Vedtak til lov om endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

Søk
I Stortingets møte 13. oktober 2016 ble det gjort slikt

vedtak til lov

om endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

I

I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte skal § 5 lyde:

§ 5 Krav til bustaden

Vilkår for å få rett til bustøtte er at bustaden

  • a) er godkjend som bustad

  • b) er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang

  • c) har eige bad og toalett og gjev høve til matlaging, og

  • d) gjev høve til kvile.

Personar som av helse- eller sosialfaglege årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna gjere unntak frå kvalitetskravet i første ledd bokstav b. Kommunen kan også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som er nemnde der, er del av bufellesskapet elles.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Olemic Thommesen

president