Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Kapittel 3 Anna behandling av lik

§ 9 Samtykke til bruk av lik i undervisning og forsking

Personar som har fylt 18 år kan samtykke til at kroppen deira kan brukast i undervisning og forsking etter at dei er døde.

Dersom det kan godtgjerast at det er i tråd med ønsket til ein avdød som hadde fylt 18 år, kan næraste pårørande, jf. § 3 bokstav d, samtykke til at kroppen kan brukast i undervisning og forsking.

Samtykke til bruk av lik til undervisning og forsking skal vere skriftlege.

Departementet kan gi forskrift om registrering og anna behandling av helseopplysingar og andre personopplysingar som er nødvendige for bruk av lik til undervisning og forsking.

§ 10 Utlevering av lik til bruk i undervisning og forsking

Departementet skal peike ut institusjonar som kan bruke lik til undervisning og forsking.

Institusjonar etter første ledd kan krevje å få utlevert lik som er gitt til undervisning og forsking. Eit lik kan ikkje krevjast utlevert før det er avklart at det ikkje vil bli kravd rettsmedisinsk obduksjon eller medisinsk obduksjon etter § 7 fjerde ledd.

Departementet kan gi forskrift om utlevering av lik til bruk i undervisning og forsking.

§ 11 Bruk av lik i undervisning og forsking

Eit lik som er utlevert etter § 10 andre ledd, skal tilbakeførast til dei pårørande for kremasjon innan to år etter dødsfallet. Næraste pårørande kan samtykke til at institusjonen kan behalde liket, eller delar av liket utover to år. Dersom den døde ikkje har pårørande, kan departementet samtykke til at institusjonen kan behalde liket eller delar av liket utover to år.

Departementet kan gi forskrift om bruk av lik i undervisning og forsking.

§ 12 Dekning av kostnader ved bruk av lik til undervisning og forsking

Kostnader til transport og kremasjon skal dekkjast av den institusjonen som har fått utlevert liket.

§ 13 Fjerning av implantat

Nødvendig uttak av implantat før kremasjon skal utførast av helsepersonell. Slikt uttak krev ikkje samtykke.

§ 14 Gravferd og utførsel av lik ved mistanke om unaturleg dødsfall

Dersom det er grunn til mistanke om at ein persons død er forårsaka ved straffbar handling, eller det elles er grunn til å tru at rettsmedisinsk obduksjon vil bli kravd, må liket ikkje førast ut av landet eller gravleggjast utan tillating frå politiet.

Departementet kan gi forskrift om krav til dokumentasjon ved utførsel av lik.