Vedtak til lov om endringar i lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringer i eigedomsskattelova

I Stortingets møte 11. juni 2018 ble det gjort følgende

vedtak til lov

om endringar i lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringer i eigedomsskattelova

I

I lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endringar:

I Overgangsregel til § 3 og § 4 første ledd første punktum skal lyde:

Kommunar som i skatteåret 2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk kan frå og med skatteåret 2019 til og med skatteåret 2024 i staden for eller i tillegg til utskriving etter § 3 skrive ut eigedomsskatt på eit særskilt fastsett grunnlag.

I Overgangsregel til § 3 og § 4 nytt andre ledd skal lyde:

Kommunar som ikkje skriv ut eigedomsskatt på næringseigedom etter § 3, men som i skatteåret 2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk, kan i perioden nemnd i første ledd første punktum skrive ut eigedomsskatt på bygningar og grunnareal så langt desse var omfatta av eigedomsskattegrunnlaget for verk og bruk i skatteåret 2018.

II

Endringane under I tek til å gjelde straks med verknad frå og med skatteåret 2019.

Tone Wilhelmsen Trøen

president