Teknisk omlegging av nett-tv og videoarkivet

På grunn av en teknisk omlegging vil Stortingets nett-tv og videoarkivløsning være utilgjengelig fra kl. 14.30 til ca. kl. 17.00 torsdag 15. april. For noen brukere vil løsningen være utilgjengelig enda lenger. Vi beklager de ulemper dette kan medføre.

Vedtak til lov om språk (språklova)

Dette dokument

I Stortingets møte 25. mars 2021 ble det gjort følgende

vedtak til lov

om språk (språklova)

§ 1 Føremål

Føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for.

Føremålet med lova er også å sikre at

  • a) offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk

  • b) offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje samiske språk, jf. reglane i sameloven kapittel 3

  • c) offentlege organ tek ansvar for å verne og fremje kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

Ansvaret etter andre ledd bokstav a omfattar eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.

§ 2 Definisjonar

I denne lova tyder

  • a) dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande

  • b) allment tilgjengelege dokument: dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova her, og som ikkje er stila til enkeltadressatar

  • c) statsorgan: alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt der staten har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum

  • d) offentleg organ: statsorgan etter bokstav c, alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum

  • e) sentrale statsorgan: statsorgan med heile landet som tenestekrins

  • f) regionale statsorgan: statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.

§ 3 Verkeområde

Når det ikkje er fastsett noko anna, gjeld lova for

  • a) staten, fylkeskommunane og kommunane

  • b) andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift

  • c) sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet

  • d) sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet.

Første punktum bokstav c og d omfattar ikkje rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  • a) kommunane

  • b) sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  • c) interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  • d) Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodsmannen og andre organ for Stortinget.

Lova gjeld ikkje for intern sakshandsaming.

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld berre for den administrative delen av verksemda ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular, vidaregåande skular, domstolane, forliksråda og påtalemakta.

Departementet kan gje forskrift om at §§ 12 til 18 heilt eller delvis heller ikkje skal gjelde for organ og sjølvstendige rettssubjekt som lova elles gjeld for, og om val av skriftspråk i samband med eksamen ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular.

§ 4 Norsk språk

Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg.

Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. I offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk.

§ 5 Samiske språk

Samiske språk er urfolksspråk i Noreg.

Samiske språk og norsk er likeverdige språk. Dei er jamstilte språk etter sameloven kapittel 3.

§ 6 Nasjonale minoritetsspråk

Kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk i Noreg.

Som språklege og kulturelle uttrykk er kvensk, romani og romanes likeverdige med norsk.

§ 7 Norsk teiknspråk

Norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg.

Som språkleg og kulturelt uttrykk er norsk teiknspråk likeverdig med norsk.

§ 8 Skandinaviske språk

Alle har rett til å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ. Offentlege organ kan svare på norsk.

§ 9 Klart språk

Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.

§ 10 Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk

Offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk.

Statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell rettskriving.

§ 11 Kommunale og fylkeskommunale språkvedtak

Ein kommune eller ein fylkeskommune kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak.

Kommunar og fylkeskommunar skal melde frå til Språkrådet om språkvedtak etter første ledd.

§ 12 Fleirtalsspråk

Fleirtalsspråket i ein tenestekrins er det norske skriftspråket, anten bokmål eller nynorsk, som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer språkvedtak om etter § 11. Eit regionalt statsorgan skal bruke fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Dersom det ikkje er noko fleirtalsspråk i ein tenestekrins, skal eit regionalt statsorgan reknast som språkleg nøytralt.

§ 13 Veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument

Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Regionale statsorgan som har anten bokmål eller nynorsk som fleirtalsspråk i tenestekrinsen, skal bruke fleirtalsspråket i allment tilgjengelege dokument.

Eit språkleg nøytralt regionalt statsorgan som i tenestekrinsen har kommunar med språkvedtak om bokmål eller nynorsk etter § 11, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument. Dersom minst ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins har gjort vedtak om å krevje same skriftspråk, skal eit språkleg nøytralt regionalt statsorgan veksle mellom skriftspråka slik at det over tid blir minst 25 prosent av dette skriftspråket i allment tilgjengelege dokument. Dersom minst éin kommune, men mindre enn ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins har gjort vedtak om å krevje nynorsk, skal det regionale statsorganet veksle mellom skriftspråka slik at det over tid blir minst 10 prosent nynorsk i allment tilgjengelege dokument.

Dersom kommunar i eit geografisk avgrensa område har eit fleirtalsspråk, skal statsorgan bruke dette språket i dokument som er retta mot desse kommunane. Det same gjeld når dokument har særleg tilknyting til eit slikt geografisk avgrensa område. Dersom eit dokument har særleg tilknyting til berre éin kommune, skal statsorgan følgje det språkvedtaket denne kommunen har gjort.

Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument.

§ 14 Parallell bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan

Statsorgan skal gjere skjema og andre sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig.

Dersom eit privat rettssubjekt krev at løyve og faste formular som direkte gjeld rettssubjektet, skal vere på anten bokmål eller nynorsk, skal statsorgan oppfylle kravet.

Statsorgan skal gje ut dokument som er meinte til bruk i skulen, på både bokmål og nynorsk samtidig.

§ 15 Bruk av bokmål og nynorsk til private rettssubjekt og enkeltkommunar

I dokument som er retta mot eit privat rettssubjekt, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det norske skriftspråket som det private rettssubjektet sjølv har bruka i kommunikasjonen med organet, eller som det private rettssubjektet på annan måte har meldt frå at det ønskjer.

I dokument som er retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak etter § 11, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det vedtekne skriftspråket.

§ 16 Krav til skrivekompetanse

Statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her.

Statsorgan og fylkeskommunar skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.

§ 17 Klagerett

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

§ 18 Påpeiking av feil bruk av skriftspråk hos statsorgan

Språkorganisasjonar kan påpeike overfor eit statsorgan at dei meiner organet bryt føresegnene nemnt i §§ 14 og 15, jamvel om saka ikkje vedkjem organisasjonane sjølve.

§ 19 Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk.

Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort vedtak om namn på statsorgan.

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

Språkrådet skal rettleie offentlege organ om reglane i denne lova.

§ 20 Opplysningsplikt overfor Språkrådet

Statsorgan skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

§ 21 Iverksetjing og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Frå same tidspunkt blir lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste oppheva.

Forskrifter som er gjevne i medhald av lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste, held fram å gjelde så langt dei ikkje er i strid med i lova her.

§ 22 Endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, skal desse endringane gjerast i andre lover:

1. I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal desse endringane gjerast:

§ 2-5 overskrifta skal lyde:

Bokmål og nynorsk i grunnskolen

§ 2-5 første ledd skal lyde:

Kommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som skriftleg hovudmål.

§ 2-5 tredje ledd første punktum skal lyde:

Foreldra vel skriftspråket i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet.

§ 2-5 sjette ledd første punktum skal lyde:

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i både bokmål og nynorsk.

§ 9-4 andre ledd andre punktum blir oppheva. Noverande andre ledd tredje punktum blir andre punktum.

§ 9-4 tredje ledd skal lyde:

Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka.

§ 15-6 andre ledd skal lyde:

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å velje privat skole, jf. § 2-1, samtykke til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 2-1, velje skriftspråk, jf. § 2-5, krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 2-3a, og krevje opplæring i kvensk eller finsk og i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2.

2. I lov 14. desember 2007 nr. 116 om studentsamskipnader skal § 11 første ledd lyde:

Forvaltningsloven, lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv og språklova gjelder ikke for studentsamskipnadene.

3. I lov 16. juni 2017 nr. 50 om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda skal § 10 fjerde ledd lyde:

Vedtak og beslutning etter første, annet og tredje ledd kan fattes av nemndleder.

Tone Wilhelmsen Trøen

president