandling av helseopplysingar og andre personopplysingar som er
nødvendige for bruk av lik til undervisning og forsking.
§ 10 Utlevering av lik til bruk i undervisning og
forsking
Departementet skal peike ut institusjonar som kan bruke
lik til undervisning og forsking.
Institusjonar etter første ledd kan krevje å få utlevert
lik som er gitt til undervisning og forsking. Eit lik kan ikkje
krevjast utlevert før det er avklart at det ikkje vil bli kravd
rettsmedisinsk obduksjon eller medisinsk obduksjon etter § 7 fjerde
ledd.
Departementet kan gi forskrift om utlevering av lik til
bruk i undervisning og forsking.
§ 11 Bruk av lik i undervisning og forsking
Eit lik som er utlevert etter § 10 andre ledd, skal tilbakeførast
til dei pårørande for kremasjon innan to år etter dødsfallet. Næraste
pårørande kan samtykke til at institusjonen kan behalde liket, eller
delar av liket utover to år. Dersom den døde ikkje har pårørande, kan
departementet samtykke til at institusjonen kan behalde liket eller
delar av liket utover to år.
Departementet kan gi forskrift om bruk av lik i undervisning
og forsking.
§ 12 Dekning av kostnader ved bruk av lik til undervisning
og forsking
Kostnader til transport og kremasjon skal dekkjast av den
institusjonen som har fått utlevert liket.
§ 13 Fjerning av implantat
Nødvendig uttak av implantat før kremasjon skal utførast
av helsepersonell. Slikt uttak krev ikkje samtykke.
§ 14 Gravferd og utførsel av lik ved mistanke om unaturleg
dødsfall
Dersom det er grunn til mistanke om at ein persons død
er forårsaka ved straffbar handling, eller det elles er grunn til
å tru at rettsmedisinsk obduksjon vil bli kravd, må liket ikkje
førast ut av landet eller gravleggjast utan tillating frå politiet.
Departementet kan gi forskrift om krav til dokumentasjon
ved utførsel av lik.
§ 15 Forholdet til forvaltningsloven
Forvaltningsloven kapittel IV, V, VI og VIII gjeld ikkje
for avgjerder som blir treft etter lova her. Heile forvaltningsloven
gjeld likevel for avgjerder etter § 7 fjerde ledd.
§ 16 Pålegg, sanksjonar og straff
Spesialisthelsetjenesteloven §§ 7-1 og 7-2 gjeld tilsvarande
ved brot på lova her og forskrifter gitt etter lova.
Den som forsettleg eller grovt aktlaust bryt eller medverkar
til å bryte reglar i lova her eller i medhald av ho, straffast med
bøter eller fengsel i inntil tre månader.
Offentleg påtale finn stad dersom allmenne omsyn krev det,
eller etter krav frå Statens helsetilsyn.
§ 17 Endringar i andre lover
Olemic Thommessen |
president |