Vedtak til lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

I Stortingets møte 8. mars 2018 ble det gjort følgende

vedtak til lov

om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Kapittel 1 Lova sitt føremål og definisjonar
§ 1 Føremål

Føremålet med lova er å trygge samfunnet mot uønskte hendingar med våpen og å fremje ein trygg våpenbruk.

§ 2 Definisjonar

I denne lova meiner ein med:

  • 1. Våpen: reiskap eller innretning som er laga for bruk i kamp eller jakt, eller som er laga for å likne på slike gjenstandar.

  • 2. Skytevåpen: våpen eller andre innretningar som kan skyte ut, eller på annan måte sende ut prosjektil, gass, signallys, stråling, rakettar, eld eller liknande, samt våpen som kan skyte ammunisjon utan prosjektil. Skytevåpen som er deaktiverte etter § 27, og gjenstandar som enkelt kan gjerast om til å skyte ut eller på annan måte sende ut prosjektil eller substansar som nemnt i første punktum, vert også rekna for skytevåpen.

  • 3. Våpendelar: gjenstandar som er laga for eller særskild tilpassa for bruk i skytevåpen.

  • 4. Ammunisjon:

    • a) patroner eller andre gjenstandar som er laga for å verte skotne i skytevåpen,

    • b) drivmiddel, tennmiddel og prosjektil til gjenstandar som er nemnde i bokstav a,

    • c) handgranat, bomber, rakettar, miner eller liknande gjenstandar, som er laga for å detonere, deflagrere eller sende ut lys, gass, gift, røyk eller liknande.

Kapittel 2 Sakleg og stadleg verkeområde
§ 3 Sakleg verkeområde

Lova gjeld for våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.

Lova gjeld likevel ikkje for våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som er bestemte for eller som vert bruka i Forsvaret eller politiet si verksemd.

§ 4 Stadleg verkeområde

Lova gjeld for Noreg.

Lova gjeld for Svalbard, Jan Mayen og i dei norske bilanda, jf. lov 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvetøya, Peter I’s øy og Dronning Maud Land m.m. med dei avgrensingar som Kongen fastset som følgje av dei stadlege forholda.

Kapittel 3 Skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
§ 5 Løyve med vidare for skytevåpen

Den som vil erverve eller ha skytevåpen, må ha løyve frå politiet. Den som vil avhende skytevåpen, må trygge at den som ervervar skytevåpenet, har løyve frå politiet til å kunne erverve gjenstanden.

Utanom dei tilfella som er nemnde i §§ 10, 12 eller 13, kan ikkje politiet gje løyve til å erverve, ha, tilverke, importere eller omsette følgjande skytevåpen:

  • 1. heilautomatiske skytevåpen,

  • 2. skytevåpen som er kamuflerte som annan gjenstand,

  • 3. halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruerte for heilautomatisk funksjon eller for militæret eller politiet,

  • 4. skytevåpen som vanlegvis vert bruka som krigsvåpen,

  • 5. andre skytevåpen enn dei som er nemnde i nummer 1 til 4, som saknar ein lovleg bruk, eller som har særskilt farlege eigenskapar.

Kongen gjev forskrift om kva skytevåpen som ikkje er tillatne etter andre ledd nr. 5, unnatak frå løyveplikta etter første ledd samt registreringsplikt for skytevåpen som er unnateke frå løyveplikta.

§ 6 Løyve med vidare for våpendelar

Den som vil erverve eller ha våpendelar som fastsett i medhald av tredje ledd, må ha løyve frå politiet. Den som vil avhende løyvepliktige våpendelar, må trygge at den som ervervar gjenstanden, har løyve frå politiet til å kunne erverve gjenstanden. Politiet kan berre gje løyve til erverv etter første punktum når vedkomande har løyve til å ha skytevåpen som våpendelen kan brukast i.

Utanom dei tilfella som er nemnde i §§ 10, 12 eller 13, kan ikkje politiet gje løyve til å erverve, ha, tilverke, importere eller omsette nærare bestemte våpendelar som saknar ein lovleg bruk eller som gjev skytevåpen særskilt farlege eigenskapar.

Kongen gjev forskrift om kva våpendelar som er løyvepliktige etter første ledd, registreringsplikt for våpendelar som ikkje er løyvepliktige, samt kva våpendelar som ikkje er tillatne etter andre ledd.

§ 7 Løyve med vidare for ammunisjon

Den som vil erverve eller ha ammunisjon, må enten ha løyve til å ha og bruke skytevåpen som ammunisjonen passar i, eller ha særskilt løyve frå politiet. Eit særskilt løyve til å erverve ammunisjon etter første punktum skal, utanom dei tilfella som er nemnde i § 13, vere avgrensa til ei nærare bestemt mengde og kan ikkje gjevast for lengre tid enn tre månader, med mindre noko anna er fastsett i forskrift.

Den som vil avhende eller overlate ammunisjon, må tryggje at ervervar enten har løyve til å ha og bruke skytevåpen som ammunisjonen passar i, eller har særskilt løyve til erverv frå politiet. Første punktum gjeld ikkje for overlating til bruk i medhald av § 18 fjerde ledd. Det kan berre avhendast eller overlatast ammunisjon i mengder som står i rimeleg forhold til det føremålet som grunngjev ervervet.

Utanom dei tilfella som er nemnde i §§ 10 eller 13, kan ikkje politiet gje løyve til å erverve, ha, tilverke, importere eller omsette følgjande ammunisjonstypar:

  • 1. panserbrytande, brannstiftande og eksplosiv ammunisjon,

  • 2. ammunisjon til pistol eller revolver med sentertenning som har prosjektil med ekspanderande effekt, med unnatak for ammunisjon som vert bruka til sportsskyting,

  • 3. andre ammunisjonstypar enn dei som er nemnde i nr. 1 og 2, når ammunisjonen enten saknar ein lovleg bruk eller gjev skytevåpen særskilt farlege eigenskapar.

§ 8 Våpen som ikkje er skytevåpen

Utanom dei tilfella som er nemnde i § 10, er det ikkje tillate å erverve, ha, importere, tilverke eller omsette nærare bestemte våpen som ikkje vert rekna for skytevåpen, som har eit stort skadepotensial eller som saknar ein lovleg bruk.

§ 9 Ombygging av skytevåpen

Den som har løyvepliktige skytevåpen, kan ikkje gjere vesentlege endringar i skytevåpenet utan etter løyve frå politiet.

§ 10 Fritak i særskilde tilfelle

Politiet kan gje løyve til å erverve, ha, importere, tilverke eller omsette gjenstandar som er nemnde i eller i medhald av § 5 andre og tredje ledd, § 6 andre og tredje ledd, § 7 tredje ledd eller § 8 når det ligg føre eit særskilt behov, og når omsynet til samfunnstryggleiken ikkje talar imot det.

Kapittel 4 Grunnlag for å kunne erverve og å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
§ 11 Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til jakt

Personar som er innførte i Jegerregisteret, kan få løyve til å erverve og ha inntil åtte komplette skytevåpen som er løyvepliktige etter § 5, samt løyvepliktige våpendelar og ammunisjon etter §§ 6 og 7 til jakt. Personar som kan dokumentere eit særskilt behov, kan likevel få løyve til å erverve og ha meir enn åtte skytevåpen.

Politiet kan gje løyve etter første ledd til å erverve og ha rifler og hagler med enkeltskot eller manuell omlading og halvautomatiske hagler som er tillatne i eller i medhald av § 5 andre og tredje ledd. Politiet kan også gje løyve etter første ledd til erverv av halvautomatiske rifler som oppfyller krava til konstruksjon og utforming som er fastsette i medhald av fjerde ledd. Dei skytevåpna som er nemnde i første og andre punktum, må i tillegg oppfylle krava til jaktvåpen som er gjevne i eller i medhald av viltloven § 20.

Politiet kan i særskilde tilfelle gje fritak frå kravet om innføring i Jegerregisteret og kravet til våpentype etter andre ledd tredje punktum.

Kongen gjev forskrift om godkjenning av halvautomatiske rifler til jakt.

§ 12 Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til sportsskyting

Personar som er medlemmer i godkjent skyttarorganisasjon, og som oppfyller krava til aktivitet og opplæring som er gjevne i medhald av fjerde ledd nr. 1, kan få løyve til å erverve og ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 og 7 til sportsskyting. Løyvet gjeld berre for skytevåpen og våpendelar som kan brukast i skyttarorganisasjonen sine godkjente skyteprogram, og i det talet som vert fastsett i medhald av fjerde ledd nr. 2.

Politiet kan gje løyve etter første ledd til å erverve og ha rifler eller hagler med enkeltskot eller manuell omlading, halvautomatiske hagler, pistolar og revolverar som er tillatne i eller i medhald av § 5 andre og tredje ledd. Politiet kan også gje løyve til erverv av halvautomatiske rifler som oppfyller krava til konstruksjon og utforming som er fastsette i medhald av fjerde ledd nr. 4.

Eit løyve etter andre ledd kan på vilkår som er fastsette i medhald av fjerde ledd nr. 1, også omfatte halvautomatiske rifler som nemnt i § 5 andre ledd nr. 3 og nærare bestemte våpendelar som er forbodne i medhald av § 6 tredje ledd.

Kongen gjev forskrift om:

  • 1. krav til aktivitet og opplæring for erverv av løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 og 7, medrekna særskilde krav for erverv av skytevåpen og våpendelar etter tredje ledd,

  • 2. talet på løyvepliktige skytevåpen som kan ervervast til sportsskyting,

  • 3. kva våpendelar som kan ervervast i medhald av tredje ledd,

  • 4. godkjenning av halvautomatiske rifler til sportsskyting, medrekna godkjenning av halvautomatiske rifler som nemnt i § 5 andre ledd nr. 3.

§ 13 Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til samling

Personar som er medlemmer i godkjent våpensamlarorganisasjon, og som oppfyller krava til våpendugleik som er fastsette i medhald av femte ledd nr. 2, kan få løyve til å erverve og ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 og 7 til samling. Eit løyve som nemnt i første punktum skal vere sakleg avgrensa til eitt eller fleire våpenhistorisk grunngjevne samleområde.

Politiet kan likevel berre gje løyve til å erverve og ha skytevåpen som er nemnde § 5 andre ledd, eller som er forbodne i medhald av § 5 tredje ledd, og våpendelar som er forbodne i medhald av § 6 tredje ledd, når skytevåpenet eller våpendelen enten er særskild sjeldan, eller når gjenstanden dokumenterer forhold av særskild historisk betyding.

Politiet kan i samsvar med forskrift fastsett i medhald av femte ledd nr. 4 gje løyve til å erverve og ha ammunisjon som nemnt i § 7 tredje ledd eller i medhald av § 41 nr. 6.

Den som har erverva løyvepliktige gjenstandar som nemnde i §§ 5, 6 eller 7 etter reglane i denne paragrafen, kan ikkje bruke gjenstandane til andre føremål enn samling.

Kongen gjev forskrift om:

  • 1. vilkår for å rekne samleområde som våpenhistorisk grunngjeve,

  • 2. krav til våpendugleik for erverv til samling,

  • 3. talet på løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar etter §§ 5 og 6 som kan ervervast til samling,

  • 4. erverv av løyvepliktig ammunisjon til samling, medrekna ammunisjon som nemnt i § 7 tredje ledd,

  • 5. test- og demonstrasjonsskyting med løyvepliktige skytevåpen som er erverva til samling.

§ 14 Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til andre føremål

Personar som kan dokumentere eit behov eller annan rimeleg grunn for å erverve og ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 og 7 til andre føremål enn dei som er nemnde i §§ 11 til 13, kan få løyve til å erverve og ha slike gjenstandar. Behov eller annan rimeleg grunn som nemnd i første punktum kan til dømes vere minneverde, museumsføremål eller næringsverksemd.

Kapittel 5 Kven som kan erverve og ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
§ 15 Krav til alder

Aldersgrensa for å kunne erverve og ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon er 18 år. For erverv av pistol og revolver som krev løyve etter § 5 første ledd, eller våpendelar til pistol eller revolver som er løyvepliktige i medhald av § 6 tredje ledd, er aldersgrensa likevel 21 år.

Politiet kan gje personar som har fylt 16 år, fritak frå alderskravet for hagler og rifler når verje samtykker til ervervet, og når skytevåpenet eller våpendelen kan oppbevarast av verje eller annan person som oppfyller vilkåra for erverv etter første ledd og § 16. Politiet kan likevel ikkje gje personar under 18 år løyve til å kjøpe skytevåpen.

Politiet kan gje personar over 18 år fritak frå alderskravet for erverv av pistol, revolver og våpendelar til slike våpen. Eit vedtak om fritak etter første punktum skal gjerast tidsavgrensa for inntil eitt år.

§ 16 Krav til vandel og personlege eigenskapar

Politiet kan berre gje løyve til å erverve og ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 til personar som oppfyller krav til vandel og edruskap, og som ikkje av andre grunnar er uskikka. Med uskikka etter første punktum meiner ein helsemessige forhold, tilknyting til kriminelle miljø eller andre forhold som påverkar evna til å bruke, eller tilliten til at vedkomande vil bruke gjenstanden i samsvar med vilkår eller føresetnader for løyvet.

Politiet kan i samsvar med forskrift fastsett i medhald av tredje ledd bestemme at personar som ikkje kan dokumentere kravet til vandel etter første ledd, må oppfylle krav til butid før det kan gjevast løyve til å erverve og ha løyvepliktige gjenstandar etter §§ 5, 6 eller 7.

Kongen gjev forskrift om kravet til vandel etter første ledd og kravet til butid etter politiregisterloven § 36 andre ledd.

§ 17 Krav til juridiske personar

Politiet kan berre gje løyve til å erverve og ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 til juridiske personar som oppfyller krav til vandel. Dei fysiske personane i organisasjonen som er ansvarlege for å levere ut, bruke og oppbevare gjenstandane på vegne av organisasjonen, må i tillegg oppfylle vilkåra for erverv etter §§ 15 og 16.

Kapittel 6 Utlån, oppbevaring, transport og inn- og utføring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
§ 18 Lån eller overlating av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Den som har løyve til å ha løyvepliktige skytevåpen og våpendelar etter §§ 5 eller 6, kan låne tilsvarande gjenstand. Utlånar må tryggje at låntakar har løyve før han låner han ut, og skal gje ei skriftleg fråsegn om utlånet.

Den som ikkje har løyve, må ha løyve frå politiet for å kunne låne løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar. Kapittel 4 og 5 i denne lova gjeld tilsvarande for løyve til lån av skytevåpen eller våpendelar.

Den som har skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er fritekne frå løyveplikt etter §§ 5, 6 eller 7, kan ikkje låne ut eller overlate gjenstanden til personar under 18 år, med mindre vedkomande har særskilt løyve etter § 15 andre ledd. Dette gjeld også for gjenstandar som er underlagde særskild aldersgrense i medhald av § 41 nr. 14.

Første, andre og tredje ledd gjeld ikkje for kortvarig overlating av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon under forsvarleg tilsyn av eigar eller løyvehavar eller av nokon som handlar på vegne av eigar eller løyvehavar. Skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon kan likevel ikkje overlatast til personar som enten har fått tilbakekalla løyvet etter § 31 første ledd første punktum, som er gjeve forbod mot å erverve eller ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter § 31 andre ledd, eller når det elles er grunn til å tru at vedkomande ikkje oppfyller vilkåra etter § 16.

§ 19 Krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Den som oppbevarer skytevåpen, skal syte for at det er tømt for ammunisjon.

Den som har løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7, skal oppbevare desse i sin faste bustad. Politiet kan likevel for ein periode på inntil eitt år av gangen gjere unnatak frå dette kravet om ikkje tryggleiksmessige forhold talar imot det.

Løyvepliktige skytevåpen, eller nærare bestemte delar til skytevåpenet, skal oppbevarast nedlåste i godkjent tryggingsskap eller i godkjent våpenrom. Ammunisjon skal oppbevarast nedlåst.

Kongen gjev forskrift om:

  • 1. kva våpendelar som kan oppbevarast nedlåste i staden for komplette skytevåpen,

  • 2. krav til oppbevaring av ammunisjon,

  • 3. krav til godkjenning av tryggingsskap eller våpenrom,

  • 4. særskilde krav til oppbevaring for personar som har løyve til å ha eit nærare fastsett tal løyvepliktige skytevåpen,

  • 5. særskilde krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon for personar som driv næringsverksemd etter § 23,

  • 6. særskilde krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon for andre juridiske personar enn næringsdrivande etter § 23.

§ 20 Krav til mellombels oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Den som har, brukar, mellombels oppbevarer eller transporterer løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7, skal ha med dokumentasjon på lovleg tilkomst til gjenstandane og skal syne fram dokumentasjonen på førespurnad frå politiet.

Den som mellombels oppbevarer eller transporterer skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som nemnd i første ledd, skal syte for at gjenstandane er forsvarleg tryggja mot at uvedkomande får tak i dei. Under transport eller mellombels oppbevaring skal gjenstandane vere pakka slik at dei ikkje er synlege eller lett tilgjengelege. Skytevåpen og ammunisjon, som nemnd i første ledd, skal vere åtskilde under transport og mellombels oppbevaring, med mindre skytevåpen og ammunisjon vert oppbevarte i tryggingsskap eller våpenrom etter § 19.

§ 21 Innførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Den som skal innføre løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 inn i eller gjennom norsk tollområde, må ha løyve frå politiet. Første punktum gjeld også for gjenstandar som er deaktiverte i samsvar med reglane etter § 27. Politiet kan gje løyve etter første punktum når søkar kan dokumentere at innførselen oppfyller dei vilkåra som er fastsette i medhald av andre ledd.

Kongen gjev forskrift om:

  • 1. vilkår for innførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i medhald av løyve etter § 23,

  • 2. vilkår for innførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til eige bruk,

  • 3. mellombels innførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.

§ 22 Utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Den som i medhald av løyve etter § 23 skal føre løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 ut av norsk tollområde, må ha løyve frå Utanriksdepartementet. Første punktum gjeld også for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er deaktiverte i samsvar med reglane etter § 27. Utanriksdepartementet kan gje løyve etter første punktum når søkar kan dokumentere at utførselen oppfyller dei vilkåra som er fastsette i lov eller forskrift gjeven i medhald av lov.

Den som skal utføre løyvepliktige gjenstandar etter §§ 5, 6 eller 7 i eigenskap av privatperson, må ha løyve frå politiet. Første punktum gjeld også for gjenstandar som er deaktiverte i samsvar med reglane etter § 27. Politiet kan gje løyve etter første punktum til personar som kan dokumentere at utførselen oppfyller dei vilkåra som er fastsette i medhald av tredje ledd.

Kongen gjev forskrift om vilkår for utførsel etter andre ledd og mellombels utførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.

Kapittel 7 Næringsverksemd, tilverking, merking, deaktivering samt godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar og skytebaner
§ 23 Næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Den som skal drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, må ha løyve frå politiet. Med næringsverksemd etter første punktum meiner ein mellom anna handel, tilverking for sal, reparasjon eller ombygging, utleige eller mekling.

Det kan berre gjevast løyve etter første ledd til personar som oppfyller krava til personlege eigenskapar etter § 16 og krava til alder og fagkunnskap som vert gjevne i medhald av fjerde ledd.

Gjeld søknaden om løyve etter første ledd ein juridisk person, må føretaket oppfylle krava til vandel etter § 17. Dagleg leiar i organisasjonen, og andre som er ansvarlege for den daglege drifta, må i tillegg oppfylle krava til personlege eigenskapar etter § 16 og krava til alder og fagkunnskap som vert gjevne i medhald av fjerde ledd.

Kongen gjev forskrift om:

  • 1. krav til alder og fagkunnskap for å kunne få løyve etter første ledd,

  • 2. krav til opningstid, næringslokale, innreiing, utstyr, dokumentasjon, registrering og rapportering av drift i medhald av løyve etter første ledd.

§ 24 Overføring av løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til døds- eller konkursbu

Om den som har løyve til å drive næringsverksemd etter § 23, døyr eller går konkurs, kan dødsbuet, rettsetterfølgjarane eller konkursbuet drive verksemda i medhald av løyvet for inntil eitt år.

Den som vil drive i medhald av første ledd, må sende melding om framhalden drift og namn på dagleg leiar og andre som er ansvarlege for den daglege drifta, til den mynda som gav løyvet.

Drift i medhald av første ledd kan berre skje når dagleg leiar og andre som er ansvarlege for den daglege drifta, oppfyller vilkåra etter § 23 andre ledd.

§ 25 Tilverking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til eige bruk

Den som vil tilverke skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, til eige bruk, må ha løyve frå politiet.

Politiet kan gje løyve etter første ledd til personar som oppfyller vilkåra for erverv etter kapittel 4 og 5.

Personar som har løyve til å ha og bruke skytevåpen kan til eige bruk likevel tilverke ammunisjon for desse skytevåpna utan særskilt løyve frå politiet.

§ 26 Merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Den som tilverkar, varig innfører eller omsetter skytevåpen eller våpendelar som er løyve- eller registreringspliktige etter §§ 5 eller 6, skal tryggje at gjenstandane har eit unikt merke.

Den som tilverkar, varig innførar eller omset ammunisjon som er løyvepliktig etter § 7, skal tryggje at ammunisjonen oppfyller krava til merking som er fastsette i medhald av lova her. Første punktum gjeld ikkje for tilverking av ammunisjon til eige bruk.

Kongen gjev reglar om unnatak frå merking av skytevåpen etter første ledd for å unngå at merking vil øydelegge det kulturelle eller historiske verdet til skytevåpenet.

§ 27 Deaktivering og destruksjon av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Den som har løyve til å drive ombygging, reparasjon eller tilverking av skytevåpen, kan også deaktivere skytevåpen. Deaktivering av skytevåpen skal skje i samsvar med reglar fastsette i forskrift i medhald av denne lova.

Skytevåpen, våpendelar og ammunisjon kan destruerast ved å overlate gjenstandane til politiet.

§ 28 Godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar og tekniske program

Skyttar- eller våpensamlarorganisasjonar må vere godkjente av politiet for at dokumentert medlemsskap skal kunne gje grunnlag for løyve til erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter § 12.

Politiet kan godkjenne skyttar- og våpensamlarorganisasjonar når dei:

  • 1. har eit føremål som har sakleg samanheng med skyteaktiviteten,

  • 2. organiserer faste skyte- eller samlaraktivitetar, og

  • 3. har ein fast organisasjonsstruktur, medrekna eit sentralt medlemsregister.

Politiet kan etter søknad frå godkjente skyttarorganisasjonar godkjenne skyttarforbunda sine tekniske program i samsvar med krava som er fastsette i medhald av denne lova.

§ 29 Godkjenning av skytebaner

Organisert skyting kan berre skje på skytebane eller anna område som er godkjent av politiet.

Kongen gjev forskrift om krav til tryggleik og miljø for skytebaner og skytefelt.

Kapittel 8 Kontroll med tildelte løyve
§ 30 Politiet sin kontroll

Politiet skal føre kontroll med at dei som har løyve etter denne lova, framleis oppfyller krava til personlege eigenskapar som er gjevne i eller i medhald av §§ 16 eller 17.

Politiet kan føre kontroll med om andre vilkår eller føresetnader for løyve etter denne lova er oppfylte. Politiet kan som ein del av denne kontrollen krevje å få overlevert kopi av medlemslister frå godkjente skyttar- og våpensamlarorganisasjonar.

Politiet skal ta hand om skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, når vedkomande ikkje kan dokumentere lovleg tilkomst og når det ikkje ut frå omstenda synest klart at vedkomande likevel har løyve til å ha gjenstanden.

Politiet kan ta hand om våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje er løyvepliktige når den som har, oppbevarer eller transporterer gjenstanden, ikkje oppfyller kravet til alder etter § 15 og ikkje er under forsvarleg tilsyn av myndig person. Gjenstandar som vert tekne hand om etter første punktum skal på førespurnad overlatast til eigar eller verje når eigaren er under 18 år. Politiet kan destruere gjenstandar som ikkje er kravd utleverte innan 12 månader.

For å gjennomføre kontroll med om krava for oppbevaring etter § 19 andre ledd er oppfylte, kan politiet krevje tilgang til innehavar sin private bustad i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i medhald av § 41 nr. 28.

§ 31 Tilbakekall av løyve til å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Politiet skal tilbakekalle løyve til å ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 og 7 når vedkomande ikkje lenger oppfyller vilkåra i eller i medhald av §§ 16 eller 17. Politiet kan også tilbakekalle løyve til å ha gjenstandar som er nemnde i første punktum, når vedkomande ikkje lenger har behov for eller annan rimeleg grunn til å ha den løyvepliktige gjenstanden.

På dei vilkåra som følgjer av første ledd første punktum, kan politiet gjere vedtak om at vedkomande ikkje kan erverve eller ha skytevåpen som er unnateke frå løyveplikt etter § 5 tredje ledd, samt våpendelar og ammunisjon til slike skytevåpen.

Når politiet har gjort vedtak etter første eller andre ledd, skal den vedtaket gjeld overlate gjenstandane til politiet i samsvar med pålegg frå politiet. Politiet kan også gje pålegg om at personar som har fått førehandsvarsel om tilbakekall av våpenløyve, mellombels skal overlate skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til politiet.

Når politiet har ein grunna mistanke om brot på vilkåra i eller i medhald av § 16, og det er grunn til å tru at våpenet kan misbrukast, kan politiet gje pålegg om at vedkomande skal overlate skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til politiet i inntil to veker før førehandsvarsel er sendt.

Den som har fått inndrege løyvet etter første eller andre ledd skal avhende gjenstandane innan 12 månader frå det tidspunktet løyvet vart inndrege. Politiet kan destruere gjenstandar som ikkje er avhenda innan dette tidspunktet utan nokon skyldnader til eigar. Politiet skal overlate gjenstandar som tilhøyrer andre enn den som har fått inndrege løyvet, til eigar.

§ 32 Tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Politiet skal tilbakekalle løyve til å drive næringsverksemd etter § 23 første ledd når den som har løyvet, eller den ansvarlege for drifta ikkje lenger oppfyller vilkåra fastsette i eller i medhald av § 23 andre og tredje ledd. Politiet kan også tilbakekalle løyve til å drive næringsverksemd etter § 23 første ledd når den som har løyvet, ikkje oppfyller andre krav for løyvet som er fastsette i lova her eller i forskrift gjeven i medhald av denne lova.

Reglane i § 31 andre til femte ledd gjeld tilsvarande for tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd.

§ 33 Tilbakekall av godkjenning som skyttar- eller våpensamlarorganisasjon

Politiet kan tilbakekalle godkjenning som skyttar- eller våpensamlarorganisasjon når organisasjonen ikkje lenger oppfyller dei vilkåra og krava som er fastsette i medhald av denne lova.

§ 34 Konkursbu

Om bustyrar finn skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som er løyve- eller registreringspliktige etter §§ 5, 6 eller 7, skal han varsle politiet utan ugrunna opphald. Bustyrar kan etter samtykke frå politiet mellombels oppbevare gjenstandar som er nemnde i første punktum, inntil buet er ferdig handsama.

Reglane om oppbevaring i eller i medhald av § 19 gjeld tilsvarande for oppbevaring i samband med skifte av konkursbu.

§ 35 Dødsbu

Om ein person som har skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som er løyve- eller registreringspliktige etter §§ 5, 6 eller 7, døyr, kan arvingane etter politiet sitt samtykke mellombels oppbevare gjenstandane til skiftet er gjennomført. Reglane om oppbevaring gjevne i eller i medhald av § 19 gjeld tilsvarande for oppbevaring i samband med skifte av dødsbu.

Kapittel 9 Forvalting, gebyr og straff
§ 36 Våpenregister

Politiet skal føre eit sentralt våpenregister over skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, og over personar som har løyve eller godkjenningar etter denne lova. Registeret skal også innehalde opplysningar om skytevåpen og våpendelar som er registreringspliktige etter § 5 tredje ledd eller § 6 tredje ledd, og om personar som ervervar eller har slike gjenstandar.

Føremålet med registeret er å handsame opplysingar for å gjennomføre kontroll med at reglane i våpenlov og forskrift vert følgde samt å trygge ei forsvarleg våpenforvalting.

Kongen gjev forskrift om:

  • 1. kven som er handsamingsansvarleg,

  • 2. kva for opplysingskategoriar som kan registrerast,

  • 3. kven som har tilgang til opplysingane,

  • 4. innsyn, retting, sperring og sletting av opplysingar,

  • 5. informasjonstryggleik og internkontroll,

  • 6. utlevering av opplysingar,

  • 7. klagehandsaming.

Alle opplysingar frå sentralt våpenregister kan unnatakast frå offentlegheit når det er grunn til å tru at opplysingane vil kunne brukast til strafflagde handlingar.

§ 37 Gebyr og utgifter

Politiet kan krevje gebyr for å dekke våpenforvaltinga sine utgifter til å utferde løyve eller godkjenningar som er gjevne i eller i medhald av denne lova. Gebyret kan også omfatte naudsynte utgifter til sakkunnig bistand når sakshandsaminga krev særskild fagdugleik.

§ 38 Forholdet til forvaltningsloven

Forvaltningsloven gjeld for saker etter denne lova. Politiet kan likevel krevje at personar stiller til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 16 er oppfylte.

§ 39 Straff

Forsettleg eller aktlaust brot på føresegner som er fastsette i eller i medhald av §§ 5, 6, 7, 8, 9, 18, 19, 20, 21, 22, 25, 26, 27, 28, 29, 34 eller 35, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil tre månader om forholdet ikkje kjem inn under strengare straffebod.

§ 40 Tidsavgrensa våpenamnesti

Kongen kan bestemme at det ikkje skal gjevast påtale for brot på kravet til løyve- eller registreringsplikt etter §§ 5, 6 eller 7 for personar som innan eit tidsrom som Kongen bestemmer, melder frå til politiet om at vedkomande har slike gjenstandar.

§ 41 Forskrifter

Kongen kan gje forskrift om mellom anna:

  • 1. definisjon av våpen og gjenstandar som er nemnde i denne lova,

  • 2. lova sitt saklege verkeområde, medrekna reglar om når lova skal gjelde for ammunisjon som høyrer inn under Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap,

  • 3. unnatak frå våpenlova for skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som skal brukast på boreplattformer, norske skip med vidare, jf. § 4,

  • 4. krav til kontroll av ervervar sin identitet og våpenløyve ved distansehandel med skytevåpen, våpendeler og ammunisjon, jf. §§ 5, 6 og 7,

  • 5. sakshandsamingsreglar for søknad om løyve etter §§ 5, 6 og 7, medrekna utferding av våpenkort og EU sitt våpenpass, kor lenge eit løyve til erverv etter §§ 5 og 6 gjeld, samt unnatak frå løyveplikt etter § 7 første ledd,

  • 6. kva ammunisjon som ikkje er tillaten etter § 7 tredje ledd nr. 3,

  • 7. kor lenge eit løyve for erverv av ammunisjon kan gjelde, jf. § 7 første ledd andre punktum,

  • 8. kva våpen som ikkje er tillatne etter § 8,

  • 9. kva endringar som er nemnde i § 9 som krev løyve frå politiet,

  • 10. vilkår for fritak etter § 10,

  • 11. kva som vert rekna for særskilt behov for erverv av meir enn åtte løyvepliktige skytevåpen til jakt, jf. § 11 første ledd, samt vilkår for fritak etter § 11 tredje ledd,

  • 12. vilkår for godkjenning av samleområde, jf. § 13 første ledd, samt vilkår for erverv av skytevåpen eller våpendelar etter § 13 andre ledd, medrekna krav til historisk eller våpenteknisk grunnlag,

  • 13. ervervsgrunnlag etter § 14 samt krav til opplæring, kva våpentypar som kan ervervast, og det tal løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar etter §§ 5 og 6 som kan ervervast etter § 14,

  • 14. vilkår for fritak frå alderskravet i § 15 andre og tredje ledd og om aldersgrense for å kunne erverve og ha nærare bestemte våpen som ikkje vert rekna for skytevåpen etter § 2,

  • 15. kravet til at søkar må vere skikka etter § 16,

  • 16. erverv av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til juridiske personar, medrekna krav til våpendugleik, jf. § 17,

  • 17. kravet til vandel for juridiske personar, jf. § 17,

  • 18. krav til overlating av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 18 fjerde ledd,

  • 19. krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, jf. § 19,

  • 20. krav til mellombels oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 20,

  • 21. krav til merking og registrering ved mellombels innførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 21,

  • 22. løyveplikt for inn- eller utførsel av våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje er løyve- eller registreringspliktige etter §§ 5, 6 eller 7, jf. §§ 21 og 22,

  • 23. sakshandsamingsreglar for søknad om løyve til inn- eller utførsel av våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 21 og 22,

  • 24. gjennomføring av § 23, medrekna kravet til løyve for næringsverksemd med gjenstandar som ikkje er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, fritak frå kravet til løyve for godkjente skyttarorganisasjonar sitt sal av ammunisjon, reglar for bytte av dagleg leiar, reglar for overlating av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon mellom personar som har løyve etter § 23, og sakshandsamingsreglar for søknad om løyve,

  • 25. merking etter § 26,

  • 26. tekniske krav for deaktivering samt reglar for kontroll med og dokumentasjon for at skytevåpen er deaktiverte på lovleg måte, jf. § 27,

  • 27. krav for godkjenning av skyttar- eller våpensamlarforeiningar samt vilkår for godkjenning av tekniske reglement og skyteprogram, jf. § 28,

  • 28. politiet sin kontroll med tildelte løyve samt vilkår for å krevje tilkomst til privat bustad, jf. § 30,

  • 29. vilkår for tilbakekall av løyve etter §§ 31 til 33 og pålegg om overlating av skytevåpen etter §§ 31 og 32,

  • 30. fastsetting av gebyr, jf. § 37,

  • 31. forholdet til forvaltningsloven, medrekna sakshandsamingsreglar og reglar knytte til intervju, jf. § 38,

  • 32. våpenamnesti, jf. § 40,

  • 33. overgangsreglar etter § 43, medrekna krav ved avhending av skytevåpen som er lovleg deaktiverte før ikraftsetjing av lova her, og reglar for gjennomføring av forboda mot skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som vert forbodne i medhald av § 5 andre ledd nr. 5, § 6 tredje ledd og § 41 nr. 6.

§ 42 Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Kongen kan setje i kraft dei ulike reglane til ulik tid. Frå same tid vert lov 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon mv. oppheva.

§ 43 Overgangsreglar

Forbodet mot halvautomatiske rifler etter § 5 andre ledd nr. 3 trer i kraft tre år etter ikraftsetjinga av denne lova.

Kongen kan gje nærare overgangsreglar.

Olemic Thommessen

president